Tagget: hasselnøtter

Salte TRippelnøtter

Sjokolade

Oppskrift funne i Tara smak, måtte jo prøvast. Nam!

  • 100 gram hasselnøtter
  • 1/2 dl sukker
  • 2 ss smør
  • Ei stor klype salt
  • 200 gram mørk sjokolade
  • Havsalt
  • 2 ss kakao
  1. Rist hasselnøtter i ei tørr varm steikepanne.
  2. Smelt sukkeret i ei steikepanne til du har fått ein gyllenbrun karamellkonsistens. Rør raskt inn smør og ei klype salt. (har du aldri smelta sukker før kan du få tips her)
  3. Tilset hasselnøtter i blandinga og rør godt rundt i panna. Pass godt på at du ikkje brenn nøttene.
  4. Ha nøttene over på eit bakepapir og la dei kjølne.
  5. Smelt sjokoladen og hell sjokoladen over nøttene.
  6. Strø over med havsalt,  og sikt over kakao.
  7. Set nøttene i kjøleskapet til alt er stivt.
  8. Nyt!

IMG_6350

God helg!