Grov Couscous med Scampi
Visst du ennå ikkje har smakt couscous er da på tide! Når ein lagar couscous er da viktig å tilsetja litt “snacks” for at couscousen skal nå nye høgder. Couscous med berre smør smaker litt kjedelig. Me velger alltid grov couscous.
Couscous:
Finhakk eit kvitlauksfedd og surr lett med litt olje. Tilset sitronsaft, (eg bruker 1/2 sitron til 2 personar), litt reve sitronskal, salt og pepper. Kok couscousen etter anvisning på pakken, og tilset sitronblandinga. (skipp smøret)
Hakk opp tomat, basilikum, raudlauk og soltørka tomat. Spesielt raudlauk gjer seg godt ilag med couscous, for ikkje å snakka om den soltørka tomaten!
Rens og skyll scampien, viktig at du snitter opp scampien på oversida og fjerner den mørke tarmen. Surr scampien i ei steikepanne tilsamans med1-2 fedd kvitlauk til den er gjennomsteikt. ( Visst du vil kan du og kjøpa ferdig kokt scampi, som du tiner, og surrer lett med kvitlauk og olje i ei panne).
Scampi har berre 62 kalorier per 100 gram så scampimiddag er ein “snill “middag. Visst du bruker litt mindre olje, og heller bruker meir sitronsaft, bruker grov couscous, og bruker masse salat som du blander med couscousen, har du ein riktig så bra middag!
