Tagget: Bakst

Fantastiske deilige nydelige Brunsvidde!

IMG_5245

 

Denne oppskrifta har me funne i Morten Schakenda si fantastiske bok. Me har laga både brød og diverse andre godsaker, men akkurat denne bollen gav oss bakoversveis. Må lagast! Og du må ha kjøkkenmaskin…. kanskje du kan låna hos naboen visst du ikkje har?:-)

 

  • 1kg kveitemjøl
  • 150 gram sukker
  • 15 gram salt
  • 1-2 ss kardemomme
  • 1 pakke tørrgjær/50 gram gjær
  • 1/2 liter H-mjølk
  • 150 gram smør
  • 1 stort egg

Sukker-og Smørblanding

  • 125 gram smør
  • 125 gram brunt sukker

Slik gjer du:

  1. Ha alle ingrediensane unntatt smøret og egget i ein eltebolle, elt i 15min på sakte fart til deigen slepp eltebollen.
  2. Tilset smør i små terningar.
  3. Elt deigen til den slepp kantane på bollen og alt smøret er elta godt inn, ca 15 min.
  4. Legg deigen i ein egna bolle, dekk med plast og la den heva til dobbel størrelse.(2-3timar)
  5. Del deigen i emner på ca 100 gram, form til små bollar og set dei på eit melet underlag.
  6. Dekk med plast og la dei heva i ca 1 time i romtemperatur.
  7. Så stikk du fingrane ned i kvar bolle, strekk forsiktig slik at du lager ei fordjupning, samtidig som du strekk bollane i i ei litt avlang form. Tenk deg at dei skal sjå ut som små gummibåtar.
  8. Legg bollane på eit steikebrett med bakepapir. Set dei så tett at dei nesten vil heva saman, dekk med plastfolie, og set til heving i ein halv time.
  9. Strekk fordjupningane ein gong til, og fyll med sukker-og smørblandinga. Ca 25 gram i kvar.
  10. La bollane heva til dobbe størrelse, pensl med sammenvispa egg, og steik dei gyldne ved ca 175 grader i 15-20 min.
  11. Pass på at dei ikkje blir stekt for lenge, då kan dei lett bli tørre. Brekk dei frå kverandre ved servering.
  12. NYT!

IMG_5243

IMG_5240

Mitt første no knead bread!

IMG_0773

Eg har heilt gløymt å fortelja at i påsken laga eg mitt første no knead bread! Inspirert av bloggen Mat på Bordet

Visst du søker på “no knead bread “på bloggen hennar, dukker da opp ein heil haug med oppskrifter.

No knead bread er rett og slett eit brød ein slepp å kna. Det at ein ikkje knar brødet, blir erstatta av lang hevetid. Men å la eit brød heva er jo ikkje akkurat hardt arbeid?Smilefjes 

Oppskrifta kjem frå eit bakeri i New York, og har blitt ei kjempepopulær opskrift. Alle vil jo ha eit godt bakeribrød i heimen!(Oppskrifta er blitt utvika av Jim Lahey, Sullivan Street Bakery).

Brødet blei kjempegodt, men eg trur eg skal investera i ei litt betre gryte før neste brød havner i ovnen. Eller kanskje bruka vanlig brødform og ha aluminiumsfolie over? Hmmm…da er ihvertfall ikkje siste gongen eg lagar dette brødet. Kjempedeilig!

Sjå på den flotte videon til Ina og bak i vei!

IMG_0771IMG_0774

 

IMG_0752

Påskefrokost-Byggmjølsbrød og fyllte egg!

IMG_0733

IMG_0745

 

Oppskrift Byggmjølsbrød, 3 brød:

  • 9 dl vatn, 37 grader
  • 900 gram byggmjøl
  • 50 gram rapsolje+litt ekstra til smøring av former
  • 4 ss mørk sirup
  • 700 gram kveitemjøl
  • 2 ts salt
  • 1 pose tørrgjær
  1. Rør byggmjølet ut i 5 dl av vatnet, og la da stå i 30 min
  2. Rør inn resten av vatnet, olja og sirupen.
  3. Tilset kveitemjøl som er blanda tilsamans med gjæren, og elt deigen godt saman.
  4. La den stå lunt og tildekka i 45 min.
  5. Smør 3 former  godt med olje og dryss med byggmjøl eller bruk 3 kurver.
  6. Arbeid deigen saman, og del den i 3 like store delar.
  7. Form avlange eller runde brød som legges i former, eller i korger for å få fint mønster(eg brukte ein kniv og skar mønster)
  8. La brødet heva i ein time.
  9. Brød i korg, hvelves over på ei steikeplate dekka med bakepapir.Former settes rett på steikeplaten
  10. Steik brøda på nederste rille ved 220grader i ca 40 min.
  11. Avkjøl på rist.

IMG_0741

Oppskrifta fann eg i bladet Mat og VIn, og da var kjempegodt! Tjukk sprø skorpe, nam namSmilefjes

Eg halverte oppskrifta og laga meg eit stort, rundt brød.

IMG_0739

Fyllte egg:

  • 4 egg
  • 1 boks anjos
  • 1 ss hakka persille
  • 1 ss majones

eller:

  • 4 egg
  • laksekaviar
  • 1/2 raudlauk
  • 1 ss rømme
  • Hakka vårlauk
  • salt og pepper
  1. Kok egga til dei er akkurat hardkokte, og la dei kvila i nokre min.
  2. Kakk forsiktig av toppen, og ta ut innmaten.
  3. Hakk egget, og bland tilsaman med dei ingrediensane du velger.
  4. Fyll skala med med eggeblandinga, og pynt med anjos og vårlauk.

 

IMG_0746

God frokostSmilefjes

God Påske!

IMG_0658

Oppskrift på sjokoladeknute, som lova.

Første gong eg såg oppskrift på sjokoladeknuter var i ein reklame for Idun sitt gjær, og ifjor fann eg oppskrift på Trine sin matblogg. Eg har laga desse bollane eit par gonger, med min eigen oppskrift på deig,  og da har smakt nydelig! Kakaokremen til Trine er rågod.

Denne gongen har eg brukt smelta sjokolade og nonstop med melkesjokolade i svingane.  Sitat Morten: ”Dritgodt»!

Du lager først denne deigen. Så gjer du følgande:

Kjevle ut deigen til eit rektangel og pensle på smør. Dekk halve rektangelet med smelta sjokolade og grovhakka nonstop. Brett den sida som ikkje er sjokoladefyll på over “sjokoladesida”. Kjevl lett over.

IMG_0611IMG_0612

 

Skjær deigen opp i strimlar, og tvinn.

IMG_0613IMG_0614

Så formar du til bollar. Da er lov å grisaSmilefjes

IMG_0616

Steik bollane på 225 grader i 10-15min. Da har du knallgode sjokolade-påskeboller!

IMG_0658

Morten har vakt i påsken, så me blir heime. Med andre ord, me skal (eg) laga masse mat! Så bloggen tar ikkje påskeferieSmilefjes som blunker

Min største hemmelighet-Verdens beste skillingsboller!

IMG_0646

Har de forresten kjøpt Strilen avisa idag? Der er da to flotte tryner på trykk. Me ser at me har vert ganske strenge med poenga våre, men sånn blir da vel når ein har overflod av sjokoladeSmilefjes

No over til ei oppskrift eg har holdt for meg sjøl, ganske bevisst. Men eg innser at som matbloggar,  så kan ein jo ikkje akkurat holda oppskrifer hemmelige.

Du trur kanskje at du har smakt verdens beste boller? Feil! For du har ikkje smakt mineSmilefjes som blunker

IMG_0634

Oppskrifta har eg hatt sidan eg var 20 år. Kor eg fann ho klarer eg på ingen måte å huska. Men denne oppskrifta er benkers, gode boller kvar gong!

IMG_0586

  • 100 gram smør
  • 5 dl melk
  • 1 pakke gjær
  • 1ts kardemomme
  • 1 dl sukker
  • 750 gram kveitemjøl
  1. Smelt smøret, og varm opp melka til 37 grader.
  2. Hell smøret oppi melka, og sjekk at  blandinga ikkje er for varm.
  3. Hell over smør+melk i ein bolle og tilsett gjær. Visp inn gjæren
  4. Ha i sukker og kardemomme og visp inn.
  5. Hell oppi litt og litt kveitemjøl mens du visper. Når deigen blir passe klissete legg eg frå meg vispen og bruker henda
  6. Avslutt når du har fått ein fast og fin deig.Kna for harde livet!
  7. La deigen stå til heving i 45-60min.

IMG_0582IMG_0583

IMG_0584IMG_0585

 

8. Når deigen er ferdig å heva knar du deigen enda meir!

IMG_0590IMG_0591

IMG_0592IMG_0594

Kjevle ut deigen og pensle på eit tynt lag med smør. Visst ein har for mykje smør blir bollane harde, berre spør Morten.

Så drysser ein sukker og kanel over. Ikkje sjener deg, hell på!

IMG_0595IMG_0597

Rull lefsa til ei stor pølse. Trykk mens du ruller slik at du ikkje får “lause” ringer.

IMG_0599IMG_0601

IMG_0603IMG_0606

IMG_0609

 

Etterhevev bollane i 30-45 min. Strø over brunt perlesukker.

Steik dei på 240grader i 8-12 min.

Når eg lager desse bollane, dobler eg oppskrifta. Sidan bollane mine er ein smule svære(!),  skrur eg ned temperaturen til 200 grader og steiker dei i 15-20 min!

IMG_0627

IMG_0648

Imorgon kjem da oppskrift på desse, påskesnurrer!

IMG_0658

Samme deigoppskrift, men du må i tillegg kjøpa:

IMG_0622IMG_0623

IMG_0656

Sitronboller

DSC_0039

  • 40 gram smør
  • 2,5 dl melk
  • 25 gram gjær
  • 1 ss sukker
  • 2 ts salt
  • saft og revet skall av 1 sitron
  • 1 egg, lettpiska
  • ca 350 gram kveitemjøl

Smelt smøret på svak varme. Sett til sides og rør inn melk. Løys opp gjæren i melka når den er 37 grader. Ha i sukker, salt,  sitronsaft og sitronskall. Rør inn egget og tilset mjøl. Elt til deigen er smidig. Dekk til deigen og la den heva i ein time. Form deigen til boller og la dei heva i 15 min.

210 grader i ca 15 min.

Kjempegodt med syltetøy!

DSC_0067

Kos i heimen!

 

 

 

DSC_0050

Første lys er tent, me har baka og pakka inn julepresangane. Alt dette dagen derpå:-)

Har me nevnt at me kjøpte alle julepresangane første veka i november?Ny rekord!Me er DONE.

DSC_0064

DSC_0055

Og så har me baka knallgode sitronkjeks idag.

DSC_0082

 

  • 170gram smør, romtemperert
  • 125gram melis
  • Frø frå 1 vaniljestang
  • Finreve skall av 1 sitron
  • 2ss sitronsaft
  • 220 gram mjøl
  • 2ss maizena
  • 1 ts salt
  • Melis

Pisk saman smør og melis til det er kvitt og luftig. Tilset vanilje, sitronskall og –saft og pisk godt. Bland saman mjøl, maizena og salt. Rør det sammen med smørblandinga til det er akkurat blandet. Rull deigen til ei pølsa, pakk det inn i bakepapir og ha den i kjøleskapet i 60 min.

Skjær pølsa i runde skiver, ca 6mm tjukke. Legg kjeksene på eit brett med bakepapir og steik i ovnen 180grader i 12-15min, eller til dei er gyldne.

Ha kjeksene i ein brødpose med melis, mens dei fortsatt er varme.Rist godt slik at kjeksene blir dekka med melis.

    DSC_0043

DSC_0046

DSC_0047

DSC_0058

DSC_0095

DSC_0085

Kjempegode til kakao:-)

DSC_0090

Imorgon får de oppskrift på desse rakkerne, sitronboller:

DSC_0028

DSC_0039

Og så lurer me på kva din favoritt julegodis er… og om me kan få oppskrift?:-)

Solsikkerundstykker

DSC_0026

  • 7dl vatn
  • 850 gram kveitemjøl
  • 100 gram sammalt rug, grov
  • 300 gram solsikkekjerner
  • 1ss salt
  • 25 gram gjær

Bland ut gjæren med lunka vatn og tilset alt det tørre. Elt deigen godt og la den heva i 1 1/2 time.

Form deigen til rundstykker, og strø på solsikkekjerner. La dei heva til dobbel størrelse.

220 grader 15-20 min.

DSC_0024