Tagget: karamell

Salte TRippelnøtter

Sjokolade

Oppskrift funne i Tara smak, måtte jo prøvast. Nam!

  • 100 gram hasselnøtter
  • 1/2 dl sukker
  • 2 ss smør
  • Ei stor klype salt
  • 200 gram mørk sjokolade
  • Havsalt
  • 2 ss kakao
  1. Rist hasselnøtter i ei tørr varm steikepanne.
  2. Smelt sukkeret i ei steikepanne til du har fått ein gyllenbrun karamellkonsistens. Rør raskt inn smør og ei klype salt. (har du aldri smelta sukker før kan du få tips her)
  3. Tilset hasselnøtter i blandinga og rør godt rundt i panna. Pass godt på at du ikkje brenn nøttene.
  4. Ha nøttene over på eit bakepapir og la dei kjølne.
  5. Smelt sjokoladen og hell sjokoladen over nøttene.
  6. Strø over med havsalt,  og sikt over kakao.
  7. Set nøttene i kjøleskapet til alt er stivt.
  8. Nyt!

IMG_6350

God helg!

Sjokoladekarameller med nøtter

Brukes feks i denne oppskrifta:-)

DSC_0004

  • 125 gram mandler
  • 125 gram valnøtter(pleier å sløyfe, og heller tilsetje dobbel mengde mandler)
  • 3,5 dl sukker
  • 1,5 dl lys sirup
  • 3 dl fløte
  • 100 gram melkesjokolade, smelta

Rist mandlane i ovnen, 175 grader i 10.15min. Avkjøl og grovhakk mandlane.Ha sukker, sirup og fløte i ein kjele og varm opp under omrøring på middels varme. Bruk tresleiv. Bring blandinga til kokepunktet, tilset nøtter og rør godt. La blandinga koke, utan å røre, til temperaturen når 115 grader. Det tar 5-10min. Ta kjelen av varmen og rør til blandinga byrjar å tjukne. Tilset smelta sjokolade og hell blandinga i ei smurt form(18*18cm) dekka med bakepapir. La karamellane vera i kjøleskapet over natta. Vend forma ut på eit skjærebrett, fjern bakepapiret og del karamellane i små kvadratiske former.

Sidan me laga dei for å ha dei i browniesen laga me dei ikkje så faste og fine. Men til jul skal me laga dei “ordentlige”.

Luksus Brownies!

 

Brownies med  innbakte fløtekarameller og flytande karamell på toppen!DSC_0023

Brownies oppskrifta finn du her.

DSC_0003

Så kjøper du fløtekarameller, eller lager dei sjøl! Me laga skikkelige klissete fløtekarameller.

DSC_0005

DSC_0004

Legg fløtekaramellane oppi brownies forma, og hell over resten av brownies fyllet slik at det dekker karamell bitane.

DSC_0005

Inn i ovnen på 150 grader i ca 50.60 min!

For å laga karamellsaus gjorde me som Manuela gjer:

DSC_0007

DSC_0006

Hell karamellsausen over browniesen, tilsamans med smelta melkesjokolade!

DSC_0017

DSC_0019

DSC_0022

DSC_0026

Perfekt tilbehør til for eksempel ein jentekveld:-)