Tagget: Suppe

Sunnhetsalarm – Asiatisk suppe med reker

IMG_4713

Eg frys kvar dag for tida. Vinter er definitivt den årstida eg liker minst. Og da einaste som fungerer på ein frysepinn,  er ein glovarm dusj etterfulgt av ei varm, sterk suppe. Ingen eksakt oppskrift, denne suppa lager me på slump kvar kveld. Skikkelig sunn, god kosemat.

Du treng currypaste, me bruker denne varianten. Den raude og den lilla boksen er favoritt til suppe.

 

IMG_4695 

Revet ingefær på glass. Heilt genialt for ein latsabb som meg. Eg eg veldig glad i ingefær og bruker det i te, iskrem, supper, gryter og smoothies.

Eg bruker cirka 1 toppa ss til 1 liter med suppe.

IMG_4699

Nudler!

IMG_4698

Slik gjer du:

(Dette blir 1 liter suppe)

  1. Ha i 1-2 ss med currypaste i ei panne og surr det ilag med litt olje.
  2. Etter å ha surra currypasten i et par min har du i 1 fedd med kvitlauk,  1/2 vanlig gul lauk og ein neve hakka vårlauk.
  3. Ha så i 2 buljongterningar, anten kylling eller grønnsaksbuljong og hell på 1 dl med vatn.
  4. La blandinga koke i ca 10min.

 

IMG_4696

5. Ha så i grønnsaker. Eg brukte gulrot, blomkål, minimais og paprika. Ha først i gulrot og nudler,  deretter dei andre grønnsakene. Eg koker grønnsaker veldig lite, eg føretrekk mykje “krønsj”.

IMG_4697

6. Ta kjelen av varmen og ha i reker. Rør rundt og server straks.

IMG_4719

Nam nam!

IMG_4717

Handleliste

  • Reker
  • Currypaste
  • Buljong, kylling eller grønnsak
  • Blomkål
  • Gulrot
  • Minimais
  • Brokkoli
  • Paprika
  • Vårlauk
  • Gul Lauk
  • Kvitlauk
  • Nudler

Kjøtfri mandag-Suppe med kikerter

IMG_3156

Kikerter er rågodt. Eg knasker lett i meg ei skål med berre kikerter, fleire gonger i veka. Kikerter er propp full av protein og fiber og du er mett leeeeeenge. Ein super erstatning for kjøt.

Kikerter får du kjøpt ferdigkokte. Du får og kjøpt ukokte kikerter som ein blautlegger i vatn i ca 12 timer, og koker i 30-60min.

4 porsjoner

  • 2l vatn
  • 2 grønnsaksbuljonger
  • 1 lauk, hakka
  • 2 kvitlauksfedd, knust og finhakka
  • 2 store never bladspinat, strimla(Mi suppe er utan, ein handlefeil på butikken)
  • 2 store tomater
  • 400 gram kikerter
  • Salt og pepper
  1. Kok opp vatnet og laus opp buljongen i vatnet.
  2. Surr lauken mjuk i ei panne med litt olje
  3. Tilset kvitlauk, og surr vidare i ca 2min.
  4. Ha i spinaten, og surr til spinaten dett saman.
  5. Hell i buljongen og tilset kikerter og tomat
  6. Smak til med salt og pepper.

Kikerter er kjempegodt i supper, og ein kan og bruke stavmikseren og mose kikertene. Da får ein ei tjukk og kjempegod suppe.

IMG_3155

Mortens blomkål- og brokkolisuppe.

 

DSC_0030

4 personar.

1 stk Blomkål.
1 stk Brokkoli.
60gr Smør.
60gr Kveitemjøl.
1L Vatn.
2dl Fløte eller melk.
Salt / pepper.

 

DSC_0002

Del opp blomkål og brokkoli og ha i vatnet. ikkje ha i sjølve brokkolibuska då den ikkje tåler å kokast så lenge.

kok til blomkålen er passe kokt (ca 5-6min) og sil blomkål/brokkoli ut av krafta.

DSC_0013

Smelt så smøret og ha i mjølet, ha så denne blandinga i den kokande krafta. La så suppa småkoke 5-10min.

 

Ha i fløten eller melka, brokkolien og blomkålen mot slutten av koketida og smak til suppa med salt og pepper.

Vips!! Heimelaga Blomkål og Brokkolisuppe!

Serveringstips: Kvifor ikkje laga heimelaga kvitlauksbaguette og servere til? Oppskrift kjem! Smilefjes

Krema tomatsuppe med basilikum og laurbærblad

DSC_0012

Den beste tomatsuppa! Og tru oss, me har laga ein del forskjellige….tilogmed med vodka! Men denne er vår nummer 1!

  • 1 lauk
  • 2 kvitlauksfedd
  • 2 bokser hakka tomat
  • 6 dl grønnsaksbuljong
  • Ei håndfull frisk basilikum
  • 1 dl fløte
  • 1 ss sukker
  • salt&pepper
  1. Hakk lauken i bitar og fres den tilsamans med den pressa kvitlauken i eit par min.
  2. Ha tomater på boks og lauken i ein blender tilsamans med basilikumen.
  3. Hell blandinga i ein kjele, ha i grønnsaksbuljongen og kok opp.
  4. La suppa koke i 15 min.(ha i pasta visst du liker det)
  5. Smak til med sukker, salt og pepper
    Me skjærte opp resten av olivenbrødet fra igår, smurte da med sitronolje, dryssa over maldonsalt, og hadde da i ovnen på grill til dei vart gyldne på 200 grader.
    DSC_0007

DSC_0003

Paprikasuppe med Creme Fraiche

DSC_0014

  • 6 raude paprika
  • 1 lauk
  • 2 kvitlauksfedd, pressa
  • 1 liter grønnsaksbuljong
  • salt og pepper
  • 3 modne tomater
  • 6 ss creme fraiche
  • Basilikumblader

Først rensker ein paprikaen og har dei i ovnen på 230 grader i ca 30 min

DSC_0001

Til dei er nesten heilt svarte:

DSC_0002

Legg paprikaen i ei skål, dekk med plastikk og la dei stå i ca 15 min.

DSC_0003

Fjern skalet av paprikaen

DSC_0004

Ha paprikaen i ein blender tilsamans med litt væske, tilset creme fraiche.

Så freser du kvitlauken og lauken til den er gylden, tilset grønnsaksbuljong og tomater. La det koke under lokk i 10 min. Ha blandinga i ein blender, eller mos direkte i panna med ein stavmikser.

Hell så paprikablandinga oppi krafta og gje da eit raskt oppkok. Smak til med salt, pepper og basilikum.

Ei suppe som er propp full av c-vitamin! For ein litt lettare variant kan ein bruka lett creme fraiche, smaker fortsatt godt:-)

DSC_0007

DSC_0015

Krydret fiskesuppe

Denne lette oppskrifta må du prøve, ei kjempegod suppe å varma seg på i desse kalde adventstider.

Ein av favoritt suppene i heimen.

Me har no greid å lura oss med på enda ei framside på nettet, nemlig  bloggfeber.no.Check us out!

DSC_0048

  • 300 gram kvit fiskefile
  • 1 purrelauk eller vårlauk
  • 1 ss smør
  • 1 ss currypaste( me brukte raud)
  • 1 terning fiskebuljong
  • 5 dl vatn
  • 1 1/2 dl kokte raude linser
  • 1 boks kokosmelk
  • Scampi eller reker
  1. Strimle lauken og fres den saman med smør i ei gryte. Tilset currypasten, buljongterningen, vatn og linser.
  2. La suppa småkoke under lokk i 10min.
  3. Tilset kokosmelka og fisken og la og la suppa småkoke i 3 min.
  4. Smak til med salt, legg i rekene/scampien og server!
    Brødkrutonger finn du oppskrift på her
    DSC_0046

DSC_0050

Imorgon kjem da oppskrift på desse nydelige Sitron-Cantuccini kjeksene:

DSC_0091

Gulrotsuppe med biff og vårlauk

DSC_0031

4 gode porsjoner:

  • 600 gram biff
  • 1 1/2 kg gulrot
  • 400 gram poteter
  • 1 lauk
  • 1, 2 liter kjøttbuljong
  • 1 dl kesam
  • Salt&pepper
  • Vårlauk

Skrell gulerøtter og poteter, og hakk opp i små biter. Finakk lauk og kvitlauk og steik da gyldent i ei panne. Hell oppi kjøttbuljongen, kok opp og ha i poteter og gulerøtter. Kok i ca 15 min. Bruk stavmikser og kjør suppa glatt. Smak til med salt, pepper og kesam. Serveres med biff og vårlauk .

Godt med rundstykker med fetaost til… og litt fetaost oppi suppa og igrunn:-)

DSC_0028

DSC_0030

DSC_0032

DSC_0037

Sunne, billige supper!

Denne veka blir det supper heile veka, som er kalorifattige og billige. Høst er suppetid delux.

Me starter veka med:

STRACCIATELLA

-Italiensk Hønsebuljong med egg

DSC_0005

  • 1 Liter Hønsebuljong
  • 2 Egg
  • 1/3 dl revet parmesan
  • 1/2 dl finhakka persille

Kok opp buljong. Visp saman egg, ost og persille med ein gaffe. Hell blandinga langsamt  ned i den kokande buljongen slik at eggene stivne til tråder. Serveres med parmesan og brød.

DSC_0007

Supper er for eksempel perfekt studentmat. Billig, varmer godt i ein kald hybel, og en kan laga både middag og lunsj i ett! Varm restane om morningen og hiv på ein termos. Easy easy!

Denne veka skal me laga gulrotsuppe, squashsuppe, ertesuppe, løksuppe og tomatsuppe. Stay tuned!DSC_0008

Fiskesuppe frå Storhaugen

DSC_0035

DSC_0025

DSC_0029

Få ting er betre en skikkelig fiskesuppe med masse fisk og grønnsaker! Når me lager blåskjell frys me ned restane. Då har me basis for ei utruleg god fiskesuppe!

Da tiner ein berre restane som ein har i frysen:

DSC_0020

Så kutter ein opp sine favorittgrønnsaker, i vårt tilfelle gulrot og brokkoli. Viktig med pepsi max når ein lage mat..

DSC_0021

Ha i melk og jevn med maizena visst suppa blir tynn. Ha i gulerot først og kok i nokre minutter. Så legg ein oppi fiskebitar:laks, torsk og sei, tilsamans med ferdigkokt scampi og brokkoli. Slå av varmen og damp det under lokk i ca 10 min. Ein liten skvett fløte har aldri tatt livet av nokon…

DSC_0024

Så da har ein ei fiskesuppe med blåskjel, kvitløk, chili,vårlauk, persille, sjalottlauk, graslauk, raudløk, torsk, sei, scampi, gulrot, brokkoli, kvitvin og fløte!NAMMENAM!

DSC_0027

DSC_0032