Kategori: Kjøt

Emelies Supersunne Pålegg!

Supersunt, supergodt og superlett!

Etter å ha trålt butikken for ein lettare variant av påleggsalat gav eg opp og lagde min egen variant! Du får ingen nøyaktig oppskrift sidan denne blir annleis for kvar gong eg lagar den. her må ein prøva seg fram!   Denne gongen blei den slik:

Du treng:

  • Kylling, gjerne økologisk. (ferdig steikt sjølvsagt)
  • Paprika, gul og raud
  • Vårlauk
  • 1 fedd kvitlauk
  • Purre
  • Tyrkisk yoghurt
  • Fersk Basilikum
  • Salt og pepper

 

  1. Bland saman hakka kvitlauk og basilikum med tyrkisk yoghurt. Kor mykje yoghurt du brukar velger du sjølv. Dette justerer du underveis. Det samme gjeldt med kvitlauken og basilikum. Sidan eg elskar begge deler brukar eg mykje!:-)
  2. Ha så oppi alle dei andre ingrediensane, alt skal vera hakka i små bitar.
  3. Smak til med salt og pepper. Ferdig!

Grateng i ein fei!

Kjøttdeig grateng

Ein grateng heilt utan pasta og potet. Kun grønnsaker og kjøt!

400 g kjøttdeig

2 fedd kvitlauk

1 ss smør, margarin eller olje

1 bk hakka hermetiske tomater

3 ts hakka frisk oregano ELLER:

1 ts tørka oregano

salt og pepper etter smak

2 stk lauk

1 stk squash

4 stk tomat

100 g revet kvitost

 

1.Brun kjøttdeigen i smør i ei panne. Tilsett hakka tomater, oregano, salt, pepper og hakka kvitlauk. La det koka i ca. 10 minutter.

2.Legg kjøttdeigen i ei ildfast form. Skjær løk, squash og tomater i tynne skiver, og legg det taksteinslagt om kverandre over kjøttdeigen. Strø på revet ost.

23.25 grader C i ca. 20 minutter.

Veldig godt attår villris!

(Oppskrift frå Klikk.no)

Kjøttdeig 2

Forslag til helgekos – Tomatlasagne med Sitronpesto og Spekeskinke!

IMG_5119

Enda ei oppskrift frå bladet Mat&Vin.

Eg som er så glad i lasagne må jo prøva alle lasagne oppskrifter eg kjem over. Litt trikising og miksing blir det alltid. Eg brukte meir ost enn det som er i oppskrifta, og eg laga ikkje pestoen så sur. Eg brukte berre saft av 1/2 sitron, og hadde i litt meir parmesan og basilikum. Dette velger du sjøl!

Ca 4 porsjoner

  • 8 ss olivenolje
  • 3 kvitlauksfedd, finhakka
  • 100 gram tomatpure
  • 1 dl tomatjuice
  • 6 tomater, i terninger
  • 60 gram revet parmesan
  • 1 lite potte basilikum
  • 1 potte persille
  • 30 gram pinkjerner
  • salt og nykverna pepper
  • saft og skall frå 1 sitron
  • 3 vårlauk, i tynne skiver
  • 400 gram mozzarellaost, i terningar
  • 100 gram spekeskinke
  • 9-10 lasagneplater
  1. Varm 4 ss olje, ha i kvitlauk og fres den raskt.
  2. Tilset tomatpure, juice og tomater og la den putre i 15 min.
  3. Bland persille, basilikum, pinkjerner, parmesan, salt og pepper til pesto i ei kjøkkenmaskin. Rør inn sitronsaft og-skall.
  4. Ta tomatsausen av plata og avkjøl.
  5. Rør mozzarella og vårlauk i tomatsausen. Smak til med salt og pepper.
  6. Legg lasagneplater og tomatsaus lagvis i ei ildfast form.
  7. Avslutt med eit lag lasagneplater.Fordel pesto og spekeskinke over.
  8. Steik ved 180 grader  i ca 30 min.

Server med godt brød.

IMG_5131

Wok med kjøtboller og syrlig saus.

IMG_5212

Tada! Denne blei jo veldig vellykka om me må sei da sjølv. Ein liten fusion wok.

Me brukte

  • Sukkererter
  • babymais
  • Sopp
  • Raud+gul paprika
  • Brokkoli
  • Kvitlauk, finhakka
  • Raudlauk
  • 1 knoll ingefær, finhakka

1.Alle grønnsakene kutter du i passelig størrelser og woker i små omganger.

2.Saus:

  • 0,5 dl soyasaus
  • saft av 1 lime
  • 1 ss sesamolje
  • 1/2 frisk chili, finhakka

Bland saman alle ingrediensane til sausen.

3. Når alle grønnsakene er ferdig woka, og kjøtollane er ferdig steikte har du alt saman oppi panna.

4. Dryss over anten potetmjøl, eller maismel. Ca 2 ss.

5. Hell så over sausen og rør godt saman.

 

 

 

Oppskrift på kjøtboller finn du her

 

IMG_5208

IMG_5206

Superenkel Middag – Laks i folie med Chorizo, Basilikum og Mozzarella!

IMG_4561

Kjempelett og kjempegodt!

Du treng

  • Laks
  • Chorizo
  • Basilikum
  • Mozzarella
  • Cherrytomater

IMG_4547

  1. Kutt laksen opp i bitar.
  2. Skjær opp chorizoen og tomatane.
  3. Riv mozzarellaen i store bitar.
  4. Riv basilikumen.
  5. Legg alle ingrediensane på aluminiumfolie som du har pensla med litt olje. Bland godt.
  6. Pensl kantana på aluminiumfolien med egg, og “lim” saman folien. Folien kjem til å blåsa seg opp, og ingen smakar unnslepp folien.
  7. Steik i ovnen på 225 grader i 15min.

IMG_4555 IMG_4558

Smaksbombe! Lukter heilt nydelig.

IMG_4559

Kjempegodt til heimalaga spaghetti i helga, kjempegodt til fullkornsris i kvardagen.

IMG_4566

Biff med Sesampoteter!

IMG_4341

Denne oppskrifta blei meir eller mindre til mens me lagde maten, men eg skal prøva å gje ei ryddig og ordentlig oppskrift:-) Neste gong lager me nok litt saus med kokosmelk, me er saus-folk!

2 pers

  • Ca 400 gram kjøtt. ( me brukte mørbrad)
  • 1/2 agurk
  • ein neve cherrytomat
  • 1/2 pose sukkerterter
  • Sopp, ca 2 never
  • 300 gram Mandelpoteter
  • 1 dl Sesamfrø
  • Olje til fritering
  • Ein neve hakka vårlauk

Mariande til Kjøt:

  • 2 fedd kvitlauk
  • 1 dl soyasaus
  • 1 ts sesamolje
  • 1 ss riseddik
  • 1/2 chili, finhakka
  • 1ts raspa ingefær
  • 1dl olje

Bland sammen alle ingrediensane og ha det i ein plastpose med kjøtbiten. Helst mariner over natta.

Tilberedning av kjøt:

Brun kjøtbiten på ei glovarm grillpanne( eller vanlig steikepanne). Ha i ovnen på 250 grader i ca 4-6 min. Husk å la kjøtet kvila før du skjærer det opp.

IMG_4334

Steik soppen ilag med sukkerertene til det er gyldent. Ta plata av varmen og ha i tomater, agurk og vårlauk.

IMG_4335

Poteter:

  • ca 300 gram ferdigkokte mandelpoteter, skrelte
  • 1 dl kveitemjøl
  • 1 egg, sammenpiska
  • 1 dl sesamfrø
  • 1/2 liter olje, solsikke eller rapsolje
  • salt og pepper

Trill poteter i mjøl, dypp dei så i egg og vend dei deretter i sesamfrø. Ha olje i ei gryte og varm opp til ca 180 grader. Steik potetene i 2-3 min til dei er gyldne. Krydre med salt og pepper.

IMG_4340 IMG_4338

Og då har du middagen klar!

IMG_4351

Pizza med Serrano og Parmesan

IMG_3393

Etter å ha fått ein kommentar frå Smakdette innlegget, måtte me jo kleise saman ein skikkelig italiensk pizza.

Me smørte først pizzasaus på bunnen, og steikte den på full guffe til den var gylden på kantane. Deretter la me på serranoskinke, ruccola og reve parmesan. Enkelt og kjempegodt!

-Pizzasaus oppskrift finn du her

-Pizzadeig finn du her

IMG_3392

IMG_3394IMG_3396

Kvitlaukscouscous

IMG_3172

 

IMG_3169

IMG_3170

 

  • 5 dl Kyllingkraft
  • 3 kvitlauksfedd, i tynne skiver
  • 125 gr sukkererter, i bitar
  • 300 gr couscous (me bruker fullkorn varianten)
  • 2 ss olivenolje
  • 2 ss hakka persille

 

  1. Kok opp kyllingkraft med kvitlauk og sukkererter.
  2. Trekk kjelen av varmen og tilsett olje og couscous.
  3. Sett på lokk, og la trekke i 5 min mens couscousen sveller.
  4. Bruk ein gaffel til å røre couscousen luftig, og bland inn persille.

Kjøttbolle oppskrift finn de her

Superenkelt og kjempegodt! Dessutan ein slager i salat. Prøv!

Dela litt pizzaoppskrifter?

IMG_3308

IMG_3297IMG_3298

IMG_3299IMG_3302

IMG_3303

IMG_3306

IMG_2594IMG_2594

IMG_2596IMG_2598

image

image

image

image

Pizza er, i likhet med sushi, noko eg kunne ha ete kvar dag utan å bli lei. Me har laga drøssevis med forskjellige pizzaer i heimen. Me har laga pizza med spekemat, potet, kjøtboller, rista grønnsaker, fetaost, mozzarella, cheddar, parmesan…. lista er lang. Pizza på foccaciabunn, pizza på tortillalefser…. Har du ei knakandes god  pizzaoppskrift du vil dela?Smilefjes