
Har de forresten kjøpt Strilen avisa idag? Der er da to flotte tryner på trykk. Me ser at me har vert ganske strenge med poenga våre, men sånn blir da vel når ein har overflod av sjokolade
No over til ei oppskrift eg har holdt for meg sjøl, ganske bevisst. Men eg innser at som matbloggar, så kan ein jo ikkje akkurat holda oppskrifer hemmelige.
Du trur kanskje at du har smakt verdens beste boller? Feil! For du har ikkje smakt mine

Oppskrifta har eg hatt sidan eg var 20 år. Kor eg fann ho klarer eg på ingen måte å huska. Men denne oppskrifta er benkers, gode boller kvar gong!

- 100 gram smør
- 5 dl melk
- 1 pakke gjær
- 1ts kardemomme
- 1 dl sukker
- 750 gram kveitemjøl
- Smelt smøret, og varm opp melka til 37 grader.
- Hell smøret oppi melka, og sjekk at blandinga ikkje er for varm.
- Hell over smør+melk i ein bolle og tilsett gjær. Visp inn gjæren
- Ha i sukker og kardemomme og visp inn.
- Hell oppi litt og litt kveitemjøl mens du visper. Når deigen blir passe klissete legg eg frå meg vispen og bruker henda
- Avslutt når du har fått ein fast og fin deig.Kna for harde livet!
- La deigen stå til heving i 45-60min.




8. Når deigen er ferdig å heva knar du deigen enda meir!




Kjevle ut deigen og pensle på eit tynt lag med smør. Visst ein har for mykje smør blir bollane harde, berre spør Morten.
Så drysser ein sukker og kanel over. Ikkje sjener deg, hell på!


Rull lefsa til ei stor pølse. Trykk mens du ruller slik at du ikkje får “lause” ringer.





Etterhevev bollane i 30-45 min. Strø over brunt perlesukker.
Steik dei på 240grader i 8-12 min.
Når eg lager desse bollane, dobler eg oppskrifta. Sidan bollane mine er ein smule svære(!), skrur eg ned temperaturen til 200 grader og steiker dei i 15-20 min!


Imorgon kjem da oppskrift på desse, påskesnurrer!

Samme deigoppskrift, men du må i tillegg kjøpa:


