Sjokolademarengs!
Nam, nam og atter nam! Seig, deilig sjokolademarengs. Oppskrifta som eg brukar finn ein her.
Første gong eg prøvde å laga sjokolademarengs brukte eg kakaopulver. Da skilte marengsen seg, og eg blei ståande igjen med ei suppe som ikkje var brukandes til ein skit. Denne gongen smelta eg sjokolade og rørte det inn så forsiktig som eg kunne. Sidan eg var redd heile marengsen skulle bli ødelagt, brukte eg restan av sjokoladen på marengsen etter at den var ferdigsteikt.
Marengsbunn:
- 7 Eggekviter
- Ei klype salt
- 4 dl sukker
- 1 ts maismel
- 1 ts vaniljesukker
- 2 ts kvitvinseddik
- Melkesjokolade
- Visp eggekvitene stive med litt salt. Så stive at du kan setja bollen på hovudet.(Visp inn sukker litt etter litt.
- Pisk til du får ein tjukk og smidig marengs.
- Bland forsiktig i maismel, vaniljesukker og eddik.
- Smelt sjokoladen og vend det forsiktig inn i marengsen. Eg brukte ca 4 ss sjokolade før eg ikkje turte meir. Litt om gongen, forsiiiiiiiktig!
- Lag små toppar på eit steikebrett med bakepapir.
- Steik på 130 grader i omnen i 60 min. La så marengsen stå i omnen i ein time. (Eg lot marengsen stå i omnen til den blei kald)
- Pynt med smelta sjokolade.
Comments
Powered by Facebook Comments

Knall godt!!
Dette var en fryd for øyet! Og jeg tipper det er vel så mye en fryd for ganen
Må testes ut! Men når du lar de stå i ovnen etter de 60 min, er det da med døren åpen eller lukket?
Eg åpner ikkje ovnen før etter 2 timer, så døra er lukka.Etter to timer slepp eg ut litt varm luft, og lar så døra vera igjen til marengsen er avkjølt. Så ein time med 130 grader, ein time uten omnen på:-)