Kategori: Sunt&Godt

Husmorsushi – Sashimi med Fullkornris!

Husmorsushi5 

Hadde eg hatt masse penger kunne eg ha bestillt sushi kvar dag. Hadde eg ikkje vert litt lat hadde eg laga sushi kvar dag. Eg gidd ikkje koka sushiris, kutta opp grønnsaker og rulla makiruller,  og laga nigiri kvar dag. Så her kjem husmorsushien inn, og den er grådig enkel! Utvikla av ei som elskar sushi:-)

Dette er noko eg lager på ein vanlig kvardag,  og eg kooooser meg med det.

“Ordentlig” husmorsushi skal eg og dela på bloggen, den er litt meir proff. Plutselig kjem da eit innlegg. Men, over til tirsdags-sushien min.

Du treng

  • Salma laks
  • Fullkornris
  • Sesamfrø
  • Avocado/agurk/Vårlauk
  • soaysaus
  • Lime
  • Sukker
  • Kvitlauk
  • Ingefær

1.Du koker vanlig fullkornris.

2.Du ruller salmalaksen i sesamfrø, og kutter opp laksen i skiver.

3. Kutt opp avokado, agurk og vårlauk i små biter.

4. Lag soyadressing:

Soyadressing

  • 0, 5 dl soyasaus
  • 0,5 dl limesaft, ferskpressa
  • 2 ts sukker
  • 1 fedd kvitlauk, finhakka
  • Ca 1 ts finhakka ingefær

5. Bland soyadressingen ilag med risen og dei ferdigkutta grønnsakene.

6.  Server laks ilag med ris og gjerne litt avocado og vanlig soaysaus attåt. Ponzusaus er og godt til!

Håper du blei inspirert!

Husmorsushi6

Husmorsushi4

Husmorsushi3

Grateng i ein fei!

Kjøttdeig grateng

Ein grateng heilt utan pasta og potet. Kun grønnsaker og kjøt!

400 g kjøttdeig

2 fedd kvitlauk

1 ss smør, margarin eller olje

1 bk hakka hermetiske tomater

3 ts hakka frisk oregano ELLER:

1 ts tørka oregano

salt og pepper etter smak

2 stk lauk

1 stk squash

4 stk tomat

100 g revet kvitost

 

1.Brun kjøttdeigen i smør i ei panne. Tilsett hakka tomater, oregano, salt, pepper og hakka kvitlauk. La det koka i ca. 10 minutter.

2.Legg kjøttdeigen i ei ildfast form. Skjær løk, squash og tomater i tynne skiver, og legg det taksteinslagt om kverandre over kjøttdeigen. Strø på revet ost.

23.25 grader C i ca. 20 minutter.

Veldig godt attår villris!

(Oppskrift frå Klikk.no)

Kjøttdeig 2

Kokoslaks

Laks kokos

Oppskrifter finn eg overalt, og akkurat denne oppskrifta fann eg i eit Hjemmet blad hos farmor. Rasande kjapp middag!

Eg hadde ikkje fersk koriander, så da sløyfa me det akkurat denne gongen.

Dessuten så brukte eg mykje meir enn 3 ss kokosmelk i kvar pakke, dette velger du sjølv. Her i huset er me glade i kokosmelk!

4 pers

  • 800 gram laksefilet
  • 1 boks kokosmelk
  • 2 lime
  • 2 raude chili
  • 1/2 potte koriander
  • 3cm ingefær
  • Salt og pepper
  1. Lag 4 kvadratiske ark med folie, og smør kvart stykke med litt smør.
  2. Legg eit laksestykke på kvart ark.
  3. Topp med 3 ss kokosmelk, revet skall og saft av lime, finhakka chili og revet ingefær.
  4. Dryss over med hakka koriander, salt og pepper.
  5. Brett folien saman og sett pakkane i ei ildfast form.
  6. Bak fisken midt i omnen ved 200 grader i ca 15 min.

Neste oppskrift: Laks som bader i smørsaus!

Laks2

Laks med kikerter

Laks 

Denne oppskrifta fann eg hos Kitchen Queen, eg blir alltid like glad når eg finn oppskrifter med kikerter i. Einaste forskjellen er at eg steikte kikerter, lauk og tomatene. Bladpersille hadde eg ikkje, men kruspersille, da har eg alltid. Så blanda eg resten av ingrediensane og serverte salaten lun, kjempegodt attåt laks! Det grønne oppå laksen er persillegrasp ;-)

Til 4-5 personer trenger du:

  • 2 bokser kikerter, skylt og avrent
  • 1 agurk
  • 1 rødløk
  • 1 boks cherrytomater
  • Saften av 1 sitron
  • 1 bunt bladpersille
  • Havsalt og nykvernet pepper
  • Extra virgin olivenolje

Ha kikertene i en stor bolle. Del agurken i to på langs, skrap ut frøene og hakk i småbiter. Ha det i bollen sammen med finhakket persille, finstrimlet rødløk, cherrytomater delt i to, sitronsaft, salt og pepper, og en klunk olivenolje. Bland alt sammen og server med en gang.

Laks 3

 Laks 2

God søndag!

Sunnheten sjølv: Laks med Squash og Kålsalat

IMG_6110

La oss innsjå det. Under 2 måneder til bryllup. Då blir det andre boller.( Les: Ingen boller. Nesten ihvertfall).

Heldigvis er sunn mat ganske godt, berre oppfinnsomheten som set grenser.

Kålsalaten var ein liten overraskelse, skikkelig god attåt laksen. No er jo eg veldig glad i eddik, unormalt glad i eddik påstår nokon, men dette var ein frisk og sommerlig middag. (Eg hadde sjølvsagt meir eddik i enn det som er i oppskrifta)

Ein sunn og rask sommermiddag, perfekt!

Squash-og Kålsalat

  • 1 squash, revet
  • 1/4 hodekål, strimla
  • 1 ts kvitvinseddik
  • 1 ts salt
  • 1 ss olje
  • Litt bladpersille, finhakka

Vend kål med eddik og salt. La det stå i ca 10min. Vend inn squash og olje, og smak til med persille.

 

Etter at me kom heim frå Hellas har tzatziki sneke seg oppå det meste….:-)

IMG_6115

Anna godt som eg har laga etter me kom heim:

Laks bakt i kokosmelk.

IMG_6118

Salat med laks, spaghetti, mozzarella, oliven og solørka tomat

IMG_6086

Thai salat med laks

IMG_6092

Rista kikerter

IMG_6098

Gresk salat

IMG_6063

Og eg har meska meg med masse deilige bær

IMG_6072

Og oppskrifter kjem sjølvsagt.

Klem i fleng!

Favoritt – Laksepresang!

Torskepakke

Denne middagen et me i snitt ein gong i veka. Kjemperaskt og superdigg.

Favoritt grønnsakene våre i fiskepakke er:

  • Raudlauk
  • Gul lauk
  • Kvitlauk
  • Purrelauk
  • Vårlauk
  • Gul, grøn, oransje og raud paprika
  • Persille
  • Ein liten skvett fløte

1.Kutt alle grønnsakene i små bitar, og krydre med litt salt og pepper.

2.Legg alle ingrediensane på aluminiumfolie som du har pensla med litt olje. Bland godt. Legg fisken oppå.

3.Pensl kantana på aluminiumfolien med egg, og “lim” saman folien. Folien kjem til å blåsa seg opp, og ingen smakar unnslepp folien.

4.Steik i ovnen på 225 grader i 15-20min.

5. Fløten du har i folien blir ein supergod saus. Ha den i ein kjele og tilset meir fløte om nødvendig. Kok opp og du har ein vidunderlig saus.

http://www.alltidsulten.com/wp-content/uploads/2012/02/IMG_4558.jpg

Torskepakke 2

Emelie og Morten lagar bryllaupsmiddag!

IMG_5061

Lang historie kort; Me har laga mat i eit bryllaup. Ein litt nervøs 3-retters, men me rodde det i land.

Meny
Forrett: Laksetartar med mango- og avocadosalsa.
Hovedrett: Kalv med ovnsbakte poteter, rødvinssaus, soppstuing og dampa asparges
Dessert: Heimalaga is med brownies og varm karamellsaus

Sidan det går unna i eit bryllaup tok me berre bilete av forretten. Kameraet vart gløymt relativt fort.

Oppskrift av forretten er blitt etterlyst,og her kjem den!

Denne oppskrifta finn ein i boka til Øyvind Hjelle, “Gourmet for begynnere” som du kan kjøpe her. Oppskrifta vart sjølvsagt introdusert av superflinke Trine. Sidan eg elsker kombinasjonen av laks og avocado, snappa eg den ganske fort opp. Her har me brukt Trine sin versjon, meir av godsakene:-)

Ein vinnar!

IMG_5058

Litt nervøs!

IMG_5056 IMG_5057

Laksetartar med avocado- og mangosalsa

(ca 4 pers)
  • 200 gram fersk laks, helst salma
  • 2 ss finhakka graslauk
  • 2 ss god olivenolje
  • salt
  • 1/2 moden avocado ( eg brukte 1-  1 1/2), i terningar
  • 1/ 4 moden mango, i terningar
  • 3-4 cm raud chili, finhakka
  • 1-2 vårlauk, finhakka
  • 1-2 ss god olivenolje
  • 15 korianderblad, finhakka
  • 2-3 ts sitron
  • Maldonsalt
  • Balsamicoeddik

Eg justerte oppskrifta underveis. Eg brukte meir avocado, meir chili og meir sitronsaft. Det er som Trine skriv på bloggen sin, at sidan laksen er veldig mild på smak så treng ein at salsaen er litt fyrrig. Eg brukte balsamicoeddiken i sjølve salsaen, og ikkje som pynt, men det velger du sjølv. Eg og balsamico er veldig gode vener.

  1. Bland saman laks, graslauk og olivenolje i ein bolle.
  2. i ein anna bolle blander du ingrediensane til salsaen saman. Smak deg fram og juster til du er fornøyd.
  3. Me fann ein liten plastring som me brukte som form til sjølve salsaen. Eg fyllte den opp og stampa forsiktig på plass, for deretter å dandere med laks på toppen. Pynt med sitronskiver og litt olje.

Skikkelig godt!

 

IMG_5060

Laks med ertepure

IMG_5258

 

Eg er veldig glad i denne ertepureen, og prøver å lura han inn i så mange middager som mulig. Sunt og godt!

ca 2 pers

  • 500 gram frosne erter
  • 1-2 ss grøn thailandsk karripasta
  • 75 gram creme fraiche. (dei siste gongane har eg erstatta creme fraiche med mager kesam)
  • Salt

Kok ertene møre i lettsalta vatn, la dei renne av og kjør dei i ein blender. Tilset creme fraiche, (eller yoghurt )og karripasta. Smak til pureen med salt og eventuelt meir karripasta.

Server med ovnsbakt laks.

Karripaste

Ein anna god middag med ertepure finn du her

kamskjell

Laks med dampa Pak Choy og Soyadressing

IMG_5037

Laksen bakar eg i ovnen på 200 grader til den er lyserosa og ferdig.

Pak choy damper eg i bambusdamparen min til den er mør og fin, tek berre nokre minutter. Visst du er ukjent med pak choy minner den litt om kinakålen, men har ein meir pepperaktig smak. Og ein mykje finare farge.Pak choy kan både kokast, dampast, eller steikast. Kan også brukast i wok, eller berre som vanlig salat.

Soyadressing

  • 0, 5 dl soyadressing
  • 0,5 dl limesaft, ferskpressa
  • 2 ts sukker
  • 1 fedd kvitlauk, finhakka
  • Ca 1 ts finhakka ingefær

Rør saman alle ingrediensane til ein dressing. Biir best visst den får stå og godgjera seg i nokre timar under lokk visst mulig.

Server tilsamans med pak choy, laks og litt hakka vårlauk. Supersunt og digg!

 

IMG_5030

IMG_5033

 

IMG_5035