Tagget: Lasagne

Forslag til helgekos – Tomatlasagne med Sitronpesto og Spekeskinke!

IMG_5119

Enda ei oppskrift frå bladet Mat&Vin.

Eg som er så glad i lasagne må jo prøva alle lasagne oppskrifter eg kjem over. Litt trikising og miksing blir det alltid. Eg brukte meir ost enn det som er i oppskrifta, og eg laga ikkje pestoen så sur. Eg brukte berre saft av 1/2 sitron, og hadde i litt meir parmesan og basilikum. Dette velger du sjøl!

Ca 4 porsjoner

  • 8 ss olivenolje
  • 3 kvitlauksfedd, finhakka
  • 100 gram tomatpure
  • 1 dl tomatjuice
  • 6 tomater, i terninger
  • 60 gram revet parmesan
  • 1 lite potte basilikum
  • 1 potte persille
  • 30 gram pinkjerner
  • salt og nykverna pepper
  • saft og skall frå 1 sitron
  • 3 vårlauk, i tynne skiver
  • 400 gram mozzarellaost, i terningar
  • 100 gram spekeskinke
  • 9-10 lasagneplater
  1. Varm 4 ss olje, ha i kvitlauk og fres den raskt.
  2. Tilset tomatpure, juice og tomater og la den putre i 15 min.
  3. Bland persille, basilikum, pinkjerner, parmesan, salt og pepper til pesto i ei kjøkkenmaskin. Rør inn sitronsaft og-skall.
  4. Ta tomatsausen av plata og avkjøl.
  5. Rør mozzarella og vårlauk i tomatsausen. Smak til med salt og pepper.
  6. Legg lasagneplater og tomatsaus lagvis i ei ildfast form.
  7. Avslutt med eit lag lasagneplater.Fordel pesto og spekeskinke over.
  8. Steik ved 180 grader  i ca 30 min.

Server med godt brød.

IMG_5131

Kylling- og Olivenlasagne

IMG_5126

Denne oppskrifta fann eg i Mat & Vin. Dette er originaloppskrifta, men eg trikser og jukser litt. Den kvite sausen lager eg alltid litt tjukkare enn det som står i oppskrifta for eksempel, og litt meir ost blir det alltid:-). Kyllingen og lauken heiv eg i kjøkkenmaskina og kjørte til eg hadde passelige bitar, kjempelett og kjempefort.

Her er originaloppskrifta:

6 porsjoner

  • 30 gram smør
  • 20 gram mjøl
  • 4 dl melk
  • 2 dl fløte
  • 250 gram cheddarost
  • salt og nykverna pepper
  • 2 raudlauk
  • 4 kyllingfileter
  • 1 bunt persille
  • 1 potte basilikum
  • 5 ss olivenolje
  • 100 gram grøne oliven, utan stein
  • 80 gram soltørka tomat
  • 40 gram pinkjerner
  • 2 dl grønnsaksbuljong
  • 12 lasagneplater
  1. Lag først ostesausen. Varm smøret i ein kasserolle. Tilset mjøl og rør raskt saman. Tilset melk og fløte under omrøring. La det putra i ca 1 min. Trekk kasserollen bort frå plata. Tilset 150 gram ost, smak til med salt og pepper. Set til sides.
  2. Skjær kylling og lauk i små terningar.
  3. Hakk persille og basilikum.
  4. Varm 2 ss olje. Brun kyllingbitar og lauk. Salte og pepre og trekk bort frå plata.
  5. Tilset persille og basilikum.
  6. Bland oliven, tørka tomat, pinkjerner, buljong og 3 ss olivenolje og kjør til pure i ei kjøkkenmaskin.
  7. Rør pureen inn i kyllingblandinga.
  8. Legg lasagneplater, kyllingragu og ostesaus lagvis i ei ildfast form.
  9. Avslutt med ragu og ostesaus.
  10. Fordel resten av osten over det siste laget med lasagneplater
  11. Steik ved 180 grader i den nedre delen av omnen i ca 35min.

IMG_5115 IMG_5116

IMG_5128

IMG_5127

Emelies TorskeLasagne!

IMG_4751

No må eg skryta litt av meg sjølv, for dette blei fryktelig godt. Sidan eg er veldig glad i lasagne, har eg prøvd å finna på ein (litt) sunnare variant. Liker du bacalao, er eg rimelig sikker på at du liker denne lasagnen.

Du treng:

  • Torsk
  • Lasagneplater
  • 2 bokser hakka tomat
  • Tomatpure ca 1/2 glass
  • 1 raudlauk
  • 3 kvitlauksfedd
  • 1 potte kruspersille, finhakka
  • 1/2 glas grøne oliven
  • Vårlauk, ca ein neve, finhakka
  • 2 pakker cherrytomat, delt i to
  • Ost, revet
  • Kvit saus(mjøl, smør, melk, muskat, salt og pepper)

IMG_4720 IMG_4723

IMG_4725

IMG_4722

Då begynne me!

  1. Steik først torsken gylden i smør og legg til sides.

IMG_4724

2. Lag grov pasta! Eller kjøp på butikken:-). Me lager alltid pastaen av fin sammalt kveite. Blir nydelig.

IMG_4727

3. Så er det på tide å laga tomatsausen. Kutt opp raudlauken og kvitlauken. Steik lauken til den er mjuk. Pass på så du ikkje svir lauken.

4. Ha så oppi 2 bokser med hakka tomat, ilag med tomatpure. La det koka i ca 15 min. Smak til med sukker og salt. (sukker er viktig sidan tomater på boks er sure. Eg bruker cirka 1 ss med sukker til 2 bokser tomat).

5. Lag kvit saus. Sidan dette er elementær heimkunnskap lærdom,  går eg utifrå at du kan det;-). Sidan du skal ha den i ein lasagne må du laga suasen ganske tjukk.

6. Smør ei ildfast form med smør eller olje.

7. Hell oppi litt tomatsaus, og legg torsken oppå tomatsausen.

IMG_4729

8. Strø så over hakka oliven, hakka persille og hakka vårlauk.

9. Legg pastaplater over.

10. Hell kvit saus over pastaen. Eit tynt fint lag.

11. Strø revet ost over den kvite sausen.

IMG_4730

12. Legg cherrytomat som du har kutta i to over osten.,

IMG_4731

13. Ha pastaplater over tomatane.

14. Ha tomatsaus, så kvitsaus over pastaplatene.

IMG_4733

15.  Strø over ost igjen.

16. Legg så over resten av tomatane, oliven, vårlauk og persillen.

17. Avslutt med enda eit lag med ost!

IMG_4734

18. Ha formen i ovnen på 225 grader til osten er fin og gylden.

IMG_4737

17. Og då har du fiks ferdig torskelasagne!

God helg!

IMG_4741

IMG_4744

IMG_4752

Lasagne med cottage cheese og squash

IMG_0921

Er da noko eg er glad i så er det lasagne. Eg eeeeelsker lasagne, men den må sjølvsagt vera heimalaga. Denne varianten er sjølvsagt ikkje så god som ekte lasagne med pastaplater, men da er ein langt sunnare variant, utan pasta og utan ostesaus.

Lasagne oppskrifta mi finn du her, og den er heilt nydelig! Eg lover å laga ein dag og ta litt betre bilderSmilefjes

Kjøttsaus:

1/2 Lauk

2 fedd Kvitlauk

Ein neve basilikum(helst fersk)

Bittelitt kanel, cirka 1/2 klypaSmilefjes

1/2 chili utan frø

2bokser hakka tomat

1/2 glas tomatpure

sukker,salt&pepper

 

Framgangsmåte kjøttsaus:

Steik løk og kvitløk blank, ha oppi boksane med tomat og  tomatpure. Smak så til med salt, pepper og sukker. Ein treng en god del sukker sidan tomater på boks er ganske så sure. Tilset litt etter litt så kjenner du når det er nok. Bedre å ta for lite enn for masse sukker! Da samma gjeldt med kanel. Da skal kjempelite til! Og så tilset ein selvfølgelig  steikt karbonadedeig til slutt.

(sausen skal koka i ca 30min)

Squash:

Skrell squashen og bruk ein ostehøvel til å laga lange fine “plater”. Strø salt på dei og la dei stå i ca 10 min. Tørk av all vatnet som ligg seg på toppen.

Så er da vanlig lasagne prosedyre:

  1. Legg kjøtsausen i bunnen.
  2. Ha over eit lag med cottage cheese.
  3. Legg over squash plater.
  4. Gjer alt på nytt så du har 2 lag av alt. Dryss ost på toppen.
  5. Steik i ovnen på 225grader til osten er gylden, ca 10-15min.

 

IMG_0922

IMG_0923