Du skjønner at det er lenge sidan ein har besøkt bloggen sin når ein verken huskar brukernavnet, eller passordet sitt. Men me har g-o-d-e unnskyldningar.
Denne sommaren har sust forbi. Morten har fått seg ny jobb, me har flytta, og sist men ikkje minst, me har gifta oss! Hurra for oss, hurra for familie, og hurra for alle vennane våre, som alle var med på å gjera dagen vår perfekt!
Og SJÅ på den nydelige kaka vår, laga av Tone.
Eg hadde som Tone skriv, veldig klare ønsker til utsjånad og ikkje minst til kva som skulle vera inni, og gjett om eg vart fornøyd! Til og med pynten eg ønska, har ho gjort nøyaktig sånn som eg ville ha det. Eg skal bestille kake frå Tone igjen. Og med tanke på at Tone har forandra blogg designet sitt med bilete av kaka vår som hovedattraksjon, så tipper eg Tone er fornøyd med sitt eget arbeid:-). Noko ho absolutt bør vera, it`s soooooo pretty! Denne kaka fortjener nesten sitt eget innlegg…
No venter me berre på bilete frå fotografen vår Mira. Verdens flinkaste fotograf. Punktum.
Over til noko heilt anna.Sjølv om bloggen har vert stille, har me fortsatt levert matspalta vår i avisa Strilen. Dette kjem i avisa på laurdag, løp og kjøp! Eller kjøp her
Og me har sjølvsagt ikkje gitt opp kokkelering, da har berre ikkje klart å komma seg til bloggen. Ikkje på egenhånd ihvertfall.
No er det leiting etter kvardagsmat igjen. Og ikkje minst,dela oppskrifter. Eg må innrømma at eg blei litt paff når eg var inne og las lesarstatistikk. Her har me dumpa me dykk på det grovaste, og de er trufaste som aldri før.Og så låg det nokre super koselige kommentarer og venta på oss i tillegg. Takk takk takk!
Da åpner me alltidsulten.com igjen. Laks bakt i kokos står for tur.
Laks med Spaghetti, Oliven, Soltørka Tomat og Mozzarella.
Laks med Spaghetti og Asiatisk saus.
Laks bakt i Kokos.
Deilig frokost!
