Sunnhetsalarm – Asiatisk suppe med reker

IMG_4713

Eg frys kvar dag for tida. Vinter er definitivt den årstida eg liker minst. Og da einaste som fungerer på ein frysepinn,  er ein glovarm dusj etterfulgt av ei varm, sterk suppe. Ingen eksakt oppskrift, denne suppa lager me på slump kvar kveld. Skikkelig sunn, god kosemat.

Du treng currypaste, me bruker denne varianten. Den raude og den lilla boksen er favoritt til suppe.

 

IMG_4695 

Revet ingefær på glass. Heilt genialt for ein latsabb som meg. Eg eg veldig glad i ingefær og bruker det i te, iskrem, supper, gryter og smoothies.

Eg bruker cirka 1 toppa ss til 1 liter med suppe.

IMG_4699

Nudler!

IMG_4698

Slik gjer du:

(Dette blir 1 liter suppe)

  1. Ha i 1-2 ss med currypaste i ei panne og surr det ilag med litt olje.
  2. Etter å ha surra currypasten i et par min har du i 1 fedd med kvitlauk,  1/2 vanlig gul lauk og ein neve hakka vårlauk.
  3. Ha så i 2 buljongterningar, anten kylling eller grønnsaksbuljong og hell på 1 dl med vatn.
  4. La blandinga koke i ca 10min.

 

IMG_4696

5. Ha så i grønnsaker. Eg brukte gulrot, blomkål, minimais og paprika. Ha først i gulrot og nudler,  deretter dei andre grønnsakene. Eg koker grønnsaker veldig lite, eg føretrekk mykje “krønsj”.

IMG_4697

6. Ta kjelen av varmen og ha i reker. Rør rundt og server straks.

IMG_4719

Nam nam!

IMG_4717

Handleliste

  • Reker
  • Currypaste
  • Buljong, kylling eller grønnsak
  • Blomkål
  • Gulrot
  • Minimais
  • Brokkoli
  • Paprika
  • Vårlauk
  • Gul Lauk
  • Kvitlauk
  • Nudler

Om Emelie