Tagget: Grønnsaker

Grateng i ein fei!

Kjøttdeig grateng

Ein grateng heilt utan pasta og potet. Kun grønnsaker og kjøt!

400 g kjøttdeig

2 fedd kvitlauk

1 ss smør, margarin eller olje

1 bk hakka hermetiske tomater

3 ts hakka frisk oregano ELLER:

1 ts tørka oregano

salt og pepper etter smak

2 stk lauk

1 stk squash

4 stk tomat

100 g revet kvitost

 

1.Brun kjøttdeigen i smør i ei panne. Tilsett hakka tomater, oregano, salt, pepper og hakka kvitlauk. La det koka i ca. 10 minutter.

2.Legg kjøttdeigen i ei ildfast form. Skjær løk, squash og tomater i tynne skiver, og legg det taksteinslagt om kverandre over kjøttdeigen. Strø på revet ost.

23.25 grader C i ca. 20 minutter.

Veldig godt attår villris!

(Oppskrift frå Klikk.no)

Kjøttdeig 2

Grøn Torsdag-Thailandsk kylling!

IMG_1156

Ein “slags” thailandsk kyllingrett. Eg mangla riktignok både kaffirlimeblad og sitrongras, men eg hadde mykje anna grønt i kjøleskapet!

Regelen var enkel: Alt som var grønt fekk lov å vera med på middagsfesten! Kjempesunn middag vart da no ihvertfallSmilefjes

2 pers

  • 2 fedd kvitlauk, finhakka
  • 2 kyllingbryst, hakka i bitar
  • 2 ss karripaste
  • 2 bokser kokosmelk
  • 1/3 purrelauk, finhakka
  • 1 stilk vårlauk, finhakka
  • 1/2 pose spinat, vaska og finhakka.
  • 1/2 squash, finhakka
  • 1 liten pose sukkererter
  • 1/2 brokkoli, i små bukettar
  1. Steik kyllingen ilag med kvitlauken.
  2. Hiv oppi vårlauk og purrelauk og steik i eit par min.
  3. Ha oppi 2 ss med grøn karripaste og rør rundt.
  4. Ha oppi kokosmelka, og kok opp.
  5. Tilset spinaten og kok opp igjen.
  6. Hiv oppi sukkerertene, squashen og brokkolien. Ta på lokk, skru ned varmen og la da trekka i nokre min.
  7. Ferdig!

IMG_1149IMG_1150

IMG_1152IMG_1153

IMG_1154IMG_1150

Server med anten poteter, nudler eller ris. Eller gjer som meg, et da som ei gryta!

IMG_1160

IMG_1163

Grønnsaksgrateng med cottage cheese

IMG_0971

Dette var kjempegodt! Morten hadde for å sei da mildt,  lave forventningar når eg sa eg skulle laga grønnsaksgrateng til middag, men Morten åt opp 3/4 av forma! “Schhmake godt” mumla han,  og deiste på sofaen.

  • 1 l forvellede grønnsaker i terninger, f.eks. kålrot, gulrøtter, sellerirot, purre og brokkoli
  • 100 g cottage cheese
  • 2 stk egg
  • 1 dl reve ost (brukte Norwegia ekstra lett)
  • 0,5 ts salt
  • 0,25 ts pepper
  • 0,5 ts tørket timian eller merian

Varm steikeovnen til 200 ºC.
Del grønnsakene i terningar og kok i lettsalta vatn til grønnsakene er knapt møre. Begynn med å koka kålrot, gulrot og sellerirot. Purre og små brokkolibuketter legges i heilt mot slutten.
Bland sammen cottage cheese, eggeplommer, reve ost og krydder. Stivpisk eggekvitane og vend dei inn i cottage cheese blandinga.
Legg godt avrente grønnsaker i et smurt ildfast fat og hell røra over. Stek i 20-25 min til gratengen er gyllen og stivnet.

IMG_0966IMG_0968

Godt med kalkunpålegg og brød til!

IMG_0972

Oppskrifta fann eg på Klikk.no.

Himmel i ei ildfast form-Skalldyrpanne!

IMG_0507

Å fyttikatta, dette var godt!Denne retten trur eg pinadø seilte inn på Topp 10 lista mi. Dette kjem eg muligens til å leva på i heile sumar….perfekt GRILLMAT!

Dessutan var da knallgodt med ein fatøl attåtSmilefjes

IMG_0502

4 Personer

  • 600 gram nypoteter, delt i to
  • 3 raudlauk, i båter
  • 2 squash, i bitar
  • 100 gram sopp
  • 8 fedd kvitlauk, heile skrelt
  • Urter, for eksempel basilikum. Rosmarin er og godt.
  • Olivenolje
  • 400 gram rå kjempereker
  • 2 små rå blekksprut
  • 4 tomater, i båter
  • Salt&pepper(me brukte Maldonsalt)
  1. Forvarm ovnen til 200 grader
  2. Legg poteter, raudlauk, squash, kvitlauk, og urter i ei langpanne.
  3. Drypp på olje, og krydre med salt og pepper. Vend alt godt saman.
  4. Sett langpanna i ovnen i 30 min, til alt er mørt.
  5. Ta ut langpanna, legg i reker, blekksprut og tomater. Steik vidare i 10min.
  6. Server!

Dessverre så har ikkje Nordhordland ein einaste blekksprut å selga, me har vert i alle butikker og ikkje funne ein einaste blaut blekksprut. Men neste gong skal me vera betre forberedt å ta oss ein tur innom kjøttbasaren. Blåskjell skal no ihvertfall oppi neste gong!

Sidan eg er ein person som er veldig glad i å ha saus på middagen min, laga eg ein saus av krafta og ein dæsj fløte. Hell oppi litt fløte i ein kjele, hell oppi litt kraft og kok opp.Ferdig!Deilig!

IMG_0504

Da var fleire i heimen som syns da lukta svært så godt.

Rett bak ryggen min satt katten Britt og tigga, på høgresida mi satt Balder og gjorde seg så fin han berre kunne:

IMG_0509IMG_0510

Heldigvis er dei riktig så gode vener:

IMG_0511

Dette her må no vera perfekt hyttemat?

IMG_0496IMG_0501

IMG_0507

Sesamsteik Laks med Blomkålmos-og ein liten saus åpenbaring

Laks:

Først vender du laksen til den er dekka med kveitemjøl.

Dypp den så i ei skål med eit piska egg, før du tilslutt vender laksen i sesamfrø.

Steik i ei glovarm panne i cirka 2-3 min til fisken er blitt gylden.

Blomkålmos:

Skjær opp blomkålen i bitar og kok til dei er møre.

Sil av dei og mos dei tilsamans(brukte stavmiksar) med ein skvett fløte.

Smak til med salt og pepper.

I tillegg tilsatte eg kvite og svarte sesamfrø og littegranne wasabi. Kjempegode smaker til laks.

Spinat og fløtesaus:

Mos cirka 30 spinatblad tilsamans med ein halv boks fløte, 1 fedd kvitlauk og ha i ein kjele. Kok i ca 5 min. Smak til med salt og pepper.

Ein saus som vart til på slump og som viste seg å vera knallgod til fisk! Skal definitivt prøvast ilag med torsk!

Gulrotsuppe med biff og vårlauk

DSC_0031

4 gode porsjoner:

  • 600 gram biff
  • 1 1/2 kg gulrot
  • 400 gram poteter
  • 1 lauk
  • 1, 2 liter kjøttbuljong
  • 1 dl kesam
  • Salt&pepper
  • Vårlauk

Skrell gulerøtter og poteter, og hakk opp i små biter. Finakk lauk og kvitlauk og steik da gyldent i ei panne. Hell oppi kjøttbuljongen, kok opp og ha i poteter og gulerøtter. Kok i ca 15 min. Bruk stavmikser og kjør suppa glatt. Smak til med salt, pepper og kesam. Serveres med biff og vårlauk .

Godt med rundstykker med fetaost til… og litt fetaost oppi suppa og igrunn:-)

DSC_0028

DSC_0030

DSC_0032

DSC_0037

Squashsuppe

DSC_0021

  • 2 Squash
  • 1 Gul lauk
  • 2 Fedd kvitlauk
  • 2 ss Olivenolje
  • Salt&Pepper
  • 8 dl vatn
  • 1 1/2 hønsebuljongterning
  • Revet ost

Skjør squash, lauk og kvitlauk i biter. Steik med litt olje i et par min. Hell over vatn og smuldre over buljongterningane. Kok under lokk i 15 min. Hell suppa i ein foodprocessor og kjør den jevn og glatt, eller bruk ein stavmikser. Hell suppa tilbake i kjelen og kok opp. Smak til med salt og pepper. Topp med revet ost og server!

DSC_0022

DSC_0024