Salte TRippelnøtter
Oppskrift funne i Tara smak, måtte jo prøvast. Nam!
- 100 gram hasselnøtter
- 1/2 dl sukker
- 2 ss smør
- Ei stor klype salt
- 200 gram mørk sjokolade
- Havsalt
- 2 ss kakao
- Rist hasselnøtter i ei tørr varm steikepanne.
- Smelt sukkeret i ei steikepanne til du har fått ein gyllenbrun karamellkonsistens. Rør raskt inn smør og ei klype salt. (har du aldri smelta sukker før kan du få tips her)
- Tilset hasselnøtter i blandinga og rør godt rundt i panna. Pass godt på at du ikkje brenn nøttene.
- Ha nøttene over på eit bakepapir og la dei kjølne.
- Smelt sjokoladen og hell sjokoladen over nøttene.
- Strø over med havsalt, og sikt over kakao.
- Set nøttene i kjøleskapet til alt er stivt.
- Nyt!
God helg!
