Tagget: Pesto

Tomat-Og Chevre Terte

Tomat terte

Oppskrift funne i eit gammalt Elle blad.  For ei som e-l-s-k-e-r chevre ost og ikkje minst raud pesto,  måtte oppskrifta prøvast. Og det var godt!

4 pers

  • 300 gram butterdeig
  • 250 gram krydra Chevre, oppdelt i skiver
  • 1/2 glass raud pesto
  • 1 liten raudlauk, kutta i ringer
  • 400 gram tomater
  • Friske basilikumblad
  1. Forvarm omnen til 200 grader.
  2. Rull ut deigen
  3. Legg deigen i ei smurt form. Lag små hull i deigen med ein gaffel
  4. Smør pesto utover botnen, legg så ost oppå.
  5. Ha så lauk og tomater oppå.
  6. Steik i omnen i 25-30 min, eller til den er gylden.
  7. Pynt med basilkum og nyt!

Tomaterte1

God søndag!

Emelies Fiskegrateng med Raud Pesto

Fiskegrateng 2

Vanlig fiskegrateng syns eg er kjempegodt. Torsk, kvit saus og brødrasp. Men den samme gratengen kan jo bli kjedelig i lengden. Så da fann eg på denne varianten. Sidan favorittkombinasjonen min er torsk med raud pesto, blei det nettopp det.

Eg brukar litt meir torsk enn det som er vanlig i fiskegrateng oppskrift, men det velger du sjølv. 600 gram er vel det “vanlige” til 4 personar.

Ca 4 pers

  • Ca 700 gram kokt torsk som du hakker opp, skvis litt sitronsaft på torsken.
  • Ca 2 dl kokt makaroni, eg brukar fullkornsmakaroni
  • 1 fedd kvitlauk, finhakka
  • 2 vårlauk, finhakka
  • 1/2 gul lauk, finhakka
  • 2 ss meierismør
  • 3 ss kveitemjøl
  • Ca 3 dl mjølk
  • Salt
  • Muskatnøtt
  • 3 egg
  • Grovt brød som du rasper opp. (eller vanlig brødrasp)
  • 1 lite glas med soltørka tomat
  • Parmesan
  1. Set omnen på 200 grader.
  2. Smelt smør, rør inn kveitemjøl og spe med mjølk til du får ein tjukk kvit saus.Kok opp under omrøring. Smak til med salt og muskat.
  3. Surr kvitlauk, vårlauk og den gule lauken i smør til den er mjuk og blank. Set til sides.
  4. Avkjøl den kvite sausen litt, og rør inn 3 eggeplommer, fisk, makaroni og lauken. Få med alt smøret du steikte lauken i.
  5. Stivpisk eggekvitane og vend forsiktig inn i røra.
  6. Fyll gratengen i ei smurt ildfast form.
  7. Smør pesto på toppen av gratengen. Pestoen lagar du lett ved å bruka ein stavmiksar: Hell den soltørka tomaten ilag med litt olje frå glaset den kjem i,  og mos med stavmiksar. Jevn med revet parmesanost til du er nøgd.
  8. Ha til slutt brødbitar på toppen.
  9. Steik gratengen i ca 40-45 min.
  10. Voila!

 

 

Fiskegrateng 3

Torsk med tomatpesto, nypoteter og soltørka tomat.

IMG_2363

Dette trur eg er ein av mine favorittmiddager. Raud pesto er heilt fantastisk,  og eg brukar da på meir eller mindre alt. I spaghettien, med poteter, til fisk og kjøt..til og med på knekkebrødet! Og torsk er ein av mine favorittfisker. Ein pålitelig fisk. Og veldig norsk!

Oppskrifta har vert på bloggen ein gong før, nemlig her.

Og nypoteter med smør er alltid like godt. Ein god middag som er enkel å laga.

IMG_2361IMG_2362

IMG_2365

IMG_2364

God middagSmilefjes