Tagget: Risotto

Reiserapport: Dubrovnik!

IMG_1812

Morten med den flotte leopard veska si…

GJETT om me har kost oss! Tidenes ferie med tidenes vener,  og ikkje minst tidenes bryllaup!

Kroatia var enda vakrare enn me hadde forestilt oss, og allereie på taxituren frå flyplassen til Dubrovnik konkluderte me(eg),  at her vil me bu!

Me reiste frå skikkeleg drittvèr i Frankfurt. Sjekk den flykøen! Alle rømer til sola?

IMG_1799IMG_1800

Framme i paradis.

IMG_2219

IMG_1855

IMG_1814

Me ankom Dubrovnik seint mandag, hoppa i finstasen og møtte heile gjengen på middag. Middagen blei inntatt på restaurant Dubrovnik midt i gamlebyen. Nokon var svært nøgde med maten, andre blei litt snurt når dei oppdaga kva scampi i Kroatia betyr. Ikkje så veldig mykje mat, og desto meir arbeid. Eg derimot bestillte meg abbor og var strålande nøgd. Kelneren renska til og med fisken min, så eg kunne konsentrera meg om da eg gjer best, eta.

IMG_1805

Neste dag bar det avgårde i båt til øya Lokrum, som ligg rett utanfor gamlebyen, anbefalast!

Og på Lokrum kom plutseleg ei brur dinglande.

IMG_1845

Eg og Morten konkluderte med at denne båten hadde akkurat rett storleik.

IMG_1851

Den største positive opplevinga på turen var maten på hotellet vårt, hotell Lapad! Nydelig hotell med eit kjempebra kjøkken. Nokon av dei beste måltida åt me på Lapad restauranten.

Hotell Lapad, bilete begge veier. Hotellet låg rett ved sjøen, heilt nydeleg. Anbefalast!

IMG_1802IMG_1803

Kroatia har dei beste tomatane eg nokon gong har smakt. Denne herligheita åt eg kvar morgon til frokost. Delish!

IMG_1870

Nydelig sverdfisk, og frå Lapad.

IMG_1879

 

IMG_1885

Særs nøgd!

IMG_1882

Me fekk og tid til å reisa til øya Lopoud, cirka 3o min med båt frå gamlebyen.

IMG_1939

På vegen dit oppdaga me alternativ “lounging” på båt. Dama i sofaen tok livet med ro.

IMG_1919

IMG_1927

Lopoud. Badeløva er fornøyd.

IMG_1952

På veg heim igjen frå Lopoud, linselusa med hotellet i bakgrunnen.

IMG_1957

Alle utan barn gjekk ut og åt på ein restaurant rett utforbi inngangen til gamlebyen. Klarer ikkje huske navnet, men da gjer igrunn ingenting. Den anbefalar me ikkje…. men kjempefin beliggenheit. Maten (bortsett ifrå risottoen)…. not so much.

IMG_1969

IMG_1979IMG_1980

IMG_1984

Dags for bryllaup! I 40 varmegrader……hett!

Ein nydelig dag.

IMG_1998

Brura var nydeleg og det vart ein del grining og hulking.  Når me er ein så stor jentegjeng som me er, tosifra faktisk, og som har kjent kvarandre sidan me var små drittungar, kan ein vel ikkje forventa noko anna enn grinings!

Eilen dokumenterer sløret nøyeSmilefjes

IMG_2051

Fantastisk bryllaupslokale.

IMG_2114

IMG_2118

IMG_2117

Gjett kven som fekk buketten!WOOP WOOP! Strålande fornøyd! Da må me nesten gifta oss neste år då!

IMG_2143IMG_2132

 

Dagen etterpå rappa Morten badeleiken frå Hølje, og kvelva seg i bassenget. At Hølje er under 2 år, stoppa ikkje denne mannen. Badeleiken skulle han ha.

IMG_2197

Enda ein middag ved hotellet, heile bøtteballetten!

Dei ansatte på hotellet vårt var supersnille som laga langbord til oss,  2 kvelder med bassenget. Ein haug med striler og 3 barnevogner, var visst heilt i ordenSmilefjes

IMG_2182

På ferie er det obligatorisk med sjokoladedessert.

IMG_2190

På fiskerestauranten Orsan bestillte eg spaghetti til forrett. Det skulle visa seg å vera lurt.

IMG_2210

For den var kjempegod! Fram til no hadde eg konsentrert meg kun om sjømat, men pinadø. I Kroatia er dei god på pasta!

IMG_2213

Litt flaut, men dette husker eg ikkje kva er. Ein fisk ihvertfallSmilefjes

IMG_2216

Innimellom all etinga fekk me skvist inn litt snorkling og bading.

Lokrum for andre gong.

IMG_2222

IMG_2227

Me konkluderte med at mafiaen likte seg og på Lokrum.

IMG_2228

Siste dag kjørte eg og Morten ein solo middag og gjekk for å ta dei obligatoriske turistbileta av gamlebyen.

IMG_2236IMG_2238

Fann enda ein passande båt gitt.

IMG_2234

 

IMG_2239IMG_2240

På restauranten Arsenal(såvidt eg fekk med meg Morten inn).

Her hadde dei kjempegod service, og kjempefin beliggenheit. Litt kald sjøbris i fleisen er ikkje feil når ein et middag.

IMG_2242

IMG_2246IMG_2251

IMG_2253

Sidan pastaretten var så god på Orsan, kjørte eg på med pasta på Arsenal og. Spaghetti som bada i fløte…. treng eg sei at det var godt??IMG_2250

Utsida av restauranten.

IMG_2255

Sidan det var ein smule hett når me var i Dubrovnik, må me ærlig innrømma at lysten til å finna litt bortgøymte lokale restauranter forsvann. I så varmt vær blir me igrunn ganske apatiske og gjekk ofte for det enklaste. Men sjølv om me ikkje fann lokale skatter som me gjorde ifjor i Barcelona, er me strålande fornøyd! Maten var god, vinen var god, vèret var heilt strålande og me har fantastiske vener!

IMG_2264

IMG_2262

 

IMG_2272

IS!

IMG_2276

IMG_2277

Så kom dagen når me måtte sei snakkast,  til Dubrovnik.

IMG_2283

Og snakkast,  til Lokrum.

IMG_2284

Passe fornøgde på flyplassen. Heilt til me oppdaga kven me skulle fly med. Smellfeite amerikanarar! Ingen under 100kg! For nokon som ikkje syns flyging akkurat er ein favorittaktivitet blei dette eit lite stressmoment: “Seriøst, klarer flyet å letta!?. Kan me venta på neste fly?”. Då er det flaks eg har ein sympatisk sambuer: “Du lander ihvertfall mjukt”

VRÆL.

IMG_2287

IMG_2289

Etter at me kom heim har me laga masse god mat.

IMG_2383IMG_2369

IMG_2333IMG_2343

IMG_2364

Oppskrift kjemSmilefjes

Enkel Italiensk Tomatrisotto og VG!

DSC_0011

Ein kvardagsrisotto!

4 pers:

  • 2 sjalottlauk, hakka
  • 2 kvitlauksfedd, hakka
  • 1 ss olivenolje
  • 2 1/2 dl risottoris
  • 3 dl tomatjuice
  • 3 dl vatn
  • Salt og pepper
  • cherrytomater

Steik lauken og kvitlauken i olje til den blir blank, i nokre minutter. Tilset risen og rør rundt. Hell i vatn og tomatjuice, krydre med salt og pepper.

Legg på lokk og la da småkoka under lokk i 20min. Rør rundt av og til. Server med cherrytomater og rikelig med parmesanost!

DSC_0018

Og så har me vert med på leseres Vg på vg.no! Da resulterte i 7532 unike lesara og over 12 000 klikk! Veldig kjekt!

Lesernes VG

Helg og Risotto!

DSC_0007

Denne oppskrifta er NYDELIG, og me syns at du absolutt bør sette av ein time til denne deilige, krema lekkerbiskenen.

Imorgon blir da muligens risotto igjen , men med ein litt meir snobbete føgesvenn…

Til 4 pers

  • 1 liter hønsebuljong
  • 4 kyllingbryst
  • 1 sitron
  • 1  ss olivenolje
  • 3 ss smør
  • 1 liten lauk, finhakka
  • 300 gram risottoris
  • 1 1/2 dl kvitvin
  • 100 gram revet parmesan
  • salt
  • pepper
  1. Brun kyllingen på begge sider, hell over revet sitronskall+safta og legg på lokk. Skru ned varmen og la sitronsafta koke inn. Ca 15 min.
  2. Varm 2 ss av smøret med 1 ss olivenolje i ein kjele på middels varme. Tilset lauk og steik i ca 5 min.
  3. Demp varmen, tilset risen og bland godt
  4. Steik risen under omrøring i 2-3 min, eller til risen er gjennomsiktig
  5. Tilset vinen og kok i 1 min
  6. Tilset den varme hønsebuljongen, ei ause om gongen. Rør heile tida og tilset meir buljong etterkvart som den blir absorbert av risen. Auk varmen til middels slik at væska boblar
  7. kok i 20min, eller til all væske er absorbert og risen er krema. Salte og pepre godt.
  8. Ta risottoen av varmen, og tilset resten av smøret.
  9. Rør inn nyreve parmesan og bland godt
  10. Legg litt risotto på kver tallerken, og dander kyllingstykkene oppå
  11. Ferdig!
  12. DSC_0018

DSC_0013

Me har tatt helg i snøkaoset…

DSC_0005

Ein liten tur i vårt vakre winter wonderland, rett utforbi døra.

Flotte Risa!

DSC_0023

Balder elsker snø!

DSC_0017

DSC_0020

DSC_0002

DSC_0026

DSC_0030

Og Britten har tatt helg!

God helg:-)

DSC_0028