Tagget: Supper

Sunn og rask laksesuppe!

IMG_4829 

4 porsjoner

  • 400 gram laksefilet, utan skinn og bein
  • 3-4 vårlauk
  • 1/2 fennikel
  • 4 poteter, i bitar
  • 2 gulerøtter, i bitar
  • 2 kvitlauksfedd, hakka
  • 1 1/2 liter vatn
  • 2 fiskebuljongterningar
  • 1 bunt persille
  • 1 ss olje
  • Salt og pepper
  1. Skjær fennikel, kvitlauk, vårlauk og gulrot i bitar.
  2. Fres dei i ei panne med litt olje.
  3. Hell på vatn og buljong.
  4. Tilset poteter. La alt koke under lokk i ca 5 min.
  5. Skjær laksen i bitar og ha i panna. La suppa småkoke i ca 3 min.
  6. Smak til med salt og pepper.
  7. Dryss over persille før servering.

(Har du større bitar med poteter og laks må du sjølvsagt koka litt lengre)

 

 

 

IMG_4825

Høst=Suppetid. Masse Gode Suppe Oppskrifter!

image

Squashsuppe

 

Eg er veldig glad i supper. I mine auger er det lite som slår ei skikkelig god fiskesuppe når det høljer ned,  og været er så surt som det berre kan vera på Vestlandet.  Men sjølv om det er favoritten,  er det mange, mange andre knallgode supper som varmer like godt!

Dei to nederste suppene; “Fiskesuppa med Blåskjell”,  og den “Krydra Fiskesuppa” er mine absolutte favoritter.  Mi meining er at du får den beste fiskesuppa når du bruker blåskjell kraft. Skikkelig nammisSmilefjes

Blomkål-Og Brokkolisuppe

image

Krema Tomatsuppe

image

Paprikasuppe med Creme Fraiche

image

Gulrotsuppe med Biff og Vårlauk

image

Fiskesuppe Med Blåskjell

image

Krydra Fiskesuppe

image

Squashsuppe

DSC_0021

  • 2 Squash
  • 1 Gul lauk
  • 2 Fedd kvitlauk
  • 2 ss Olivenolje
  • Salt&Pepper
  • 8 dl vatn
  • 1 1/2 hønsebuljongterning
  • Revet ost

Skjør squash, lauk og kvitlauk i biter. Steik med litt olje i et par min. Hell over vatn og smuldre over buljongterningane. Kok under lokk i 15 min. Hell suppa i ein foodprocessor og kjør den jevn og glatt, eller bruk ein stavmikser. Hell suppa tilbake i kjelen og kok opp. Smak til med salt og pepper. Topp med revet ost og server!

DSC_0022

DSC_0024

Suppe med kikerter.

2 fedd kvitlauk

1gul lauk

1/2 raudlauk

Brokkoli, ein bukett

Gulerot

Buljong

Chili

Chorizopølse

Squash

For det første, kikerter er undervurdert!

Les visst du gidd: her og her. Sunne som berre juling, og ca 150kalorier per 100gram.(ferdig kokte)

Kikerter må blautleggast i minst 8timer før ein kan byrja å koka de. Ein kan og få ferdige kikerter på boks for dei som ikkje gidd da:-).

Kikertene skal koka på svak varme under lokk i 45-60min. Set til sides.

Steik kvitlauk, gul lauk og raudlauk til de er gyldne og mjuke.

Tilset 1,5 liter vatn og buljong.Står på pakken kor mykje buljong ein skal ha per liter vatn.

Tilset grønnsakene unntatt gulerot og brokkoli. Kok opp og kok i ca 10min.

Tilset chorizo, og smak til med chili og eventuelt meir buljong.

Tilset brokkolien og la den trekke i et par min under lokk. heilt tilslutt tilset du reva gulerot.

Tilset nokre kikerter i ei suppeskål, og hell over den ferdige suppa.

TADA!Sunt og raskt.