Ei bra helg.
Helga begynte knallbra med ein thriller utan like som varte fra klokka 10 til 14 ein laurdags formiddag……
Ei venninne skal gifte seg neste sumar, og eg var så heldig at eg fekk bli med som ein brutal og ærlig rådgivar!
Me skulle kikka for første gang(!), og endte opp med at den framtidige brura kjørte heim med brudekjolen i bilen.
Dette blei nok for mykje for nokon, og heile laurdagskvelden gjekk med på å vera sjuk og lesa gjennom halve bladbunken:
Balder fekk ny ball som han ikkje brukte lang tid på å drepa.
Morten jobba helg, så da blei mykje kaffi drikking
Ei ny kokebok blei åpna
Søndag var formen mykje betre, og da måtte da bakast!
Definitivt den beste biscottien eg har smakt! Oppskrift finn du her, på Trine sin blogg. Eg er enig at det er verdens beste biscotti, utan tvil
Eg hadde i tillegg til originaloppskrifta ei reve appelsin og hakka sjokolade. Pluss at eg smelta sjokolade og danderte litt. Sjokolade er aldri feil:-)
Me avslutte siste rest av helga med pizza i ovnen, og godis sjølvsagt!











