Favorittpizza-Foccacia Pizza!
Ikkje misforstå, eg elsker dei tynne lekre italienske pizzaene, men når helga kjem vil eg ha litt meir. Å laga pizza på foccacia er rett og slett heilt fantastisk.
Først må ein laga sjølve foccaciadeigen, oppskrift finn du her. Ei god gammal oppskrift som me alltid bruker. I det siste har me hatt litt god olivenolje i sjølve deigen, veldig godt! Foccacia krever lite arbeid, men litt tid. Men belønninga er stor!
Når foccaciadeigen er ferdig, lar du den avkjøle seg. Så kutter ein brødet opp i to deler på langs. For forklaring i bilder, sjå her.
(sidan me bruker foccacia til pizzadeig, skipper me å bruka olje og salt på toppen. Fyllet på pizzaen er meir en nok salt, og ikkje minst smak i)
Når deigen er klar er det berre til å slå seg laus. Ha på pizzasaus, fyll og strø over osten. Set den midt i ovnen på 225 grader til osten er gylden. Denne gongen brukte me kjøtboller, salami, chorizo, sopp, tomater og norwegia ost.
For pizzasaus oppskrift ser du her.



