Middag i ein fei- Pasta med Blåmuggost

Pasta

Enkel og utrulig smakfull middag. Det er sjølvsagt eit must at du likar blåmuggost. Morten rynkar på nasa når eg sitt og gomler på blåmuggost, så dette er ikkje middag for han. Men det er heilt i orden, da får eg den for meg sjølv;-) Han pleier å få samme middag, berre med parmesan istadenfor. Så da er me fornøyde begge to.

1. Kok spaghetti og sil av.

2. Kok opp fløte ilag med blåmuggost. Det er ikkje mykje blåmuggost ein treng, men dette blir hipp som happ kva du likar. Prøv deg fram.

3. Når osten har smelta i fløten, blandar du spaghetti med ostesausen. Dryss over med bitar av blåmuggost, og masse pepar.

4. Ferdig!

Pasta2


Comments

comments

Powered by Facebook Comments

Legg inn en kommentar

Du kan bruke følgende HTML:
<a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>