Kategori: Pasta

Middag i ein fei- Pasta med Blåmuggost

Pasta

Enkel og utrulig smakfull middag. Det er sjølvsagt eit must at du likar blåmuggost. Morten rynkar på nasa når eg sitt og gomler på blåmuggost, så dette er ikkje middag for han. Men det er heilt i orden, da får eg den for meg sjølv;-) Han pleier å få samme middag, berre med parmesan istadenfor. Så da er me fornøyde begge to.

1. Kok spaghetti og sil av.

2. Kok opp fløte ilag med blåmuggost. Det er ikkje mykje blåmuggost ein treng, men dette blir hipp som happ kva du likar. Prøv deg fram.

3. Når osten har smelta i fløten, blandar du spaghetti med ostesausen. Dryss over med bitar av blåmuggost, og masse pepar.

4. Ferdig!

Pasta2

Spaghetti med Kvitlauk og Chili

Spaghetti1

Ein kjempelett pastarett som er poppis blant italienarane sjølv. Ihvertfall visst me trur på Antonio Carluccio, Enklare pastarett trur eg ikkje ein finn?

Ca 2 pers

  • 180 gram spaghetti
  • Salt
  • 2 kvitlauksfedd, finhakka
  • 1 raud chili, finhakka med frø
  • 6 ss olivenolje
  1. Fyll 2 liter vatn i ein stor kjele og kok opp. Tilset 20 gram salt og hiv pastaen i. Rør rund og la den koka til den er al dente.
  2. Bruk ei djup steikepanne og steik kvitlauk og chili i eit par sekunder i olja til kvitlauken byrjar å forandra fargen. Vær forsiktig så du ikkje brenn kvitlauken.
  3. Sil av pastaen, og bland den saman med sausen. Ha i litt ekstra salt og 1-2 ss av kokevatnet. Rør godt og server med eit dryss basilikum. Parmesan er jo heller aldri feil….

Spaghetti2

Spaghetti3

Pasta med mozzarella og spekeskinke!

Pasta 111

Hadde me hatt planer om eit overdådig 17-mai koldtbord hadde denne pastaretten vert med. Kanskje ikke så veldig typisk norsk, men pytt sann. Når det smaker så godt er det ikkje så nøye.

2 pers

  • 250 gram pasta
  • 1/2 pakke asparges
  • 2 dl matfløte
  • 1 ss sennep
  • saft og skal av 1/2 sitron
  • 1 fedd kvitlauk
  • Kjørvel (eller basilikum)
  • 1/2 boks cherrytomater
  • 125 gram fersk mozzarella
  • 50 gram spekeskinke
  1. Kok pasta i salta vatn. Ha i asparges det siste minuttet. Sil av og ha tilbake i kjelen.
  2. Fres kvitlauk i ei lita panne i ca 1 min. Tilset så fløte, sitronskal og sennep. Kok opp og la det koka på svak varme i eit par min.
  3. Bland inn sitronsaft i sausen, og hell over pastaen. Ha så i tomater, mozzarellaost og spekeskinke. Bland godt.
  4. Server med kjørvel, pepper og parmesan. Mums!

 

Pasta 11

Emelies Fiskegrateng med Raud Pesto

Fiskegrateng 2

Vanlig fiskegrateng syns eg er kjempegodt. Torsk, kvit saus og brødrasp. Men den samme gratengen kan jo bli kjedelig i lengden. Så da fann eg på denne varianten. Sidan favorittkombinasjonen min er torsk med raud pesto, blei det nettopp det.

Eg brukar litt meir torsk enn det som er vanlig i fiskegrateng oppskrift, men det velger du sjølv. 600 gram er vel det “vanlige” til 4 personar.

Ca 4 pers

  • Ca 700 gram kokt torsk som du hakker opp, skvis litt sitronsaft på torsken.
  • Ca 2 dl kokt makaroni, eg brukar fullkornsmakaroni
  • 1 fedd kvitlauk, finhakka
  • 2 vårlauk, finhakka
  • 1/2 gul lauk, finhakka
  • 2 ss meierismør
  • 3 ss kveitemjøl
  • Ca 3 dl mjølk
  • Salt
  • Muskatnøtt
  • 3 egg
  • Grovt brød som du rasper opp. (eller vanlig brødrasp)
  • 1 lite glas med soltørka tomat
  • Parmesan
  1. Set omnen på 200 grader.
  2. Smelt smør, rør inn kveitemjøl og spe med mjølk til du får ein tjukk kvit saus.Kok opp under omrøring. Smak til med salt og muskat.
  3. Surr kvitlauk, vårlauk og den gule lauken i smør til den er mjuk og blank. Set til sides.
  4. Avkjøl den kvite sausen litt, og rør inn 3 eggeplommer, fisk, makaroni og lauken. Få med alt smøret du steikte lauken i.
  5. Stivpisk eggekvitane og vend forsiktig inn i røra.
  6. Fyll gratengen i ei smurt ildfast form.
  7. Smør pesto på toppen av gratengen. Pestoen lagar du lett ved å bruka ein stavmiksar: Hell den soltørka tomaten ilag med litt olje frå glaset den kjem i,  og mos med stavmiksar. Jevn med revet parmesanost til du er nøgd.
  8. Ha til slutt brødbitar på toppen.
  9. Steik gratengen i ca 40-45 min.
  10. Voila!

 

 

Fiskegrateng 3

Forslag til helgekos – Tomatlasagne med Sitronpesto og Spekeskinke!

IMG_5119

Enda ei oppskrift frå bladet Mat&Vin.

Eg som er så glad i lasagne må jo prøva alle lasagne oppskrifter eg kjem over. Litt trikising og miksing blir det alltid. Eg brukte meir ost enn det som er i oppskrifta, og eg laga ikkje pestoen så sur. Eg brukte berre saft av 1/2 sitron, og hadde i litt meir parmesan og basilikum. Dette velger du sjøl!

Ca 4 porsjoner

  • 8 ss olivenolje
  • 3 kvitlauksfedd, finhakka
  • 100 gram tomatpure
  • 1 dl tomatjuice
  • 6 tomater, i terninger
  • 60 gram revet parmesan
  • 1 lite potte basilikum
  • 1 potte persille
  • 30 gram pinkjerner
  • salt og nykverna pepper
  • saft og skall frå 1 sitron
  • 3 vårlauk, i tynne skiver
  • 400 gram mozzarellaost, i terningar
  • 100 gram spekeskinke
  • 9-10 lasagneplater
  1. Varm 4 ss olje, ha i kvitlauk og fres den raskt.
  2. Tilset tomatpure, juice og tomater og la den putre i 15 min.
  3. Bland persille, basilikum, pinkjerner, parmesan, salt og pepper til pesto i ei kjøkkenmaskin. Rør inn sitronsaft og-skall.
  4. Ta tomatsausen av plata og avkjøl.
  5. Rør mozzarella og vårlauk i tomatsausen. Smak til med salt og pepper.
  6. Legg lasagneplater og tomatsaus lagvis i ei ildfast form.
  7. Avslutt med eit lag lasagneplater.Fordel pesto og spekeskinke over.
  8. Steik ved 180 grader  i ca 30 min.

Server med godt brød.

IMG_5131

Spaghetti med Sitron, Rømme og Chili!

IMG_5252

Dette er ein man tager hva man haver middag, men den blei så god at den fortjener ein plass på bloggen.

Du treng

  • Spaghetti
  • 1 fedd kvitlauk
  • 1 1/2 gul lauk, finhakka
  • 1 1/2 raudlauk, finhakka
  • ca 2 ss rømme
  • Saft og skal av 1 sitron
  • Mozzarella
  • Parmesan
  1. Kok Spaghetti.
  2. Steik all lauken og chilien til den er mjuk og gylden. Ta panna av varmen, og la lauken bli litt kald.
  3. Rør så inn sitronsaft, sitronskal og rømme. Ha salt og pepper i blandinga.
  4. Rør så kokt spaghetti inn i blandinga. Vend til alt er skikkelig blanda.
  5. Server med revet mozzarella biter og eit dryss parmesan.

IMG_5254

Kylling- og Olivenlasagne

IMG_5126

Denne oppskrifta fann eg i Mat & Vin. Dette er originaloppskrifta, men eg trikser og jukser litt. Den kvite sausen lager eg alltid litt tjukkare enn det som står i oppskrifta for eksempel, og litt meir ost blir det alltid:-). Kyllingen og lauken heiv eg i kjøkkenmaskina og kjørte til eg hadde passelige bitar, kjempelett og kjempefort.

Her er originaloppskrifta:

6 porsjoner

  • 30 gram smør
  • 20 gram mjøl
  • 4 dl melk
  • 2 dl fløte
  • 250 gram cheddarost
  • salt og nykverna pepper
  • 2 raudlauk
  • 4 kyllingfileter
  • 1 bunt persille
  • 1 potte basilikum
  • 5 ss olivenolje
  • 100 gram grøne oliven, utan stein
  • 80 gram soltørka tomat
  • 40 gram pinkjerner
  • 2 dl grønnsaksbuljong
  • 12 lasagneplater
  1. Lag først ostesausen. Varm smøret i ein kasserolle. Tilset mjøl og rør raskt saman. Tilset melk og fløte under omrøring. La det putra i ca 1 min. Trekk kasserollen bort frå plata. Tilset 150 gram ost, smak til med salt og pepper. Set til sides.
  2. Skjær kylling og lauk i små terningar.
  3. Hakk persille og basilikum.
  4. Varm 2 ss olje. Brun kyllingbitar og lauk. Salte og pepre og trekk bort frå plata.
  5. Tilset persille og basilikum.
  6. Bland oliven, tørka tomat, pinkjerner, buljong og 3 ss olivenolje og kjør til pure i ei kjøkkenmaskin.
  7. Rør pureen inn i kyllingblandinga.
  8. Legg lasagneplater, kyllingragu og ostesaus lagvis i ei ildfast form.
  9. Avslutt med ragu og ostesaus.
  10. Fordel resten av osten over det siste laget med lasagneplater
  11. Steik ved 180 grader i den nedre delen av omnen i ca 35min.

IMG_5115 IMG_5116

IMG_5128

IMG_5127

Kjøtfri Mandag – Pasta med ovnsbakt tomat og kvitlauk

IMG_3739

Når ein finn så flotte tomater, bør ein gje dei hovedrolla! På Reindyrka fann eg desse små smaksbombene, og middagen var bestemt når eg drog kortet.

Sjøl om tomater blir best på lav varme i mange timer så var me for sultne. Mem bakte uskrelte kvitlauksfedd ilag med tomatane på 180 grader i 6o min. Når tomatane og kvitlauken er ferdige, klemmer du ut kvitlauksmosen og blanda ilag med tomatane. Server til nylaga pasta!

 

Heimelaga pasta (2 personar)

  • 200gr Sammalt Kveite
  • 2 Egg
  • 1/2 ts Salt

Bland alt ilag til deigen vert smidig, og sett den i kjøleskap i ein time. Så er det berre til å byrja å sveive.

IMG_3734

IMG_3735IMG_3736

 

IMG_3737

IMG_3738

Fredagskos-Pasta Pomodoro!

IMG_3628

 

Fredag betyr anten pizza, risotto eller pasta. Enkelt og greit.

Pasta Pomodoro er ein pastarett fra Italia som inneheldt pasta, olivenolje, ferske tomater,  basilikum og eventuelt andre ferske ingredienser. Pomodoro betyr Tomat på italiensk.  Her er vår versjon!

2 svært sultne personer(eller eventuelt 3 personer)

  • 400 gram spaghetti
  • 2 kvitlauksfedd
  • 1 boks plommetomater
  • 1 ss smør
  • 1 ts kvitvinseddik
  • salt og pepper
  • 1 boks cherrytomat
  • 1 boks plommetomater
  • 2-3 pakker mozzarella ost
  • 1 potte basilikum
  1. Pastaen lager me sjølv, og den lager me grov. Oppskrift her, men du erstatter kveitemjølet med sammalt kveite.
  2. Kok pastaen i salta vatn.
  3. Fres plomme- og cherrytomatene ilag med 1 fedd kvitlauk. Set til sides
  4. Finhakk eit kvitlauksfedd, og ha feddet ilag med ein boks plommetomater. La koka i ca 10 min. Smak til med salt og pepper, og litt eddik.
  5. Bland pasaten med tomatsausen.
  6. Strø over cherry-og plommetomatene, og ha revet mozzarella og fersk basilikum over.
  7. Ferdig!

IMG_3607IMG_3611

IMG_3618

IMG_3619

Og browniesen er på veg inn i ovnen….yum yum!

Husk å kjøpe Strilen avisa imorgon! Ein herlig krema italienar er mditpunktet, løp og kjøpSmilefjes

Blåskjell med Pasta i Fløtesaus!

IMG_2792

Blåskjell er noko av da beste eg veit. Lite slår kvitvinsdampa blåskjell med nybaka foccacia.

Denne gongen serverte me blåskjell med ein liten tvist. Først damper du blåskjella i kvitvin og urter, sånn som her. Husk å finhakk!

Spaghettien laga me sjølv, slik som her. Me brukte sammalt kveite istadenfor kveitemjøl. Smaker mykje meir og mykje betre.

Etter at du har dampa blåskjella, tar du ut blåskjella av panna . Tilset så  fløte oppi panna og lar da surra litt ilag med blåskjellkrafta. Ha oppi kokt spahetti ,  og du har ein nydelig middag.

IMG_2791

IMG_2789IMG_2790

IMG_2785

IMG_2771IMG_2777

IMG_2786IMG_2759

Britten prøver seg

IMG_2757IMG_2758