
Visst de har lest bloggen ei stund har de sikkert skjønt at sushi er ein hus favoritt! Me har laga fleire sushi innlegg, blant anna her og her.
Eg blei spurt om eg kunne laga eit litt meir detaljert innlegg om sushi, og da kan eg jo sjølvsagt! Idag laga eg Maki, som er ruller med tang rundt sushi-ris med forskjellig fyll.
Eg smakte sushi for første gong når eg var 21 år, og må innrømma at eg syns da smakte fint lite. Men eg gav da ein sjanse til, og etter 2 gong vart eg hekta!
Visst du tenker at du ikkje liker sushi for da er rå fisk punktum, tek du feil!
Sushi er ris blanda med eddik tilsamans med diverse toppingar. Altså kan toppingen vera alt fra crabsticks, kokt/fritert scampi, kokte reker osv. Og sjølvsagt rå fisk:-)
Slik lagar me sushi :
Når ein skal laga sushi heime treng ein nokre få ting som ei får kjøpt på for eksempel innvanderbutikker. Mine sushi “verktøy “er kjøpt på Global Food og Eksotisk Mattorg i Bergen.
- Du treng eddik til risen. Denne kan du laga sjølv, mens me kjøper den ferdig. Sushi Seasoning heiter det.
- Så treng du ei bambusmatte, Makisu
- Ein trespade til å blanda eddik tilsamans med risen.
- Du treng tørka sjøgras, Nori
- Ein svært skarp kniv
- Pepperot, Wasabi
- Soyasaus
- Sushiris

Så er da litt til ein treng…

Denne gongen prøvde eg brun sushi ris for første gong. Smakte ganske godt, men den vanlige sushirisen er nok best. Når me laga risen følger eg alltid oppskrifta på pakken ganske nøye. I tillegg pleier eg å legga eit kjøkkenhandkle under lokket dei siste 10min av koketida, dette for å trekka opp fuktighet.
Når risen er ferdigkokt rører du rundt med trespaden for å avkjøla risen. Etter at risen har stått og avkjølt seg i cirka 15min, heller du over eddiken dråpe for dråpe mens du bruker trespaden for å fordela eddiken over all risen. Risen skal vera klissete og blank.

Så tar du bambusmatta og surrer den inn i plast.


Og da er det til å byrja å kutta opp grønnsaker og eventuell fisk. Me brukar alltid laks frå Bømlo, Salma laksen!
Super sushifisk.

Laks er veldig godt med avocado. Kutt opp avocadoen og ha nokre sitrondråper på for å forhindra misfarging.
Andre grønnsaker me bruker er:
- Graslauk
- Agurk
- Raudlauk
- Vårlauk

Begynn med å legga eit tang ark på bambusmatta. Bruk fingrane og fordel risen over arket.

Så legg du på da du vil ha i makien din. Eg byrja med crabsticks, vårlauk og graslauk.

Løft den nærmaste langsida av norien og plastfolien over grønnsakene og fisken mens du presse fyllet saman.Rull jevnt mens makien blir pressa hardt saman
Rull jevnt og hardt til en fast makirull. Enden av norien skal overlappe slik at makirullen bindast.Her har eg laga ris på både innsida og utsida. Her pleiar eg å dryssa over sesamfrø men da gløymte eg denne gongen gitt. Sesamfrø og sushi er kjempegodt tilsamans.


Så blanda eg snøfrisk tilsamans med laks, avocado og vårlauk. Snøfrisken pleiar eg å smøra over risen.


Så smører eg ofte eit tynt lag med wasabi på laksen, da får du ein spicy salmon Maki!
Husk at wasabi er knallsterkt!

Så i bunn og grunn må du finna ut kva smakar du likar best og så rulla i vei. Denne gongen brukte me snøfrisk med raudlauk og timian, men da er og knallgodt med smøreost med for eksempel kvitlauk.

Så Skjærer du opp sushi rullane med ein skarp kniv og Voila!Du har laga maki!
Chilimajones er veldig godt til sushi og den lagar du enkelt med å blanda saman majones og chili:-)

Og DÅ! Er da berre til å nyyyyyyyyta!







God Helg!