
Nokon vasker hus når dei egentlig skal lesa til eksamen, eg lage mat.
Når eg i tillegg er heima aleina i desse dager, slepp eg å få blikk som tilseie at eg har blitt gal når kjøkkenet rundt meg er totalt bomba.
Eg hadde torsk, poteter og erter i heimen. Spanande………..eller ikkje.
Så istadenfor å tenka pensum, tenkte eg ut ein “gøy” måte å laga noko av ingrediensar som igrunn er litt “kjedelig”. Kokt torsk med potet og erter har eg vert borti før for å sei da sånn.
Så sei hallo(!) til Mister steikt torsk med sitron og chili, ertepure og parmesanchips med potetstappe!
Først Parmesanchipsen:



Riv parmesanen så fint du klara. Legg små klattar med ost på eit bakepapir, og steik dei i ca 5 min på 160 grader midt i ovnen. Når du tar dei ut av ovnen må du vera kjapp. Sidan alle steikespadane mine er ganske tjukke i kanten, brukte eg Herr ostehøvel. Funka som berre rakkern. Dytt forsiktig parmesanen nedi ein eggkartong. Bruk fingrane og trykk forsiiiiiiktig osten nedi gropa. La da stå og avkjøla seg til da blir stivt, ca 10 min.
Fyll oppi potetstappe og forbered deg på noko himmelskt godt!Ost og potet kan jo ikkje bli feil!På toppen krydra eg med wasabi og sesamfrø. Herlig fett.
Ertepureen har eg laga her. Enkelt og greit.
Så var da torsken sin tur:


Steik torsken i ei varm panne, til den er blitt gylden på begge sider. Når torsken byrjar å nærme seg ferdig, hell du oppi safta av 1/2sitron, skal frå 1/2 siron og 1/2 halv finhakka chili. La da surra i ca 1 min.
Da er du ferdig og kan eta:-)
Denne oppskrifta skal videreutviklas!Eg tenker biff marinert i raudvin og kvitlauk tilsamans med parmesanchips……..kan jo ikkje bli feil?

Spør du meg, syns eg at parmesan kreasjonen er eit lite kunstverk i seg sjølv!



Sidan jentebanden kjem på filmkveld(me ser ikkje på filmen, me tyt) må eg laga noko godt. Problemet er at eg har fått forbud mot å laga noko med sjokolade, sidan alle skal komma seg inn i kjolane sine til bryllupet i Croatia i sumar. Kva i all verden skal eg laga då?Forslag til sunn snacks?