Tagget: Fisk

Husmorsushi – Sashimi med Fullkornris!

Husmorsushi5 

Hadde eg hatt masse penger kunne eg ha bestillt sushi kvar dag. Hadde eg ikkje vert litt lat hadde eg laga sushi kvar dag. Eg gidd ikkje koka sushiris, kutta opp grønnsaker og rulla makiruller,  og laga nigiri kvar dag. Så her kjem husmorsushien inn, og den er grådig enkel! Utvikla av ei som elskar sushi:-)

Dette er noko eg lager på ein vanlig kvardag,  og eg kooooser meg med det.

“Ordentlig” husmorsushi skal eg og dela på bloggen, den er litt meir proff. Plutselig kjem da eit innlegg. Men, over til tirsdags-sushien min.

Du treng

  • Salma laks
  • Fullkornris
  • Sesamfrø
  • Avocado/agurk/Vårlauk
  • soaysaus
  • Lime
  • Sukker
  • Kvitlauk
  • Ingefær

1.Du koker vanlig fullkornris.

2.Du ruller salmalaksen i sesamfrø, og kutter opp laksen i skiver.

3. Kutt opp avokado, agurk og vårlauk i små biter.

4. Lag soyadressing:

Soyadressing

  • 0, 5 dl soyasaus
  • 0,5 dl limesaft, ferskpressa
  • 2 ts sukker
  • 1 fedd kvitlauk, finhakka
  • Ca 1 ts finhakka ingefær

5. Bland soyadressingen ilag med risen og dei ferdigkutta grønnsakene.

6.  Server laks ilag med ris og gjerne litt avocado og vanlig soaysaus attåt. Ponzusaus er og godt til!

Håper du blei inspirert!

Husmorsushi6

Husmorsushi4

Husmorsushi3

Laks i Smørsaus

Laks

Ein ganske vanleg søndagsmiddag, laks og potet. Men smørsausen gjer den ekstra god.

Laksen har eg bakt i omnen, og potetene er kokt.

Så har eg steikt raudlauk, gul lauk, tomater, vårlauk og blanda saman med sjølve smørsausen. Deilig søndagsmiddag!

Smørsaus:

  • 3-4 fedd kvitlauk
  • 60 gram smør
  • 2 ts buljongpulver(me bruker kjøttbuljong)
  • Ca 50 gram parmesan
  •  

    Skrell kvitlauksfeddene, og finhakk. Varm opp kvitlauk, og smør på lav varme. Damp blandinga på middels varme i ca 5min. Rør om fleire ganger. Strø over buljongen, og rør godt inn i blandinga. Tilsett parmesan i den varme blandinga og rør godt.

    Laks2

    Ei anna oppskrift med smørsaus, laks med spaghetti. Klikk på bilete for å komma til oppskrift.

    http://www.alltidsulten.com/wp-content/uploads/2010/10/DSC_0172.jpg

    Kokoslaks

    Laks kokos

    Oppskrifter finn eg overalt, og akkurat denne oppskrifta fann eg i eit Hjemmet blad hos farmor. Rasande kjapp middag!

    Eg hadde ikkje fersk koriander, så da sløyfa me det akkurat denne gongen.

    Dessuten så brukte eg mykje meir enn 3 ss kokosmelk i kvar pakke, dette velger du sjølv. Her i huset er me glade i kokosmelk!

    4 pers

    • 800 gram laksefilet
    • 1 boks kokosmelk
    • 2 lime
    • 2 raude chili
    • 1/2 potte koriander
    • 3cm ingefær
    • Salt og pepper
    1. Lag 4 kvadratiske ark med folie, og smør kvart stykke med litt smør.
    2. Legg eit laksestykke på kvart ark.
    3. Topp med 3 ss kokosmelk, revet skall og saft av lime, finhakka chili og revet ingefær.
    4. Dryss over med hakka koriander, salt og pepper.
    5. Brett folien saman og sett pakkane i ei ildfast form.
    6. Bak fisken midt i omnen ved 200 grader i ca 15 min.

    Neste oppskrift: Laks som bader i smørsaus!

    Laks2

    Sunnheten sjølv: Laks med Squash og Kålsalat

    IMG_6110

    La oss innsjå det. Under 2 måneder til bryllup. Då blir det andre boller.( Les: Ingen boller. Nesten ihvertfall).

    Heldigvis er sunn mat ganske godt, berre oppfinnsomheten som set grenser.

    Kålsalaten var ein liten overraskelse, skikkelig god attåt laksen. No er jo eg veldig glad i eddik, unormalt glad i eddik påstår nokon, men dette var ein frisk og sommerlig middag. (Eg hadde sjølvsagt meir eddik i enn det som er i oppskrifta)

    Ein sunn og rask sommermiddag, perfekt!

    Squash-og Kålsalat

    • 1 squash, revet
    • 1/4 hodekål, strimla
    • 1 ts kvitvinseddik
    • 1 ts salt
    • 1 ss olje
    • Litt bladpersille, finhakka

    Vend kål med eddik og salt. La det stå i ca 10min. Vend inn squash og olje, og smak til med persille.

     

    Etter at me kom heim frå Hellas har tzatziki sneke seg oppå det meste….:-)

    IMG_6115

    Anna godt som eg har laga etter me kom heim:

    Laks bakt i kokosmelk.

    IMG_6118

    Salat med laks, spaghetti, mozzarella, oliven og solørka tomat

    IMG_6086

    Thai salat med laks

    IMG_6092

    Rista kikerter

    IMG_6098

    Gresk salat

    IMG_6063

    Og eg har meska meg med masse deilige bær

    IMG_6072

    Og oppskrifter kjem sjølvsagt.

    Klem i fleng!

    Favoritt – Laksepresang!

    Torskepakke

    Denne middagen et me i snitt ein gong i veka. Kjemperaskt og superdigg.

    Favoritt grønnsakene våre i fiskepakke er:

    • Raudlauk
    • Gul lauk
    • Kvitlauk
    • Purrelauk
    • Vårlauk
    • Gul, grøn, oransje og raud paprika
    • Persille
    • Ein liten skvett fløte

    1.Kutt alle grønnsakene i små bitar, og krydre med litt salt og pepper.

    2.Legg alle ingrediensane på aluminiumfolie som du har pensla med litt olje. Bland godt. Legg fisken oppå.

    3.Pensl kantana på aluminiumfolien med egg, og “lim” saman folien. Folien kjem til å blåsa seg opp, og ingen smakar unnslepp folien.

    4.Steik i ovnen på 225 grader i 15-20min.

    5. Fløten du har i folien blir ein supergod saus. Ha den i ein kjele og tilset meir fløte om nødvendig. Kok opp og du har ein vidunderlig saus.

    http://www.alltidsulten.com/wp-content/uploads/2012/02/IMG_4558.jpg

    Torskepakke 2

    Saus som passer perfekt til Torsk Del 2!

    IMG_4890

    Denne sausen har eg funne hos på bloggen til Trine. Visst du er glad i balsamico anbefaler eg denne sausen. Kjempegod!

    Balsamico er og veldig godt til tomatsalat og kylling. (Etter eit lite søk på bloggen ser eg at eg ikkje har delt med dykk ein av den første middagen eg laga til Morten, og som fortsatt er hans favoritt. Det lover eg at eg skal gjera noko med. Emelies Balsamico kylling er på vei.)

    2 sultne personar som er glade i saus:

  • 6-8 sjalottløk
  • olje
  • 1 ss sukker
  • 1 dl balsamicoeddik
  • 1 dl fiskekraft
  • 1 ss usaltet smør

    Surr lauken i olje på lav varme, til den såvidt er mør. Tilset sukker og la det smelta,  og ha deretter i balsamicoeddiken og la den surra med til den nesten er kokt inn. Tilset fiskekraft eller fiskebuljong og kok inn, til du har en ganske tjukk saus. Det som er viktig når du lagar denne saúsen er at du smaker deg frem underveis, kanskje må du tilsetje meir sukker dersom balsamicoeddiken din er litt sur, eller meir vatn dersom fiskebuljongen er salt. Rør inn smøret rett før servering.

  • Saus som passer perfekt til Torsk Del 1!

    IMG_4140

    Som mange sikkert  veit så er me veldig glade i torsk her i huset. Helst steikt i ei panne med skikkelig smør. Men ein må jo ha “sos”!

    Denne torskesausen er min absolutte favoritt! Ingenting slår denne sausen. Visst du treng bevis for at den er god,  kan eg fortelja at mamma satt og skrapte desperat i bunnen av kasserollen førtse gong ho smakte den. Og ja, den er så god.

    Sausen har eg rappa frå Bent Stiansen, og eg kunne ikkje vert meir glad for at eg snubla over den lille notisen som eingong stod i eit blad. Hipp hurra for det.

    Er absolutt best til potetmos. (sausen er forresten veldig god til laks også)

    Soyasaus

    • 100 gram smør
    • 1 dl ketjap manis
    • 2 ss salt soya
    • 1 ss limesaft
    • 1 ss revet ingefær
    • 1 kvitlauksfedd, hakka
    • 1 ts hakka chili

    La smøret bli nøttebrunt i ei panne, og tilset dei andre ingrediensane. Hold sausen varm til servering.

    Om du ikkje får tak i ketjap manis, er det absolutt ingen problem å erstatta den med vanlig soya. Dei siste gongane har eg sløyfa ketjap, og heller brukt soya. Tilset soya litt etter litt og smak deg fram. Det kan bli veldig salt visst du pøser på med vanlig salt soya.

    Asiatisk Torsk med krydra nudler!

    IMG_4456

    4 pers

    • 4 torskestykker på ca 150 gram
    • Finrevet skall av 1 sitron+sitronsaft
    • Paprikapulver
    • Salt og pepper
    1. Pensle fisken med litt olje og sitronsaft. Dryss med sitronskall og paprikapulver.
    2. Salte og pepre fisken.
    3. Ta bakepapir på ei rist og legg fisken oppå.
    4. Steik i ovnen ca 10 cm under steikeovnsgrillen på 200 grader, på grill. Tar ca 10min-15, spørs kor tjukk torsken er.

    Nudler

    • 250 gram eggnudler
    • 1 ss olje
    • 2 kvitlauksfedd, finhakka
    • 4 cm revet fersk ingefær. (Eller 2ts ingefær frå glass)
    • 4 ss søt soyasaus
    • 1/2 chili , finhakka utan frø
    • 1 ss thailandsk fiskesaus, Nam Plas.
    • Frisk koriander.
    1. Kok nudlane.
    2. Bland saman ingefær, chili, kvitlauk, soyasaus, fiskesaus og olje i ei varm steikepanne.
    3. Tilset nudlar i den varme blandinga og rør godt. Dryss over frisk koriander.
    4. Server torsken saman med nudlane, og ein dæsj soyasaus. Nam nam!

    Nytt år- Nye Oppskrifter: Laks med Grønnsaker og Ingefærsaus

     

    IMG_4318

    Godt Nyttår!

    Sidan me har ein stor dag som kjem i august, seie da seg sjøl at me kjem til å ha hovedfokus på sunn mat framover.  Men slapp heilt av, ingen er fanatiske i dette huset.  Noken usunne kaloribomber dukker plutselig opp! Uansett så blir det mykje fisk, grønnsaker og grovbakst framover.

    Noko me kjem til å snusa mykje på framover er asiatisk mat. Asiatisk mat er rett og slett perfekt, og me blir meir og meir glad i det store, smakfulle asiatiske kjøkkenet.

    Desse godbitane ligg i oppskriftshaugen min, og kjem til å havna på bloggen framover,  visst resultatet blir bra:

    • Sesambakt Ørretfile med nudler.
    • Torskefilet i kokosmelk med squash.
    • Biff med Sesampoteter.
    • Middelhavssuppe med Yoghurt.
    • Laks med kremost med kvitlauk, grønnsaker og ris.
    • Eksotisk biff.
    • Steikt torsk med bakte tomater og ovnssteikte poteter.
    • Bakt laks med lun potetsalat.
    • Tomat- og Chevre-Terte
    • Grove quesedilla med kylling.
    • Biff med kvitlauk, Ingefær og Pak Choy.
    • Kokoskarri med Scampi og Grønnsaker.
    • Grilla Laks med Soyadressing.
    • Steikt Laks med Sennepsmos.
    • Pestolaks med Bakte Grønnsaker.

    Visst me i tillegg får tak i økologisk kylling, har eg nokre saftige kyllingoppskrifter på lur.

     

    Dessutan er 3 asiatiske kokebøker på veg i postkassen min, så dette kan bli spennande!

     

    Første oppskrift: Superenkel Laks med teriyakisaus!

     

    4 personar

    • 4 stk Laks
    • 1 pakke Wok grønnsaker
    • 1 dl teriyakisaus
    • 2 pk eggnudler
    • 4 dl yoghurt naturell
    • 2-3 ss matolje
    • 1 ts revet frisk ingefær
    • Salt og pepper
    1. Tin fisken. Set steikeovnen på 175 grader. Legg fisken i ei smurt ildfast form. Pensle laksen med teriyakisaus.
    2. Steik fisken 1 15-20 min.
    3. Kok nudler.
    4. Smak yoghurten til med ingefær, salt og pepper.
    5. Steik grønnsakene i olje. Tilset nudler og smak til med salt og pepper.
    6. Server nuddelblandinga sammen med den steikte laksen og resten av teriyakisausen og yoghurtblandinga.

    Torsk med Spanske Poteter!

    IMG_4029

    Det har vert stille frå denne kanten ei stund no, men unnskyldningen er grådig god: Eksamenstid! Men me smett innom for å dela denne supergode tirsdagsmiddagen:-)

    4 pers

    • 2 ss olivenolje
    • 500 gram potet, i bitar
    • 1 lauk, skåret i skiver
    • 1/2 chili, finhakka. Med frø visst du er ein tøffing.
    • 1 ts sennep
    • 400 gram tomater på boks,  som du moser med for eksempel ein stavmikser.
    • 3 dl grønnsaksbuljong
    • 2 ss tomatpure
    • salt & pepper
    • Persille
    1. Varm olja i ei stor gryte. Tilset poteter og lauk. Steik under omrøring i 4-5 min, eller til lauken er mjuk og gylden.
    2. Tilset chili og sennep. Steik i ca 2 min til.
    3. Rør inn tomat og grønnsaksbuljongen. Kok opp, og skru ned varmen. la det koka i 25 min, til potetene er ferdigkokte.
    4. Dryss over persille og server med steikt torsk.