Knask på Staur!
Meir kjent som Cake Pops, men me syns knask på staur er eit mykje kulare navn.
Kort forklart er knask på staur ei kake som blir smuldra opp, blanda med glasur, forma til små kake kuler og dyppa i sjokolade. Desse kakene har stått på lista mi lenge, og endelig fekk eg ånden over meg. Jentekveld nærmer seg og kva er vel meir jentete enn dette?
Desse kake kulene har eg laga ganske store. På grunn av latskap. Men så kom eg på at venninnene mine er ganske stor i kjeften, så då ordne da seg;-)
Etter å ha funne oppskrift hos Mat På Bordet var det berre til å sette igang. Ina har forklart det så godt og med masse fine bileter, så eg skal la ho får stå for forklaringa. Eg har brukt samme kakeoppskrift som Ina, men eg hadde i ein god del meir kakao sidan eg syns at det kan bli veldig søtt. Ellers er det heilt likt!
Og her har eg funne enda ein oppskrift, nemlig hos Manuela. Denne må eg prøva, og visst den blir så frisk og ikkje så søt som Manuela skriv, skal den jammen meg få stå på kakebordet i bryllaupet vårt. No blir det øving!
Comments
Powered by Facebook Comments

Haha, ja me klarte no å bite over:)