Tagget: Brød

Julebrød

Julebrød

Kaloribombe brødet mitt er herved omdøpt til julebrød. Kva er vel jula utan massive kaloribomber? Kanskje ikkje typiske jule ingrediensar, men så har eg heller aldri brydd med med sånne små detaljer. Så lenge smaken er god!

Brød med friske urter, fetaost, oliven, soltørka tomat og cheddar!

til 1 brød:

  • 210 gram kveitemjøl
  • 2 ts bakepulver
  • 1/2 ts salt
  • 4 egg, romtempererte
  • 0,6 dl olje
  • 120 gram matyoghurt
  • Fersk timian eller bladpersille, finhakka
  • 150 gram fetaost, smuldra
  • 50 gram cheddar, revet
  • 100 soltørka tomat i olje
  • 40 gram oliven utan stein

Framgangsmåte:

  1. Bland saman kveitemjøl, bakepulver og salt.
  2. Visp saman egg, olje, matyoghurt, og urter i ein anna bolle
  3. smuldre opp fetaosten, riv cheddaren, hakk opp soltørka tomat og oliven

Lag ein fordjupning i midten av melet og rør forsiktig inn eggblandinga. Ikkje rør for mykje, men akkurat nok til at ingrediensane blir blanda. Vend inn feta, cheddar, soltørka tomat og oliven i blandinga.

Smør inn ei brødform med olje, og legg bakepapir i bunnen av forma.

Ha i blandinga i brødformen og steik på 180 grader i 50-60 min.

Brødet heldt seg godt visst du pakker det godt inn i plast og oppbevarer det i romtemperatur. Eit perfekt brød til julefrokosten.

julebrød 2

Mitt første no knead bread!

IMG_0773

Eg har heilt gløymt å fortelja at i påsken laga eg mitt første no knead bread! Inspirert av bloggen Mat på Bordet

Visst du søker på “no knead bread “på bloggen hennar, dukker da opp ein heil haug med oppskrifter.

No knead bread er rett og slett eit brød ein slepp å kna. Det at ein ikkje knar brødet, blir erstatta av lang hevetid. Men å la eit brød heva er jo ikkje akkurat hardt arbeid?Smilefjes 

Oppskrifta kjem frå eit bakeri i New York, og har blitt ei kjempepopulær opskrift. Alle vil jo ha eit godt bakeribrød i heimen!(Oppskrifta er blitt utvika av Jim Lahey, Sullivan Street Bakery).

Brødet blei kjempegodt, men eg trur eg skal investera i ei litt betre gryte før neste brød havner i ovnen. Eller kanskje bruka vanlig brødform og ha aluminiumsfolie over? Hmmm…da er ihvertfall ikkje siste gongen eg lagar dette brødet. Kjempedeilig!

Sjå på den flotte videon til Ina og bak i vei!

IMG_0771IMG_0774

 

IMG_0752

Påskefrokost-Byggmjølsbrød og fyllte egg!

IMG_0733

IMG_0745

 

Oppskrift Byggmjølsbrød, 3 brød:

  • 9 dl vatn, 37 grader
  • 900 gram byggmjøl
  • 50 gram rapsolje+litt ekstra til smøring av former
  • 4 ss mørk sirup
  • 700 gram kveitemjøl
  • 2 ts salt
  • 1 pose tørrgjær
  1. Rør byggmjølet ut i 5 dl av vatnet, og la da stå i 30 min
  2. Rør inn resten av vatnet, olja og sirupen.
  3. Tilset kveitemjøl som er blanda tilsamans med gjæren, og elt deigen godt saman.
  4. La den stå lunt og tildekka i 45 min.
  5. Smør 3 former  godt med olje og dryss med byggmjøl eller bruk 3 kurver.
  6. Arbeid deigen saman, og del den i 3 like store delar.
  7. Form avlange eller runde brød som legges i former, eller i korger for å få fint mønster(eg brukte ein kniv og skar mønster)
  8. La brødet heva i ein time.
  9. Brød i korg, hvelves over på ei steikeplate dekka med bakepapir.Former settes rett på steikeplaten
  10. Steik brøda på nederste rille ved 220grader i ca 40 min.
  11. Avkjøl på rist.

IMG_0741

Oppskrifta fann eg i bladet Mat og VIn, og da var kjempegodt! Tjukk sprø skorpe, nam namSmilefjes

Eg halverte oppskrifta og laga meg eit stort, rundt brød.

IMG_0739

Fyllte egg:

  • 4 egg
  • 1 boks anjos
  • 1 ss hakka persille
  • 1 ss majones

eller:

  • 4 egg
  • laksekaviar
  • 1/2 raudlauk
  • 1 ss rømme
  • Hakka vårlauk
  • salt og pepper
  1. Kok egga til dei er akkurat hardkokte, og la dei kvila i nokre min.
  2. Kakk forsiktig av toppen, og ta ut innmaten.
  3. Hakk egget, og bland tilsaman med dei ingrediensane du velger.
  4. Fyll skala med med eggeblandinga, og pynt med anjos og vårlauk.

 

IMG_0746

God frokostSmilefjes

Slumre Brød

 

Eit perfekt laurdag/søndags brød, der ein søv meir enn ein bakar,  og alikavel får stå opp til nylaga, ferskt brød.

  • 200 gram sukkerfri musli med havregryn.(eg brukte landlord sin, best i test!)
  • 325 gram sammalt kveitemjøl
  • 6 gram tørrgjær
  • 2 ts maldonsalt eller 1 ts bordsalt
  • 2 1/2 dl mjølk
  • 2 1/2 dl vatn
  1. Still vekkerklokka på 10. Stå opp og hiv alle ingrediensane i ei smurt brødform som rommar 1 liter.
  2. Set formen i kald steikeovn, og skru opp til 110 grader. Gå og legg deg igjen.
  3. Stå opp etter 45 min har gått, då skrur du opp til 180 grader. Gå og legg deg igjen.
  4. Sov i ein time til, og stå opp til nylaga, kjempegodt frokostbrød!
  5. Altså: Forma inn i ein kald ovn som settast på 110 grader i 45 min. Etter 45 min skrur du opp til 180 grader og lar da steika i ein time. Ferdig!

Emelies kaloribombe brød

DSC_0031

Brød med friske urter, fetaost, oliven, soltørka tomat og cheddar!

til 1 brød:

  • 210 gram kveitemjøl
  • 2 ts bakepulver
  • 1/2 ts salt
  • 4 egg, romtempererte
  • 0,6 dl olje
  • 120 gram matyoghurt
  • Fersk timian eller bladpersille, finhakka
  • 150 gram fetaost, smuldra
  • 50 gram cheddar, revet
  • 100 soltørka tomat i olje
  • 40 gram oliven utan stein

Framgangsmåte:

  1. Bland saman kveitemjøl, bakepulver og salt.
  2. Visp saman egg, olje, matyoghurt, og urter i ein anna bolle
  3. smuldre opp fetaosten, riv cheddaren, hakk opp soltørka tomat og oliven

Då skal da sjå slik ut på kjøkkenbenken din:

DSC_0020

Lag ein fordjupning i midten av melet og rør forsiktig inn eggblandinga. Ikkje rør for mykje, men akkurat nok til at ingrediensane blir blanda. Vend inn feta, cheddar, soltørka tomat og oliven i blandinga.

Smør inn ei brødform med olje, og legg bakepapir i bunnen av forma.

Ha i blandinga i brødformen og steik på 180 grader i 50-60 min.

Brødet heldt seg godt visst du pakker det godt inn i plast og oppbevarer det i romtemperatur. Eit perfekt brød til tapasbordet eller ei god suppe!

DSC_0027

DSC_0059

DSC_0053