Tagget: Thaimat

Thaigryte med scampi og ørret!

IMG_0997

Yum yum!

Som vanlig når me lagar thaigryte er det dårlig med nøyaktig oppskrift. Men kanskje me kan inspirera?Spør visst da er noko de lura påSmilefjes

1:Me starta med å steika lauk og kvitlauk blank, før me tilset kokosmelka. Denne gryta var berekna på 3 voksne menn og meg, så eg brukte 3 bokser me kokosmelk.

2: Tilset kokosmelk, og karripaste(brukte 3 ss, smak deg fram). Kok opp.

3:Ha så i grønnsaker som ein syns er godt. Me brukte minimais, sopp, brokkoli, vårlauk,  mais på boks, squash og gulrot, alt kutta i bitar. Kok opp igjen.

4: Ha så i scampien og fisken, skru ned varmen og ha på lokk. La stå under lokk i 5-10min. Husk at da ikkje skal koka, berre trekka.

Og da har ein laga ein kjempeenkel middag som mettar mange! Server med ris og/eller nudler. Me serverte med ris, nudler og pitabrød…..faktiskSmilefjes

IMG_0981

Me har både gul, oransje, grøn og lilla karripaste i kjøleskapet. Lilla og raud er favoritten! Fåes kjøpt på Global Food v/bystasjonen visst ein bur i bergensområdet.

IMG_0982IMG_0986

IMG_0985IMG_0988

Kjempegodt og ikkje minst kjempesunt!

Ørreten kan du byta ut med anten laks eller torsk. Eller skippa sjømatenheilt,  og heller laga med anten kjøt eller kylling. Alt går!

IMG_0995

IMG_0999

Thaigryte med reker

IMG_0887

Er da noko eg aldri blir lei, så er da thaigryter! Steik litt grønnsaker, hell oppi kokosmelk, tilset litt currypaste og vips! Kjempesunn Middag!

Når eg lager slike gryter har eg  neeeeesten aldri oppskrift, men eg brukte desse ingrediensane denne gongen:

  • Sopp
  • Raudlauk
  • Purrelauk
  • Tomat
  • Reker
  • Kokosmelk
  • Currypaste

Framgangsmåten er heilt lik som i denne oppskrifta, bortsett frå at rekene og tomatane blir tilsatt heilt til slutt. Dei skal ikkje koka, berre varmast i gryta.

IMG_0882IMG_0880

IMG_0881IMG_0883

 

 

IMG_0888

Andre thaioppskrifter:

-Thailandsk kyllingryte

-Thailandsk fiskegryte

Og her finn du litt info om currypaste

DSC_0066

Thaigryte

Jepp, me er kjempedårlige til å oppdatera bloggen for tida. Men me har våre grunnar!

For eksempel så har me tilbrakt dei siste dagane her:

DSC_0005

Og me har tilbrakt ein god del timer slik:DSC_0130

Og ete masse god mat(som me slapp å laga sjølv).

Men her kjem oppskrifta som me lova å dela, nemlig Thai gryte på  Emelie&Morten måten!

DSC_0018

4 personer:

  • 200 gram biff
  • 200 gram kylling
  • 100 gram scampi
  • 2 bokser kokosmelk
  • 2-3 ss gul karripaste
  • 1 boks minimais
  • 1 Halv pose sopp
  • 150 gram potet
  • 1 liten gul lauk
  • 2 fedd kvitlauk
  1. Begynn med å hakka lauken og kvitlauken. Surr dei i ei panne til lauken er blank.
  2. Hell oppi 2 bokser med kokosmelk, og tilset ein grønnsaksbuljong og 2-3 ss paste.
  3. Tilset poteter som er hakka opp i bitar, og la da koka til potetene er møre.
  4. Ha oppi ferdig steikt sopp, biff, kylling og minimais.
  5. Ferdig!

DSC_0010

DSC_0013

DSC_0022

DSC_0026

Thailandsk Fiskegryte med risnudler

DSC_0018

  • 1 stor lauk
  • 2 kvitlauksfedd, finhakka
  • 75 gram sopp
  • 225 gram laks
  • 225 torsk
  • 225 gram scampi
  • 2 ss raud karripaste
  • 4dl kokosmelk
  • ei håndfull hakka koriander
  • 1 ts brunt sukker
  • 1 ss thailands fiskesaus
  • 125 gram risnudler
  • 3 vårlauk
  • Me har i tillegg brokkoli, mais og gulrot oppi

(Karripaste og fiskesaus får ein kjøpt på alle invandrerbutikker, og koster ein slikk og ingenting! Når ein har kjøpt basisvarene som karripaste, fiskesaus, kokosmelk, soyasaus og ingefær kan ein laga eit hav av thailandske rettar, så i lengden blir da billig luksus mat!

Forrige gang me hadde Thaikveld i heimen, laga me 4 forskjellige thailandske rettar, og me brukte vel ca 250kr på innvandrer butikken, og kom ut med 2 fulle poser.Da er ein evighet sia og me har mykje igjen!

Når da gjeldt nudler så smaker eggnudler mykje betre enn risnudler, berre eit lite tips:-)

Framgangsmåte:

  1. Surr kvitlauken, lauken, maisen og soppen over lav varme til alt er mjukt, men ikkje brunt
  2. Tilset fisken, karripastaen og kokosmelka, og kok forsiktig opp. La det trekka i 2-3 min og tilset deretter halvparten av korianderen, sukkeret og fiskesausen. Hald ingrediensane varme.
  3. Kok nudler!
  4. Legg nudlane i hauger på djupe tallerkner, og legg fiskegryta på toppen. Ha over hakka vårlauk og server!
  5. DSC_0011

DSC_0014