Første lys er tent, me har baka og pakka inn julepresangane. Alt dette dagen derpå:-)
Har me nevnt at me kjøpte alle julepresangane første veka i november?Ny rekord!Me er DONE.
Og så har me baka knallgode sitronkjeks idag.
- 170gram smør, romtemperert
- 125gram melis
- Frø frå 1 vaniljestang
- Finreve skall av 1 sitron
- 2ss sitronsaft
- 220 gram mjøl
- 2ss maizena
- 1 ts salt
- Melis
Pisk saman smør og melis til det er kvitt og luftig. Tilset vanilje, sitronskall og –saft og pisk godt. Bland saman mjøl, maizena og salt. Rør det sammen med smørblandinga til det er akkurat blandet. Rull deigen til ei pølsa, pakk det inn i bakepapir og ha den i kjøleskapet i 60 min.
Skjær pølsa i runde skiver, ca 6mm tjukke. Legg kjeksene på eit brett med bakepapir og steik i ovnen 180grader i 12-15min, eller til dei er gyldne.
Ha kjeksene i ein brødpose med melis, mens dei fortsatt er varme.Rist godt slik at kjeksene blir dekka med melis.
Kjempegode til kakao:-)
Imorgon får de oppskrift på desse rakkerne, sitronboller:
Og så lurer me på kva din favoritt julegodis er… og om me kan få oppskrift?:-)