Emelies Supersunne Pålegg!
Supersunt, supergodt og superlett!
Etter å ha trålt butikken for ein lettare variant av påleggsalat gav eg opp og lagde min egen variant! Du får ingen nøyaktig oppskrift sidan denne blir annleis for kvar gong eg lagar den. her må ein prøva seg fram! Denne gongen blei den slik:
Du treng:
- Kylling, gjerne økologisk. (ferdig steikt sjølvsagt)
- Paprika, gul og raud
- Vårlauk
- 1 fedd kvitlauk
- Purre
- Tyrkisk yoghurt
- Fersk Basilikum
- Salt og pepper
- Bland saman hakka kvitlauk og basilikum med tyrkisk yoghurt. Kor mykje yoghurt du brukar velger du sjølv. Dette justerer du underveis. Det samme gjeldt med kvitlauken og basilikum. Sidan eg elskar begge deler brukar eg mykje!:-)
- Ha så oppi alle dei andre ingrediensane, alt skal vera hakka i små bitar.
- Smak til med salt og pepper. Ferdig!



