Tagget: Kake
Søndagskos- Ostekake med Kirsebær!
Eg og Britt(katten) hadde ein særdeles bedagelig kveld foran tven, når sjølvaste Nigella bestemte seg for å poppa fram på skjermen. Så etter å ha sett dama trylle fram ei fantastisk kake fann, eg fram kokeboka hennar og satte igang. Ei kjempeenkel og bedagelig oppskrift.
- 125 gram Digestive kjeks
- 75 gram mjukt smør
- 300 gram kremost
- 60 gram melis
- 1 ts vaniljeekstrakt
- 1/2 ts sitronsaft
- 2 1/2 dl kremfløte
- Kirsebærkompott og friske kirsebær til pynt.
- Kjør kjeksen i matprosessor til den byrjar å smule, tilset smøret og kjør igjen til massen klumpar seg.
- Trykk kjeksmassen ned i ei 20cm springform, og la det bli ein liten kant opopver sidene.
- Visp kremost, melis, vaniljeekstrakt og sitronsaft glatt i ein bolle.
- Pisk fløten halvstiv og fold den inn i ostemassen.
- Fordel fyllet utover kjeksbunnen og glatt den ut med ein slikkepott. Set kaka i kjøleskapet i 3 timer eller over natta.
- Når ostekaka skal serverast, løsner du den frå formen, skyv den over på eit kakefat og pynt med kirsebær!
Vidunderlige Pavlova!
Eg har eit veldig spesielt forhold til Pavlova. Pavlova var faktisk da første me blogga. Da vil sei at me annonserte at me skulle laga kaka. Oppskrifta den lot vente på seg. I over 2 år faktisk… ein liten skandale.
Eg ELSKER pavlova! Kombinasjonen av seig marengs, den deilige vaniljekremen og dei syrlige bæra er i mitt hovudet ein liten sensasjon. Store ord, men eg meinar kvart volumøse ord!
Pavlova kaka er oppkalt etter den russisk ballettdanseren, Anna Pavlova. Opphavet til kaka krangler visstnok Australia og New Zealand om. Det får dei berre gjera, mens me lager Pavlova kake!
Eg har hatt mangen pavlova prosjekt denne sommaren. Men etter at kaka er blitt pynta forsvinn den på mystisk vis før eg får summa meg til å ta bilete. .
Marengsbunn:
- 7 Eggekviter
- Ei klype salt
- 4 dl sukker
- 1 ts maismel
- 1 ts vaniljesukker
- 2 ts kvitvinseddik
- Visp eggekvitene stive med litt salt. Så stive at du kan setja bollen på hovudet.(Eg har så glatt bolle at heile klumpen hadde seilt ut, men de skjønner vel kva eg meinar?

- Visp inn sukker litt etter litt.
- Pisk til du får ein tjukk og smidig marengs. (Da står i oppskrifta at du skal vispa i 20 min, men da har eg aldri gjort. Er jo ein eeeeevighet! Eg visper til den er blank og tjukk, ca 10min.)
- Bland forsiktig i maismel, vaniljesukker og eddik.(Her og bryt eg litt reglar…. Eg visper inn dei siste ingrediensane. Vanskelig å vispa “forsiktig”)
- Tegn opp ein sirkel på ca 25 cm i diameter.
- Fordel marengsen utover sirkelen, og lag eit lite “rede” på toppen. (Eg heldt meg bittelitt ifrå streken, eg er veldig glad i høge kaker)
- For å få ein fin form på marengsen, pleier eg å ta slikkepotten og dra nedenfrå og opp.
- Forvarm ovnen til 250 grader. Skru ovnen ned til 100 grader, og plasser marengsen på nederste rille i ovnen.
- Steik i 60-90 min. Visst ein har ein flat marengs heldt da med ein time, visst du har ein svær klump som eg opererer med, må ein berekna litt lengre steiketid.
- Husk at alle boller og redskaper du bruke er heilt reine
- Marengsen kan du laga nokre dagar i forveien, men etter at du har pynta kaka bør ho fortærast innan samme dag.
- Ikkje skipp eddiken. Eddik er med på å bidra til at du får den litt seige konsistensen i midten.
Så er det tid for topping. Her fann eg ei kjempeenkel og kjempegod oppskrift på eggekrem, og ikkje minst steg for steg oppskrift av korleis du lager pavlova visst du aldri har laga marengs før.
Fyll:
5 dl krem
5 dl vaniljekrem
Masse friske bær
Bland vispa krem saman med vaniljekremen og ha oppå kaka. Pynt med masse friske bær. Me pynta med sjølvplukka blåbær, og ikkje fullt så sjølvplukka rips.
Lykke til og God helg!
Søndagskos-Mokkablautkake!
- Usalta smør, til smøring
- 4 dl kveitemjøl
- 1 1/2 ts bakepulver
- 4 ss kakaopulver
- 1 1/4 dl fint sukker
- 2 egg
- 2 ss maissirup eller lys sirup
- 1 1/2 dl solsikkeolje
- 1 1/2 dl melk
Fyll
- 1 ts frysetørra pulverkaffi
- 1 ss kokande vatn
- 3 dl kremfløyte
- 2 ss melis
Til pynt
- 200 gram sjokolade, revet
- Melis til dryss
Framgangsmåte
Forvarm steikeovnen til 180 grader. Smør tre 18cm store springformer lett. Sikt melet, bakepulver og kakao i ein stor blandebolle. Rør inn sukkeret. Lag ei grop i midten og ha i egg, sirup, olja og melk. Bruk ei tresleiv til å røra dei tørre ingrediensane inn i da våte, til røra er jevn. Fordel røra i dei smurte formane.
Steik kakebunnane i 35-45min, eller til dei kjennes fjærande. La dei stå til avkjøling i forma i 5 min før ein tar dei ut.
Lag fyllet slik
Rør ut pulverkaffien i da kokande vatnet, og ha væska i ein bolle tilsamans med fløten og melisen. Pisk til blaut krem. Legg kakebunnane lagvis med halvparten av kremen. Fordel resten av kremen oppå og rundt kanten av kaka. Klem forsiktig finrevet sjokolade fast langs kanten.
Ha kaka på ei serveringsfat. Fordel hakka sjokolade oppå kaka. Kipp nokre smale strimlar med bakepapir, og legg dei på kryss og tvers oppå sjokoladen. Dryss lett med melis og fjern bakepapirstrimlane og……..ET!
Farmors iskake
2 dl sukker
3 eggeplommer
1 beger philadelphia ost
3dl kremfløte
1ts vaniljesukker
7-8 knuste digestivekjeks
Pisk saman egg og sukker, og bland inn osten og kjeksen.
Pisk kremfløte og vaniljesukker til krem og vend det forsiktig saman med den andre blandinga.
Tada! Hiv den inn i frysen og slapp av mens du venter i nokre timer til isen er stivna:
Me pleiar feks å ha browniesrestar i isen:
Eller kjeks ein likar, sjokoladebitar eller heimalaga fløtekarameller. Å ha nøttebunn er og veldig godt. Oppskrift kjem nok:-)
Kjempegod is!
Kjempelett fransk sjokoladekake.
Kjedelig søndag så Morten lagde fransk sjokoladekake med flytande kjerne:
250gKokesjokolade
259g Usaltet smør
5egg
2dl sukker
3 dl kveitemjøl
1ts bakepulver
Først må ein smelta sjokoladen i vannbad:
Så må ein piska eggedosis av sukker og egg. Gjer da leeeeenge slik at eggedosisen blir skikkelig fluffy, ca 10min.
Så blander du det våte saman, og tilset det tørre.
Steikes på 200grader i 30 min. Avkjøl og lag glasur eller berre smelt ein melkesjokolade og smør det oppå. Kjempelett og godt!

