Husmorsushi – Sashimi med Fullkornris!
Hadde eg hatt masse penger kunne eg ha bestillt sushi kvar dag. Hadde eg ikkje vert litt lat hadde eg laga sushi kvar dag. Eg gidd ikkje koka sushiris, kutta opp grønnsaker og rulla makiruller, og laga nigiri kvar dag. Så her kjem husmorsushien inn, og den er grådig enkel! Utvikla av ei som elskar sushi:-)
Dette er noko eg lager på ein vanlig kvardag, og eg kooooser meg med det.
“Ordentlig” husmorsushi skal eg og dela på bloggen, den er litt meir proff. Plutselig kjem da eit innlegg. Men, over til tirsdags-sushien min.
Du treng
- Salma laks
- Fullkornris
- Sesamfrø
- Avocado/agurk/Vårlauk
- soaysaus
- Lime
- Sukker
- Kvitlauk
- Ingefær
1.Du koker vanlig fullkornris.
2.Du ruller salmalaksen i sesamfrø, og kutter opp laksen i skiver.
3. Kutt opp avokado, agurk og vårlauk i små biter.
4. Lag soyadressing:
Soyadressing
- 0, 5 dl soyasaus
- 0,5 dl limesaft, ferskpressa
- 2 ts sukker
- 1 fedd kvitlauk, finhakka
- Ca 1 ts finhakka ingefær
5. Bland soyadressingen ilag med risen og dei ferdigkutta grønnsakene.
6. Server laks ilag med ris og gjerne litt avocado og vanlig soaysaus attåt. Ponzusaus er og godt til!
Håper du blei inspirert!

