Tagget: Grytemat

Tomatgryte med Torsk

IMG_3891

Me har ete mykje fisk i det siste, mykje!

Idag vart det torsk med tomat, heilt super kvardagsmiddag. Det ser kanskje ikkje så himla godt ut på bileta, men me kan forsikra dykk at det smaker kjempegodt. Netsen ein liten fuske Bacalao.

Oppskrift har me operert dårlig med i det siste, men du treng sånn cirka:

  • 1 lauk
  • 2 fedd kvitlauk
  • 1 boks tomat
  • 2 ferske tomater
  • 1 chili
  • Torsk
  • Poteter
  • Grønnsaker for eksempel gulrot, brokkoli og blomkål.
  • Persille
  • Salt og pepper

1-Finhakk lauken og steik til den er blank og fin.

2-Så tilset du tomat på boks.

3-Tilset så grovhakka ferske tomater, finhakka chili og finhakka persille. La det koka i ca 10 min.

4-Ha oppi ferdigkokte poteter i biter tilsamans med ferdigkokte grønnsaker.

5-Ha blandinga i ei ildfast form og legg torsken på toppen. Salte og pepre.

6- Dekk med aluminiumsfolie og steik i ovnen på 200 grader i ca 10- 15 min.

IMG_3892IMG_3893

IMG_3895IMG_3894

IMG_3897

IMG_3902

Og gjett kva me har laga! Paella!

Skikkelig snæddent! Oppskrift kjem sjølvsagt, er berre det at oppskrifta er så fryktelig lang…. men den kjemSmilefjes

IMG_3766

Enkel Middag- Gryte med Kjøttdeig og Sopp

IMG_1371

4 pers

  • 200 gram sopp
  • 400 gram karbonadedeig
  • 2 fedd kvitlauk, finhakka
  • 1 vårlauk, hakka
  • 3dl kjøtbuljong
  • 1 ss soyasaus
  1. Tørk av soppen, del i bitar og steik. Ha over på eit fat.
  2. Steik karbonadedeigen ilag med 2 fedd kvitlauk og hakka vårlauk.
  3. Hell over kjøtbuljongen og soyasausen, og la da koka i nokre min.
  4. Ha oppi soppen og server!

Eg åt gryta med tomat i båter og fetaost, mens Morten…..

IMG_1374

Åt gryta med steikte poteter!

IMG_1381

IMG_1379

IMG_1382

Idag har eg laga squash spaghetti for første gong, og eg vart positivt overraska! Oppskrift kjem imorgon.

Raud Thailandsk gryte med kjøtboller!

IMG_1191

Jammen vart da thailandsk inspirert middag idag og!

Eit lite bevis på at me et mykje thaimat:

Heilt tomt! Pluss at me har 3 andre bokser som er halvtomme i kjøleskapet… imponerande når ein berre brukar eit par skeier kvar gong!

IMG_1175

2 sultne personer….veldig sultne.

  • 1 pakke karbonadedeig som du lagar kjøtbollar av. Oppskrift finn du her
  • 2 bokser kokosmelk
  • 2-4 ss raud karripaste
  • 2 bokser minimais, kutta i bitar
  • 1 raud paprika, kutta i bitar
  • 1/2 raudlauk, i tynne ringer
  1. Steik kjøtbollane gyldne på begge sider, og hell oppi kokosmelka+karripasten. La da koka til kjøtbollane er gjennomkokte og gryta er fin og raud.

IMG_1171IMG_1173

2. Ha så oppi grønnsakene, og kok opp.

IMG_1179

Og da er du faktisk ferdig!

Me har sagt da før, men me seie da igjen: Den beste karripasten er den raude/lilla boksen!Den er ikkje så sterk som dei andre, og da kan du ha i meir. Og da får du den fine fargen!

IMG_1181

IMG_1190

Server med nudler, ris eller potet. Og nytSmilefjes

 

IMG_1196IMG_1194

Grøn Torsdag-Thailandsk kylling!

IMG_1156

Ein “slags” thailandsk kyllingrett. Eg mangla riktignok både kaffirlimeblad og sitrongras, men eg hadde mykje anna grønt i kjøleskapet!

Regelen var enkel: Alt som var grønt fekk lov å vera med på middagsfesten! Kjempesunn middag vart da no ihvertfallSmilefjes

2 pers

  • 2 fedd kvitlauk, finhakka
  • 2 kyllingbryst, hakka i bitar
  • 2 ss karripaste
  • 2 bokser kokosmelk
  • 1/3 purrelauk, finhakka
  • 1 stilk vårlauk, finhakka
  • 1/2 pose spinat, vaska og finhakka.
  • 1/2 squash, finhakka
  • 1 liten pose sukkererter
  • 1/2 brokkoli, i små bukettar
  1. Steik kyllingen ilag med kvitlauken.
  2. Hiv oppi vårlauk og purrelauk og steik i eit par min.
  3. Ha oppi 2 ss med grøn karripaste og rør rundt.
  4. Ha oppi kokosmelka, og kok opp.
  5. Tilset spinaten og kok opp igjen.
  6. Hiv oppi sukkerertene, squashen og brokkolien. Ta på lokk, skru ned varmen og la da trekka i nokre min.
  7. Ferdig!

IMG_1149IMG_1150

IMG_1152IMG_1153

IMG_1154IMG_1150

Server med anten poteter, nudler eller ris. Eller gjer som meg, et da som ei gryta!

IMG_1160

IMG_1163

Biff Stroganoff med fløte og sennep!

IMG_1061

4 pers

 

  • 500 gram mørt biffkjøt
  • 2 ss olje
  • 125 gram sjalottlauk
  • 175 gram sopp
  • 1/2  ts dijonsennep
  • 3/4 dl kremfløte
  • salt og pepper
  1. Skjær biffen i tjukke skiver på tvers av kjøttfibrene.
  2. Varm 1 ss olje over svak varme i ei steikepanne. Tilset lauk og la den steike til den er blank og mjuk.Ha over lauken i ein bolle.
  3. Steik sopp, og ha i ein bolle.
  4. Varm 1 ss olje over sterk varme. Brun kjøtbitane.
  5. Rør saman fløte og sennep og hell over. Kok opp under omrøring. Ha i soppen og lauken. ferdig!

IMG_1063

Godt med ovnsbakte poteter til!

IMG_1073

IMG_1071

Thaigryte med scampi og ørret!

IMG_0997

Yum yum!

Som vanlig når me lagar thaigryte er det dårlig med nøyaktig oppskrift. Men kanskje me kan inspirera?Spør visst da er noko de lura påSmilefjes

1:Me starta med å steika lauk og kvitlauk blank, før me tilset kokosmelka. Denne gryta var berekna på 3 voksne menn og meg, så eg brukte 3 bokser me kokosmelk.

2: Tilset kokosmelk, og karripaste(brukte 3 ss, smak deg fram). Kok opp.

3:Ha så i grønnsaker som ein syns er godt. Me brukte minimais, sopp, brokkoli, vårlauk,  mais på boks, squash og gulrot, alt kutta i bitar. Kok opp igjen.

4: Ha så i scampien og fisken, skru ned varmen og ha på lokk. La stå under lokk i 5-10min. Husk at da ikkje skal koka, berre trekka.

Og da har ein laga ein kjempeenkel middag som mettar mange! Server med ris og/eller nudler. Me serverte med ris, nudler og pitabrød…..faktiskSmilefjes

IMG_0981

Me har både gul, oransje, grøn og lilla karripaste i kjøleskapet. Lilla og raud er favoritten! Fåes kjøpt på Global Food v/bystasjonen visst ein bur i bergensområdet.

IMG_0982IMG_0986

IMG_0985IMG_0988

Kjempegodt og ikkje minst kjempesunt!

Ørreten kan du byta ut med anten laks eller torsk. Eller skippa sjømatenheilt,  og heller laga med anten kjøt eller kylling. Alt går!

IMG_0995

IMG_0999

Thaigryte med reker

IMG_0887

Er da noko eg aldri blir lei, så er da thaigryter! Steik litt grønnsaker, hell oppi kokosmelk, tilset litt currypaste og vips! Kjempesunn Middag!

Når eg lager slike gryter har eg  neeeeesten aldri oppskrift, men eg brukte desse ingrediensane denne gongen:

  • Sopp
  • Raudlauk
  • Purrelauk
  • Tomat
  • Reker
  • Kokosmelk
  • Currypaste

Framgangsmåten er heilt lik som i denne oppskrifta, bortsett frå at rekene og tomatane blir tilsatt heilt til slutt. Dei skal ikkje koka, berre varmast i gryta.

IMG_0882IMG_0880

IMG_0881IMG_0883

 

 

IMG_0888

Andre thaioppskrifter:

-Thailandsk kyllingryte

-Thailandsk fiskegryte

Og her finn du litt info om currypaste

DSC_0066