Kategori: Noko med sjokolade

Salte TRippelnøtter

Sjokolade

Oppskrift funne i Tara smak, måtte jo prøvast. Nam!

  • 100 gram hasselnøtter
  • 1/2 dl sukker
  • 2 ss smør
  • Ei stor klype salt
  • 200 gram mørk sjokolade
  • Havsalt
  • 2 ss kakao
  1. Rist hasselnøtter i ei tørr varm steikepanne.
  2. Smelt sukkeret i ei steikepanne til du har fått ein gyllenbrun karamellkonsistens. Rør raskt inn smør og ei klype salt. (har du aldri smelta sukker før kan du få tips her)
  3. Tilset hasselnøtter i blandinga og rør godt rundt i panna. Pass godt på at du ikkje brenn nøttene.
  4. Ha nøttene over på eit bakepapir og la dei kjølne.
  5. Smelt sjokoladen og hell sjokoladen over nøttene.
  6. Strø over med havsalt,  og sikt over kakao.
  7. Set nøttene i kjøleskapet til alt er stivt.
  8. Nyt!

IMG_6350

God helg!

Sjokolademarengs!

Marengs 1

Nam, nam og atter nam! Seig, deilig sjokolademarengs. Oppskrifta som eg brukar finn ein her.

Første gong eg prøvde å laga sjokolademarengs brukte eg kakaopulver. Da skilte marengsen seg, og eg blei ståande igjen med ei suppe som ikkje var brukandes til ein skit. Denne gongen smelta eg sjokolade og rørte det inn så forsiktig som eg kunne. Sidan eg var redd heile marengsen skulle bli ødelagt, brukte eg restan av sjokoladen på marengsen etter at den var ferdigsteikt.

Marengsbunn:

  • 7 Eggekviter
  • Ei klype salt
  • 4 dl sukker
  • 1 ts maismel
  • 1 ts vaniljesukker
  • 2 ts kvitvinseddik
  • Melkesjokolade
  1. Visp eggekvitene stive med litt salt. Så stive at du kan setja bollen på hovudet.(Visp inn sukker litt etter litt.
  2. Pisk til du får ein tjukk og smidig marengs.
  3. Bland forsiktig i maismel, vaniljesukker og eddik.
  4. Smelt sjokoladen og vend det forsiktig inn i marengsen. Eg brukte ca 4 ss sjokolade før eg ikkje turte meir. Litt om gongen, forsiiiiiiiktig!
  5. Lag små toppar på eit steikebrett med bakepapir.
  6. Steik på 130 grader i omnen i 60 min. La så marengsen stå i omnen i ein time. (Eg lot marengsen stå i omnen til den blei kald)
  7. Pynt med smelta sjokolade.

Marengs

Knask på Staur!

Cake pops

Meir kjent som Cake Pops, men me syns knask på staur er eit mykje kulare navn.

Kort forklart er knask på staur ei kake som blir smuldra opp, blanda med glasur, forma til små kake kuler og dyppa i sjokolade. Desse kakene har stått på lista mi lenge, og endelig fekk eg ånden over meg. Jentekveld nærmer seg og kva er vel meir jentete enn dette?

Desse kake kulene har eg laga ganske store. På grunn av latskap. Men så kom eg på at venninnene mine er ganske stor i kjeften, så då ordne da seg;-)

Etter å ha funne oppskrift hos Mat På Bordet var det berre til å sette igang. Ina har forklart det så godt og med masse fine bileter, så eg skal la ho får stå for forklaringa. Eg har brukt samme kakeoppskrift som Ina, men eg hadde i ein god del meir kakao sidan eg syns at det kan bli veldig søtt. Ellers er det heilt likt!

Og her har eg funne enda ein oppskrift, nemlig hos Manuela. Denne må eg prøva, og visst den blir så frisk og ikkje så søt som Manuela skriv, skal den jammen meg få stå på kakebordet i bryllaupet vårt. No blir det øving!

Cake pops 2

Sjokoladekake med Krem

Kake1

Mektig, Mørk, Mjølfri. Me heier alltid på sjokoladekake.

Oppskrifta har eg sjølvsagt funne hos Nigella, som igjen har funne den hos Richard Sax.

Før du byrjar: Det er meininga at kaka skal synka i hop på midten ved avkjøling. No need for panic. Det er nemlig her kremen kjem inn…

Slik gjer du:

  • 250 gram mørk sjokolade, minst 70%
  • 125 gram usalta smør
  • 6 egg (2 heile og 4 skilte)
  • 175 gram sukker
  • 2 ss cointreau (kan sløyfast)
  • Revet skal av 1 appelsin (kan sløyfast….men ikkje gjer det)
  • 24 cm springform

Kremfyll:

  • 5 dl kremfløte
  • 1 ts vaniljeekstrakt
  • 1 ss cointreau (kan sløyfast)
  • 1/2 kakaopulver
  1. Set omnen på 180 grader.
  2. Kle botnen i springforma med bakepapir.
  3. Smelt sjokoladen i vannbad.
  4. Smelt smøret og bland saman med den smelta sjokoladen.
  5. Pisk 2 heile egg pluss 4 eggeplommer med 75 gram av sukkeret, og tilset forsiktig sjokoladeblandinga, cointreau og appelsinskal.
  6. Pisk 4 eggekviter til skum i ein bolle. Tilset gradvis 100 gram sukker og pisk til kvitane heldt fasongen, men ikkje er for stive.
  7. Vend forsiktig inn den piska eggekviten i sjokoladeblandinga.
  8. Hell røra i ei springform. Steik kaka i 35-40min.
  9. Avkjøl kaka på ei rist. Den vil synka saman når den blir kald.
  10. Når kaka skal serverast har du kaka på eit kakefat.
  11. Pisk kremfløte halvveis, og tilset så cointreau og vanilje;fortset å piska til kremen er nesten stiv.
  12. Fyll kakekrateret med krem.
  13. Dryss litt kakaopulver over kaka.
  14. Nyt!

 

Eg seier som kua i Tine reklamen : Det er nytelse!

Emelie 3

Morten 1

 

 

Kake 2

Neste oppskrift som kjem er griselett lime-iskrem med Per kjeks, som du lagar heilt utan ismaskin.

Nydelig!

Lime Is

Brownies med varm karamell saus!

Brownies

Åhhhhhhh! Nokon gonger er sjokolade medisin! Når du i tillegg blander brownies med varm karamellsaus kan du liksom ikkje kreve meir.

Visst du liker hasselnøtter MÅ du tilsetje det i røra. Himmelsk.

Brownies

3dl sukker

2egg

4ss kakao

1 1/2 dl kveitemjøl

1 1/2 ts vaniljesukker

1 knivsodd salt

100gram smelta smør (kan også bruke olje)

Hasselnøtter, finhakka

1.Bland alt saman

2.150 grader i 50-60 min.

Karamellsaus-Morten spesial

200 gram sukker

1/2- 1 dl vatn

1-2 dl fløte

1.Ta sukker og akkurat nok vatn til at det blir flytande. Kok det til det det får ein mørk, gylden farge. Tar 10-15 min. (full guffe på plata)

2.Hell så fløte oppi kjelen, litt etter litt. Når du er fornøyd med tjukkelsen på sausen,  stopper du å helle fløte i kjelen. Karamellen tjukner litt ekstra når den er avkjølt. (obs, kan plutselig koke over så pass på).

3.Rør rundt til all karamellen er oppløyst i fløten.

Tips: Veldig godt med litt flaksalt.

 Brownies 3

Brownies 2

Biscotti med sjokolade og klementin.

IMG_4209

Jule Biscotti (original oppskrifta har eg funne på Trines Matblogg)

· 200 gram mandler, snitta eller grovt hakka

· 3 eggeplommer

· 250 gram sukker

· 3 ss vaniljesukker (alternativt frøa frå ei vaniljestong)

· 3 eggekviter

· 1 klype salt

· skallet av 1-1,5 sitron

· Skallet av 2 små klementiner

· ca 400 gram kveitemjøl

· 1,5 ts bakepulver

· Ein (stor)  neve hakka melkesjokoladesjokolade. Så masse du vil!

 

1. Rist mandlane forsiktig i en steikepanne.

2.Finn frem ein vid bolle og rør saman eggeplommer, sukker og vaniljesukker med ein håndmiksar eller liknande,  til den blir litt krema.

3.Visp eggekvitane stive med ei klype salt. Vend forsiktig eggekvitane inn i “eggekremen”, litt om gongen.

4.Tilsett mandlar, hakka sjokolade, revet sitron- og klementinskall, og rør deretter sikta kveitemjøl og bakepulver forsiktig inn. Du skal nå ha ein ganske fast deig.

5.Del deigen i 3 emne som du rullar til tjukke pølser som er nesten like lang som steikebrettet ditt er bredt. Legg pølsene på eit bakepapirkledt steikebrett. Form emna slik at de blir ca 2 cm høye og ca 6 cm brede.

6.Steik biscottipølsene ved ca 175 grader i ca 30-35 minuttar, eller til de er passe stekt.

7. Ta dei umiddelbart på eit skjærebrett og skjær ca 2-3 cm brede skiver, på skrå. La biscottiane avkjøles på en bakerist.

 

IMG_4208

Ein mørk draum

IMG_4020

Visst du er glad i mørk sjokolade er dette kaka for deg. Ei mørk og mektig kake som er perfekt til kaffi!

ca 8 stykker

  • 200 gram kjeks med sjokoladebiter
  • 5 ss smelta smør
  • Smelta smør til pensling
  • 3 dl fløte
  • 200 gram mørk sjokolade
  • 2 store egg, romtemperert
  • 1 1/ ts vaniljesukker
  1. Pensl ei mellomstor form (ca 24 cm i diameter) med smør. Knus kjeksen i ei kjøkkenmaskin eller ha den i ein pose og knus med ei kjevle.
  2. Bland den knuste kjeksen med smelta smør, og klem massen jevnt ut i bunnen av og opp langs kanten på forma.
  3. Steik bunnen ved 180 grader i ca 10 min. Avkjøl.
  4. Gje fløten eit lite oppkok. Trekk kasserollen fra varmen og ha sjokoladen i den varme fløten. La stå i ca 5 min. Rør saman til ei jevn blanding.
  5. Visp inn eit egg om gongen og bland i vaniljesukker til slutt. Hell fyllet i formen og steik kaka ved 180 frader i 20-25 min. Avkjøl på rist. Løsn kaka frå formen og løft den forsiktig over på eit fat.

Glasur

  • 50 gram mørk sjokolade, hakka.
  • 2 ss sirup
  • 2ss fløte
  • 2 ss vatn
  1. Ha alle ingrediensane i ein liten kjele.
  2. Varm forsiktig opp over lav varme og rør til glasuren er jevn. Hell den over kaka.

Me pynta i tillegg med høvla meljesjokolade på toppen. Nam nam!

 

IMG_4009

Sunday is Brownies day!

brownies

  • 3 dl sukker
  • 2 egg
  • 4 ss kakao
  • 1 1/2 dl kveitemjøl
  • 1 1/2 ts vaniljesukker
  • 1 knivsodd salt
  • 100 gram smelta smør (kan også bruka olje)

Bland alle ingrediensane saman.

100 gram melkesjokolade smøøøøøres utover og smelter nyyyydelig over browniesen når den fortsatt er varm….oh la la!

150 grader i 50-60min, har me funne ut er best i vår ovn. I originaloppskrifta står det 160grader i 30-40 min, her må ein nesten prøve seg fram.

 

Den perfekte oppskrifta! Det lukter brownies i heile huset!

Brownies med fudge saus!

IMG_3646

Spring på butikken og kjøp ingrediensane, da er jo tross alt laurdag idag!

Grunnoppskrifta finn du her. i tillegg rista me ca 100 gram hasselnøtter midt i ovnen på 175 grader i ca 10 min. Så hakka me opp kvit sjokolade og blanda dette saman med nøttene i brownies røra. Steik på 150 grader midt i ovnen i ca 60 min.

Fudgesaus

  • 2 1/2 dl fløte
  • 200 gram mørk kvalitetsjokolade
  • 1 ts smør
  1. Kok opp fløten og ta kasserollen av plata.
  2. Finhakk sjokoladen og rør den ned i fløten,  ilag med smøret.
  3. La blandinga avkjøle seg, og smør den oppå browniesen.
  4. Pynt med kvit sjokolade og hasselnøtter.
  5. Nam!

IMG_3630

IMG_3634IMG_3635

IMG_3637

IMG_3640

Budino Di Cioccolato

IMG_3139

Jepp, sjokoladekrem! Spesielt godt å duppa sjokolademakroner i. Skal du først ta han heilt ut, så gjer du da med stilSmilefjes som blunker

Oppskrift frå Nigella, sjølvsagt.

IMG_3144

2 1/2 dl heilmjølk

1 1/4 dl kremfløte

60 gram sukker

1 ss maisstivelse

35 g kakao

2 ss kokande vatn

2 eggeplommer

1 ts vaniljeekstrakt

60 gram mørk sjokolade, minst 70%finhakka

  1. Kok opp litt vatn, og varm imens mjølka og fløten i ein kjele.
  2. Ha sukker og maisstivelse i ei anna kjele og sikt inn kakao. Tilset 2 ss kokande vatn og visp det saman til ei tjukk røre.
  3. Visp inn eggeplomme, ein av gongen, etterfulgt av den varme fløtemelka. Rør inn vaniljeekstrakt.
  4. Sett kjelen på svak varme. Visp til det tjukner og konsistensen likner majones.
  5. Ta kjelen av varmen og visp inn den finhakka sjokoladen før du heller kremen i 4 små boller.
  6. Eat it. Best lun.

IMG_3130

IMG_3140

IMG_3145