Tagget: tomat

Tomat-Og Chevre Terte

Tomat terte

Oppskrift funne i eit gammalt Elle blad.  For ei som e-l-s-k-e-r chevre ost og ikkje minst raud pesto,  måtte oppskrifta prøvast. Og det var godt!

4 pers

  • 300 gram butterdeig
  • 250 gram krydra Chevre, oppdelt i skiver
  • 1/2 glass raud pesto
  • 1 liten raudlauk, kutta i ringer
  • 400 gram tomater
  • Friske basilikumblad
  1. Forvarm omnen til 200 grader.
  2. Rull ut deigen
  3. Legg deigen i ei smurt form. Lag små hull i deigen med ein gaffel
  4. Smør pesto utover botnen, legg så ost oppå.
  5. Ha så lauk og tomater oppå.
  6. Steik i omnen i 25-30 min, eller til den er gylden.
  7. Pynt med basilkum og nyt!

Tomaterte1

God søndag!

Kjøtfri Mandag – Pasta med ovnsbakt tomat og kvitlauk

IMG_3739

Når ein finn så flotte tomater, bør ein gje dei hovedrolla! På Reindyrka fann eg desse små smaksbombene, og middagen var bestemt når eg drog kortet.

Sjøl om tomater blir best på lav varme i mange timer så var me for sultne. Mem bakte uskrelte kvitlauksfedd ilag med tomatane på 180 grader i 6o min. Når tomatane og kvitlauken er ferdige, klemmer du ut kvitlauksmosen og blanda ilag med tomatane. Server til nylaga pasta!

 

Heimelaga pasta (2 personar)

  • 200gr Sammalt Kveite
  • 2 Egg
  • 1/2 ts Salt

Bland alt ilag til deigen vert smidig, og sett den i kjøleskap i ein time. Så er det berre til å byrja å sveive.

IMG_3734

IMG_3735IMG_3736

 

IMG_3737

IMG_3738

Nydelig Kylling-og Tomatgryte

IMG_3600

Denne gryta er kjempegod, og ein poppis i kvardagen vår. Gryta blir like så god med mager creme fraiche, og visst ein har heimalaga kyllingkraft på lur bør ein absolutt bruka det. Uansett så blir den godSmilefjes Super enkel er den og!

(2 porsj)

  • 350-400 gr kylling
  • 1/2 lauk
  • 2 dl creme fraiche
  • 2 dl vatn
  • 1 ts buljong (kylling)
  • 1/2 chili
  • 1 ss soyasaus
  • 2 ts knust rosèpepper
  • 1/2 beger cherrytomat

Skjær kyllingen i strimlar og brun den i panna, krydre med salt og pepper. Tilset hakka lauk og chili.

Når lauken har begynt å få litt farge tilsett du creme fraiche, vatn,  soyasaus, buljong og rosèpepper og lar det koke i ca 10 min eller til sausen er tjukk nok.

Del tomatane i to og legg sei i gryta rett før servering.

Server med potet, ris eller pasta.

IMG_3597IMG_3602

IMG_3603

IMG_3606

Fredagskos-Pasta Pomodoro!

IMG_3628

 

Fredag betyr anten pizza, risotto eller pasta. Enkelt og greit.

Pasta Pomodoro er ein pastarett fra Italia som inneheldt pasta, olivenolje, ferske tomater,  basilikum og eventuelt andre ferske ingredienser. Pomodoro betyr Tomat på italiensk.  Her er vår versjon!

2 svært sultne personer(eller eventuelt 3 personer)

  • 400 gram spaghetti
  • 2 kvitlauksfedd
  • 1 boks plommetomater
  • 1 ss smør
  • 1 ts kvitvinseddik
  • salt og pepper
  • 1 boks cherrytomat
  • 1 boks plommetomater
  • 2-3 pakker mozzarella ost
  • 1 potte basilikum
  1. Pastaen lager me sjølv, og den lager me grov. Oppskrift her, men du erstatter kveitemjølet med sammalt kveite.
  2. Kok pastaen i salta vatn.
  3. Fres plomme- og cherrytomatene ilag med 1 fedd kvitlauk. Set til sides
  4. Finhakk eit kvitlauksfedd, og ha feddet ilag med ein boks plommetomater. La koka i ca 10 min. Smak til med salt og pepper, og litt eddik.
  5. Bland pasaten med tomatsausen.
  6. Strø over cherry-og plommetomatene, og ha revet mozzarella og fersk basilikum over.
  7. Ferdig!

IMG_3607IMG_3611

IMG_3618

IMG_3619

Og browniesen er på veg inn i ovnen….yum yum!

Husk å kjøpe Strilen avisa imorgon! Ein herlig krema italienar er mditpunktet, løp og kjøpSmilefjes

Pepperonipasta!

IMG_0471

4 personer

  • 3 ss olivenolje
  • 1 gul lauk, hakka
  • 1 raud paprika
  • 800 gram hermetisk tomat
  • 1 ss tomatpesto(sleng gjerne på litt meir. Eg eeeeeeelsker tomatpestoSmilefjes)
  • 1 ts paprikapulver
  • 225 gram pepperoni
  • 2 ss hakka persille
  • 500 gram pasta
  • salt og pepper
  • Basilikum, cherrytomat og parmesan til servering
  1. Varm  2 ss olivenolje i ei stor steikepanne. Tilset lauken og steik den over svak varme under regelmessig omrøring i ca 5 min, til den er mjuk.
  2. Tilset paprika, hermetiske tomater, pestoen og paprikapulveret og la da koka opp.
  3. Tilset pepperonien og persillen, og smak til med salt og pepper. Rør godt om, og kok opp. Demp varmen og la da småkoka i ca 15min.
  4. Bland pepperonisausen godt saman med nykokt pasta.
  5. Server med hakka basilikum, revet parmesan og cherrytomater.

IMG_0467

IMG_0469

Nokon som ventar utålmodig på matSmilefjes

Imorgon skal me forhåpentligvis laga den retten eg har gleda meg mest til, nemlig skalldyrpanne med scampi, grønnsaker og potet!

IMG_0472

Italiensk Salat!

IMG_0453

 

Til 4 personar treng du følgande:

  • 225gr tørka pasta
  • 50gr pinjekjerner
  • 350gr cherrytomater
  • 1 raud paprika delt i passe store bitar
  • 1 raudlauk finhakka
  • 200gr bøffelmozarella
  • 1 lite glass oliven
  • 25gr basilikum

Dressing:

  • 5 ss extra virgin olivenolje
  • 2 ss balsamicoeddik
  • 1 ss hakka frisk basilikum
  • salt / pepper

 

  1. Kok opp lettsalta vatn i ei gryte. Legg i pastaen, og kok den etter instruksjon på pakken (al dente). Skyll pastaen i kaldt vatn og la den renne av seg og avkjølast.
  2. Rist pinjekjerne i ei tørr panne over svak varme i 1-2 minutt, til dei er gyldne. Sett dei til avkjøling.
  3. Dressingen: Ha olje, eddik og basilikum i ein liten bolle. Krydre med salt og pepper, og rør godt. Dekk til med plastfolie til den skal brukast.
  4. Fordel pastaen på tallerkane, legg på tomat, paprika, løk, ost, pinjekjerner og oliven. Dryss over basilikum, og hell over dressingen.

 

IMG_0457 IMG_0456

IMG_0452