Kategori: Frokost/Lunsj

Emelies Supersunne Pålegg!

Supersunt, supergodt og superlett!

Etter å ha trålt butikken for ein lettare variant av påleggsalat gav eg opp og lagde min egen variant! Du får ingen nøyaktig oppskrift sidan denne blir annleis for kvar gong eg lagar den. her må ein prøva seg fram!   Denne gongen blei den slik:

Du treng:

  • Kylling, gjerne økologisk. (ferdig steikt sjølvsagt)
  • Paprika, gul og raud
  • Vårlauk
  • 1 fedd kvitlauk
  • Purre
  • Tyrkisk yoghurt
  • Fersk Basilikum
  • Salt og pepper

 

  1. Bland saman hakka kvitlauk og basilikum med tyrkisk yoghurt. Kor mykje yoghurt du brukar velger du sjølv. Dette justerer du underveis. Det samme gjeldt med kvitlauken og basilikum. Sidan eg elskar begge deler brukar eg mykje!:-)
  2. Ha så oppi alle dei andre ingrediensane, alt skal vera hakka i små bitar.
  3. Smak til med salt og pepper. Ferdig!

Grøn start på dagen!

IMG_4517

Enda ein smoothie, også funne på Grønn Smoothie.

Mangolime smoothie
1 porsjon
1 mango
1-2 ss avokado (eller banan hvis du vil ha den søtere)
2-3 lime, saften
En Halv agurk
En neve spinat
Isbiter
Litt vann

I tillegg til å ha i litt meir agurk enn i originaloppskrifta hadde eg i 2 ts med ingefær. Eg har nemlig superdilla på ingefær for tida. Dessutan hadde eg i litt appelsin, sidan eg har lest ein plass at jernet i spinaten treng litt hjelp av c-vitaminer for at kroppen skal klara å ta det opp. Lime er full i c-vitamin, men eg hjalp den med ei appelsin:-)

Sidan nokon spurte så grådig fint om eg kunne rekna ut kalorimengden har eg gjort det. Denne oppskrifta blei 1 Liter med smoothie, og cirka 350 kalorier. Altså 175 kalorier i eit glas. Men enda viktigare: eit glas fullt av jern, vitaminer og antioksidanter!

Smoothielicious!

IMG_4508

Eg er alvorlig sunn om dagen. Grønn te, bær, grønnsaker og frukt byrjar snart å tyta ut øyrene mine. At eg har vert sjuk, og har desperat prøvd å bli frisk har jo sjølvsagt ingenting med det å gjera……

Etter å ha surfa etter smoothies oppskrifter på nettet, og prøvd ut mange av dei er det ingen tvil: Smoothies til frokost og kvelds er herved innført!

Førstemann ut er Bringebærsmoothie, funnen på den fantastiske sida Grønn Smoothie! 

Litt forandring på oppskrifta blei gjort.

Bringepæresmoothie
2 Porsjoner
3 dl frosne bringebær
2 små pærer (skrell bort eventuelt seigt skall)
2-3 blader Hjertesalat

4 ss JA Yoghurt

1 dl Biola med Bringebærsmak

1 ts ingefær

Sitronmelisse

1 Banan

1 ss Splenda

Litt Vatn

 

IMG_4507

IMG_4514

Imorgon er det ein grøn smoothie på menyen. Mums!

Speltpizza med Kylling, Spinat og Ricotta

IMG_3379

Når eg finn ei pizzaoppskrift i eit treningsblad, må jo pizzaen vera fabelaktig sunn?Og eg skal vera dønn ærlig og sei at einaste grunnen til at eg åpna bladet,  var på grunn av oppskriftene. Uansett, dette er ei oppskrift eg nappa ut av Fit bladet,der det står med utheva stor skrift ”Speltmel både smaker og metter mer enn vanlig hvetemel”. Godt nok for meg! Og alle veit jo kor sunn kylling og spinat er. No veit du det ihvertfall.

Oppskrifta var litt kranglete, deigen var ikkje så veldig samarbeidsvillig. Men etter å ha krangla ferdig,  satt me igjen med ein riktig så god, sunn pizza!

Deig

  • 90 gram speltmjøl
  • 30 gram maismjøl
  • 1 1/2 dl vatn
  • 15 gram gjær

Fyll

  • 1 kyllingfilet(Me brukte 2)
  • 400 gram fersk spinat
  • 1/2 raudlauk
  • 1/2 raud paprika
  • 1 dl ricottaost
  • Fersk basilikum
  • Salt og pepper
  1. Bland deigen i ei skål og elt den til den er smidig. Er den for klissete bruker du litt kveitemjøl. La den heva i ca 40min.
  2. Skjær ferdigsteikt kyllingbryst i avlange strimler. (du kan sjølvsagt steike kyllingen i strimler, mens me syns kyllingen blir betre når me steiker den som heile bryst)
  3. Skyll spinaten og steik den i ei panne i ca 1min. (Her sparte me på kyllingsafta i panna og steikte spinaten i den)
  4. Hakk raudlauken og paprikaen i små biter. Hakk basilikumen i små biter.
  5. Ta deigen ut av bollen og kjevl ut til ein rund deig.
  6. Fordel ricottaost i bunnen.
  7. Legg på spinat, kylling, raudlauk, paprika og basilikum.
  8. Krydre med salt og pepper og ta nokre dråper olivenolje over.
  9. Steik pizzaen i 30 min ved 190 grader.
  10. Server varm eller kald-til frokost eller som snacks.

 

IMG_3385

Neste gong gjer me nok litt endringer. Litt tips til dykkSmilefjes

-Salter ricottaosten, den smakte nemlig ikkje så veldig mykje. Kanskje blande i kvitlauk, salt og pepper i osten,  før me smører den på pizzaen.

-Steike kyllingen saman med litt chili

-Helle over litt kvitlauksolje rett før pizzaen serveres

(For å spara Lindåsfolk for litt arbeid; Etter å ha besøkt både Spar, Kiwi og Rema,  fann me endelig ricottaost på Safari)

IMG_3387IMG_3388

IMG_3389IMG_3390

Superfrokost-American Pancakes!

IMG_3316

God morgen(dag)!

Idag fleska me til med ein kjempefeit frokost. Pannekaker med rørte blåbær, sukker, sirup og honning! Og sjølvsagt kaffi.

Da har vert litt dødt på bloggfronten, men universitetet begynte med eit smell i år. Da gjer da kvart år når eg tenker meg om….men bøkene er lest, innlegget er sendt inn ,og er i avisa idag. Løpp og kjøp strilen!Og les mens du et feite amerikanske pannekaker..

Ca 8 stk

  • 3 1/2 dl kveitemjøl
  • 2 ts bakepulver
  • 1/2 ts salt
  • 2 ss sukker
  • 2 ts vaniljesukker
  • Skal av 1 sitron
  • 2 ss smør
  • 2 1/2 dl mjølk
  • 1 egg
  1. Bland kveitemjøl, bakepulver, salt, sukker, vaniljesukker og sitronskal i ein bolle.
  2. Smelt smøret, visp saman med mjølk og egg.
  3. Rør saman det tørre med det våte.
  4. Steik dei i ei panne med smør til dei er gyldne.
  5. Server med syltetøy, sukker eller sirup. Eller altSmilefjes

IMG_3314IMG_3317

IMG_3320

IMG_3318

IMG_3321

Karbohydrathimmel-Nanbrød!

IMG_0993

Neste gong du skal ha nanbrød til middag, MÅ du laga da sjølv. Herre land så godt!

Me dyppa da i thaigryta, åt da til frokost med ost og kalkunskinke, og ikkje minst, laga Nanpizza! Da bruker du nanbrødet som deig(ferdig steikt nanbrød), smøre på pizzasaus, har på ønska fyll og inn i ovnen til fyllet er gyldent. Nydelig.

Utan å nevna navn var da nokon som åt seg rett på sofaen…

IMG_0998

Oppskrifta fann me på Klikk.no. Prøv!

Tips til betre knekkebrød!

IMG_0943

IMG_0949IMG_0948

Knekkebrød oppskrift finn du her.

Så kjem trikset: Kvelden før du skal laga knekkebrød , blandar du saman vatn og linfrø. Dagen etterpå er blandinga heilt oljete, og klar til bruk! Da får ein enda betre knekkebrødSmilefjes

Blautlagte linfrø har vert veldig populært mot forstoppelse og treig mage, og den er i tillegg full av kostfiber og omega 3-fettsyrer. Konklusjonen er: Lag dine egne knekkebrød!

(Mattilsynet anbefaler 1-2 ss for dagen, for mykje kan faktisk vera skadelig)

IMG_0954

IMG_0962

IMG_0956

Påskefrokost-Byggmjølsbrød og fyllte egg!

IMG_0733

IMG_0745

 

Oppskrift Byggmjølsbrød, 3 brød:

  • 9 dl vatn, 37 grader
  • 900 gram byggmjøl
  • 50 gram rapsolje+litt ekstra til smøring av former
  • 4 ss mørk sirup
  • 700 gram kveitemjøl
  • 2 ts salt
  • 1 pose tørrgjær
  1. Rør byggmjølet ut i 5 dl av vatnet, og la da stå i 30 min
  2. Rør inn resten av vatnet, olja og sirupen.
  3. Tilset kveitemjøl som er blanda tilsamans med gjæren, og elt deigen godt saman.
  4. La den stå lunt og tildekka i 45 min.
  5. Smør 3 former  godt med olje og dryss med byggmjøl eller bruk 3 kurver.
  6. Arbeid deigen saman, og del den i 3 like store delar.
  7. Form avlange eller runde brød som legges i former, eller i korger for å få fint mønster(eg brukte ein kniv og skar mønster)
  8. La brødet heva i ein time.
  9. Brød i korg, hvelves over på ei steikeplate dekka med bakepapir.Former settes rett på steikeplaten
  10. Steik brøda på nederste rille ved 220grader i ca 40 min.
  11. Avkjøl på rist.

IMG_0741

Oppskrifta fann eg i bladet Mat og VIn, og da var kjempegodt! Tjukk sprø skorpe, nam namSmilefjes

Eg halverte oppskrifta og laga meg eit stort, rundt brød.

IMG_0739

Fyllte egg:

  • 4 egg
  • 1 boks anjos
  • 1 ss hakka persille
  • 1 ss majones

eller:

  • 4 egg
  • laksekaviar
  • 1/2 raudlauk
  • 1 ss rømme
  • Hakka vårlauk
  • salt og pepper
  1. Kok egga til dei er akkurat hardkokte, og la dei kvila i nokre min.
  2. Kakk forsiktig av toppen, og ta ut innmaten.
  3. Hakk egget, og bland tilsaman med dei ingrediensane du velger.
  4. Fyll skala med med eggeblandinga, og pynt med anjos og vårlauk.

 

IMG_0746

God frokostSmilefjes