Emelie og Morten lagar bryllaupsmiddag!

IMG_5061

Lang historie kort; Me har laga mat i eit bryllaup. Ein litt nervøs 3-retters, men me rodde det i land.

Meny
Forrett: Laksetartar med mango- og avocadosalsa.
Hovedrett: Kalv med ovnsbakte poteter, rødvinssaus, soppstuing og dampa asparges
Dessert: Heimalaga is med brownies og varm karamellsaus

Sidan det går unna i eit bryllaup tok me berre bilete av forretten. Kameraet vart gløymt relativt fort.

Oppskrift av forretten er blitt etterlyst,og her kjem den!

Denne oppskrifta finn ein i boka til Øyvind Hjelle, “Gourmet for begynnere” som du kan kjøpe her. Oppskrifta vart sjølvsagt introdusert av superflinke Trine. Sidan eg elsker kombinasjonen av laks og avocado, snappa eg den ganske fort opp. Her har me brukt Trine sin versjon, meir av godsakene:-)

Ein vinnar!

IMG_5058

Litt nervøs!

IMG_5056 IMG_5057

Laksetartar med avocado- og mangosalsa

(ca 4 pers)
  • 200 gram fersk laks, helst salma
  • 2 ss finhakka graslauk
  • 2 ss god olivenolje
  • salt
  • 1/2 moden avocado ( eg brukte 1-  1 1/2), i terningar
  • 1/ 4 moden mango, i terningar
  • 3-4 cm raud chili, finhakka
  • 1-2 vårlauk, finhakka
  • 1-2 ss god olivenolje
  • 15 korianderblad, finhakka
  • 2-3 ts sitron
  • Maldonsalt
  • Balsamicoeddik

Eg justerte oppskrifta underveis. Eg brukte meir avocado, meir chili og meir sitronsaft. Det er som Trine skriv på bloggen sin, at sidan laksen er veldig mild på smak så treng ein at salsaen er litt fyrrig. Eg brukte balsamicoeddiken i sjølve salsaen, og ikkje som pynt, men det velger du sjølv. Eg og balsamico er veldig gode vener.

  1. Bland saman laks, graslauk og olivenolje i ein bolle.
  2. i ein anna bolle blander du ingrediensane til salsaen saman. Smak deg fram og juster til du er fornøyd.
  3. Me fann ein liten plastring som me brukte som form til sjølve salsaen. Eg fyllte den opp og stampa forsiktig på plass, for deretter å dandere med laks på toppen. Pynt med sitronskiver og litt olje.

Skikkelig godt!

 

IMG_5060


Comments

comments

Powered by Facebook Comments

6 comments

  1. Annette

    Det VAR helt himmelsk!!! :D Velkommen ned igjen når som helst for å lage mer ;)

Legg inn en kommentar

Du kan bruke følgende HTML:
<a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>