Tagget: Asiatisk

Husmorsushi – Sashimi med Fullkornris!

Husmorsushi5 

Hadde eg hatt masse penger kunne eg ha bestillt sushi kvar dag. Hadde eg ikkje vert litt lat hadde eg laga sushi kvar dag. Eg gidd ikkje koka sushiris, kutta opp grønnsaker og rulla makiruller,  og laga nigiri kvar dag. Så her kjem husmorsushien inn, og den er grådig enkel! Utvikla av ei som elskar sushi:-)

Dette er noko eg lager på ein vanlig kvardag,  og eg kooooser meg med det.

“Ordentlig” husmorsushi skal eg og dela på bloggen, den er litt meir proff. Plutselig kjem da eit innlegg. Men, over til tirsdags-sushien min.

Du treng

  • Salma laks
  • Fullkornris
  • Sesamfrø
  • Avocado/agurk/Vårlauk
  • soaysaus
  • Lime
  • Sukker
  • Kvitlauk
  • Ingefær

1.Du koker vanlig fullkornris.

2.Du ruller salmalaksen i sesamfrø, og kutter opp laksen i skiver.

3. Kutt opp avokado, agurk og vårlauk i små biter.

4. Lag soyadressing:

Soyadressing

  • 0, 5 dl soyasaus
  • 0,5 dl limesaft, ferskpressa
  • 2 ts sukker
  • 1 fedd kvitlauk, finhakka
  • Ca 1 ts finhakka ingefær

5. Bland soyadressingen ilag med risen og dei ferdigkutta grønnsakene.

6.  Server laks ilag med ris og gjerne litt avocado og vanlig soaysaus attåt. Ponzusaus er og godt til!

Håper du blei inspirert!

Husmorsushi6

Husmorsushi4

Husmorsushi3

Saus som passer perfekt til Torsk Del 1!

IMG_4140

Som mange sikkert  veit så er me veldig glade i torsk her i huset. Helst steikt i ei panne med skikkelig smør. Men ein må jo ha “sos”!

Denne torskesausen er min absolutte favoritt! Ingenting slår denne sausen. Visst du treng bevis for at den er god,  kan eg fortelja at mamma satt og skrapte desperat i bunnen av kasserollen førtse gong ho smakte den. Og ja, den er så god.

Sausen har eg rappa frå Bent Stiansen, og eg kunne ikkje vert meir glad for at eg snubla over den lille notisen som eingong stod i eit blad. Hipp hurra for det.

Er absolutt best til potetmos. (sausen er forresten veldig god til laks også)

Soyasaus

  • 100 gram smør
  • 1 dl ketjap manis
  • 2 ss salt soya
  • 1 ss limesaft
  • 1 ss revet ingefær
  • 1 kvitlauksfedd, hakka
  • 1 ts hakka chili

La smøret bli nøttebrunt i ei panne, og tilset dei andre ingrediensane. Hold sausen varm til servering.

Om du ikkje får tak i ketjap manis, er det absolutt ingen problem å erstatta den med vanlig soya. Dei siste gongane har eg sløyfa ketjap, og heller brukt soya. Tilset soya litt etter litt og smak deg fram. Det kan bli veldig salt visst du pøser på med vanlig salt soya.

Laks med dampa Pak Choy og Soyadressing

IMG_5037

Laksen bakar eg i ovnen på 200 grader til den er lyserosa og ferdig.

Pak choy damper eg i bambusdamparen min til den er mør og fin, tek berre nokre minutter. Visst du er ukjent med pak choy minner den litt om kinakålen, men har ein meir pepperaktig smak. Og ein mykje finare farge.Pak choy kan både kokast, dampast, eller steikast. Kan også brukast i wok, eller berre som vanlig salat.

Soyadressing

  • 0, 5 dl soyadressing
  • 0,5 dl limesaft, ferskpressa
  • 2 ts sukker
  • 1 fedd kvitlauk, finhakka
  • Ca 1 ts finhakka ingefær

Rør saman alle ingrediensane til ein dressing. Biir best visst den får stå og godgjera seg i nokre timar under lokk visst mulig.

Server tilsamans med pak choy, laks og litt hakka vårlauk. Supersunt og digg!

 

IMG_5030

IMG_5033

 

IMG_5035

Sunnhetsalarm – Asiatisk suppe med reker

IMG_4713

Eg frys kvar dag for tida. Vinter er definitivt den årstida eg liker minst. Og da einaste som fungerer på ein frysepinn,  er ein glovarm dusj etterfulgt av ei varm, sterk suppe. Ingen eksakt oppskrift, denne suppa lager me på slump kvar kveld. Skikkelig sunn, god kosemat.

Du treng currypaste, me bruker denne varianten. Den raude og den lilla boksen er favoritt til suppe.

 

IMG_4695 

Revet ingefær på glass. Heilt genialt for ein latsabb som meg. Eg eg veldig glad i ingefær og bruker det i te, iskrem, supper, gryter og smoothies.

Eg bruker cirka 1 toppa ss til 1 liter med suppe.

IMG_4699

Nudler!

IMG_4698

Slik gjer du:

(Dette blir 1 liter suppe)

  1. Ha i 1-2 ss med currypaste i ei panne og surr det ilag med litt olje.
  2. Etter å ha surra currypasten i et par min har du i 1 fedd med kvitlauk,  1/2 vanlig gul lauk og ein neve hakka vårlauk.
  3. Ha så i 2 buljongterningar, anten kylling eller grønnsaksbuljong og hell på 1 dl med vatn.
  4. La blandinga koke i ca 10min.

 

IMG_4696

5. Ha så i grønnsaker. Eg brukte gulrot, blomkål, minimais og paprika. Ha først i gulrot og nudler,  deretter dei andre grønnsakene. Eg koker grønnsaker veldig lite, eg føretrekk mykje “krønsj”.

IMG_4697

6. Ta kjelen av varmen og ha i reker. Rør rundt og server straks.

IMG_4719

Nam nam!

IMG_4717

Handleliste

  • Reker
  • Currypaste
  • Buljong, kylling eller grønnsak
  • Blomkål
  • Gulrot
  • Minimais
  • Brokkoli
  • Paprika
  • Vårlauk
  • Gul Lauk
  • Kvitlauk
  • Nudler