Rask Eplekake

Epleterte

Denne oppskrifta har eg funne i Mat&Vin. Superrask å laga, gjort i ein fei!

 

Epleterte2

Som de ser har eg ikkje bokstaven Ø i redigeringsprogrammet mitt…. men de skjønner vel oppskrifta alikevel:-)

Eplekake oppskrift


Husmorsushi – Sashimi med Fullkornris!

Husmorsushi5 

Hadde eg hatt masse penger kunne eg ha bestillt sushi kvar dag. Hadde eg ikkje vert litt lat hadde eg laga sushi kvar dag. Eg gidd ikkje koka sushiris, kutta opp grønnsaker og rulla makiruller,  og laga nigiri kvar dag. Så her kjem husmorsushien inn, og den er grådig enkel! Utvikla av ei som elskar sushi:-)

Dette er noko eg lager på ein vanlig kvardag,  og eg kooooser meg med det.

“Ordentlig” husmorsushi skal eg og dela på bloggen, den er litt meir proff. Plutselig kjem da eit innlegg. Men, over til tirsdags-sushien min.

Du treng

  • Salma laks
  • Fullkornris
  • Sesamfrø
  • Avocado/agurk/Vårlauk
  • soaysaus
  • Lime
  • Sukker
  • Kvitlauk
  • Ingefær

1.Du koker vanlig fullkornris.

2.Du ruller salmalaksen i sesamfrø, og kutter opp laksen i skiver.

3. Kutt opp avokado, agurk og vårlauk i små biter.

4. Lag soyadressing:

Soyadressing

  • 0, 5 dl soyasaus
  • 0,5 dl limesaft, ferskpressa
  • 2 ts sukker
  • 1 fedd kvitlauk, finhakka
  • Ca 1 ts finhakka ingefær

5. Bland soyadressingen ilag med risen og dei ferdigkutta grønnsakene.

6.  Server laks ilag med ris og gjerne litt avocado og vanlig soaysaus attåt. Ponzusaus er og godt til!

Håper du blei inspirert!

Husmorsushi6

Husmorsushi4

Husmorsushi3


Spaghetti med Kvitlauk og Chili

Spaghetti1

Ein kjempelett pastarett som er poppis blant italienarane sjølv. Ihvertfall visst me trur på Antonio Carluccio, Enklare pastarett trur eg ikkje ein finn?

Ca 2 pers

  • 180 gram spaghetti
  • Salt
  • 2 kvitlauksfedd, finhakka
  • 1 raud chili, finhakka med frø
  • 6 ss olivenolje
  1. Fyll 2 liter vatn i ein stor kjele og kok opp. Tilset 20 gram salt og hiv pastaen i. Rør rund og la den koka til den er al dente.
  2. Bruk ei djup steikepanne og steik kvitlauk og chili i eit par sekunder i olja til kvitlauken byrjar å forandra fargen. Vær forsiktig så du ikkje brenn kvitlauken.
  3. Sil av pastaen, og bland den saman med sausen. Ha i litt ekstra salt og 1-2 ss av kokevatnet. Rør godt og server med eit dryss basilikum. Parmesan er jo heller aldri feil….

Spaghetti2

Spaghetti3


Kylling i Tomatform

Tomatform 1

Ingen eksakt oppskrift å oppdriva, dette blei tatt på “gefylen”. Huska bruddstykker av eit Jamie Oliver program der han laga denne retten, så den er på ingen måte ei nøyaktig oppskrift. Heller ei inspirert oppskrift.

ca 2 pers

-2 kyllingfileter

-4 tomater

-ein kvast oregano

-Olje

-i fedd kvitlauk

- 1 Chili

-1/2 lauk

-Tomatpesto, 1 glass

-Poteter, fedigkokte

1. Først moser du oregano ilag med olje og kvitlauk i ein morter.

2. Skåld tomatane og ta av skalet. Mos så tomatane ilag med chili, lauk og tomatpesto til ei raud suppe. Tilset oreganobladninga og rør godt saman.

3. Steik kyllingfileten gylden, den treng ikkje vera heilt ferdig inni.

4.  Legg så kylling og poteter i ei ildfast form, og hell over sausen.

5. Steik i 30-40 min på 200 grader til forma er gylden og fin.

Tomatform2

Tomatform3

Tomatform4


Grateng i ein fei!

Kjøttdeig grateng

Ein grateng heilt utan pasta og potet. Kun grønnsaker og kjøt!

400 g kjøttdeig

2 fedd kvitlauk

1 ss smør, margarin eller olje

1 bk hakka hermetiske tomater

3 ts hakka frisk oregano ELLER:

1 ts tørka oregano

salt og pepper etter smak

2 stk lauk

1 stk squash

4 stk tomat

100 g revet kvitost

 

1.Brun kjøttdeigen i smør i ei panne. Tilsett hakka tomater, oregano, salt, pepper og hakka kvitlauk. La det koka i ca. 10 minutter.

2.Legg kjøttdeigen i ei ildfast form. Skjær løk, squash og tomater i tynne skiver, og legg det taksteinslagt om kverandre over kjøttdeigen. Strø på revet ost.

23.25 grader C i ca. 20 minutter.

Veldig godt attår villris!

(Oppskrift frå Klikk.no)

Kjøttdeig 2


Favoritten i bokhylla…

Bokhylle

………ihvertfall når da gjeldt mat, er denne kokeboka av Lotta Lundgren.

Eg kaller ho berre for “Glamour” boka mi, for denne kokeboka er alt anna enn kjedelig og traust. Superfin med masse fine bileter og oppskrifter. Boka har vunne mange kjente svenske priser, noko som er fullt forståelig. Ei overdådig bok, men med stort sett enkle oppskrifter. Elska ho!

“En pratsam hemmafru, en försvunnen vigselring, en österrikisk sexolog, ett borttrollat fläskberg, futurister på krigsstigen, rotfrukter i motljus, frigörande övningar, dansmaskiner och kölhalning, matlagning i högklackat och sextiofem enkla recept som får din vardag att smaka som en lördag”.

Ein liten dæsj glamour når ein står over komfyren skader vel ingen?

Eg kjøpte mi her

Kokebok

Kokebok2

Kokebok3

Kokebok5

Kokebok4

Kokebok6

Kokebok7


Laks i Smørsaus

Laks

Ein ganske vanleg søndagsmiddag, laks og potet. Men smørsausen gjer den ekstra god.

Laksen har eg bakt i omnen, og potetene er kokt.

Så har eg steikt raudlauk, gul lauk, tomater, vårlauk og blanda saman med sjølve smørsausen. Deilig søndagsmiddag!

Smørsaus:

  • 3-4 fedd kvitlauk
  • 60 gram smør
  • 2 ts buljongpulver(me bruker kjøttbuljong)
  • Ca 50 gram parmesan
  •  

    Skrell kvitlauksfeddene, og finhakk. Varm opp kvitlauk, og smør på lav varme. Damp blandinga på middels varme i ca 5min. Rør om fleire ganger. Strø over buljongen, og rør godt inn i blandinga. Tilsett parmesan i den varme blandinga og rør godt.

    Laks2

    Ei anna oppskrift med smørsaus, laks med spaghetti. Klikk på bilete for å komma til oppskrift.

    http://www.alltidsulten.com/wp-content/uploads/2010/10/DSC_0172.jpg