Ein fantastisk god og enkel middag!
Middag til 4:
800gr mørbrad
ca 3dl raudvin
8 fedd kvitlauk
1 chili
4 solmodne tomatar
ca 1kg nypotet
1dl rapsolje
6 store sjampinjongar
1 lauk
1 beger mat yoghurt
Mariner biffen i raudvin, 2 fedd kvitlauk og litt chili i kjøleskapet i 12-24 timar. (ta den ut i rom temp ein god time før tilberedning).
Ha poteten i ei langpanne, hell over rapsolja og ein del havsalt og gni dette over poteten.
del tomatane på langs, ha dei i den samme panna som poteten ilag med 6 fedd kvitlauk.(dei skal ikkje hakkast, men bakast ilag med tomatane) dryss over salt og pepper.
Bak midt i ovnen på 200 grader i ca 45-50min. press kvitlauken over tomatane rett før servering.
Finhakk ein halv lauk og fres denne i panna til den blir blank, og tilsett soppen kutta i passande bitar.
Steik soppen til den er godt brun, hell så over ein beger med mat yoghurt, smak til med salt og pepper og vips so er soppstuingen ferdig!

Skjær mørbraden i fire like stykker og brun begge sider på sterk varme.
Steik ferdig i ovn på 200 grader i ca 4min (kjem an på kor tjukke biffane er)
Ta den andre delen av lauken ilag med chilien som vart til overs frå marineringa og brun dette i panna som biffen blei bruna i. hell så over ein liter vatn og kok dette inn til ein halv liter.
Sil krafta og jevn med maizena eller potetmjøl. smak til med salt og pepper så har du ein enkel og fryktelig god saus!
Velbekomme!