Kategori: Bakverk
Fantastiske deilige nydelige Brunsvidde!
Denne oppskrifta har me funne i Morten Schakenda si fantastiske bok. Me har laga både brød og diverse andre godsaker, men akkurat denne bollen gav oss bakoversveis. Må lagast! Og du må ha kjøkkenmaskin…. kanskje du kan låna hos naboen visst du ikkje har?:-)
- 1kg kveitemjøl
- 150 gram sukker
- 15 gram salt
- 1-2 ss kardemomme
- 1 pakke tørrgjær/50 gram gjær
- 1/2 liter H-mjølk
- 150 gram smør
- 1 stort egg
Sukker-og Smørblanding
- 125 gram smør
- 125 gram brunt sukker
Slik gjer du:
- Ha alle ingrediensane unntatt smøret og egget i ein eltebolle, elt i 15min på sakte fart til deigen slepp eltebollen.
- Tilset smør i små terningar.
- Elt deigen til den slepp kantane på bollen og alt smøret er elta godt inn, ca 15 min.
- Legg deigen i ein egna bolle, dekk med plast og la den heva til dobbel størrelse.(2-3timar)
- Del deigen i emner på ca 100 gram, form til små bollar og set dei på eit melet underlag.
- Dekk med plast og la dei heva i ca 1 time i romtemperatur.
- Så stikk du fingrane ned i kvar bolle, strekk forsiktig slik at du lager ei fordjupning, samtidig som du strekk bollane i i ei litt avlang form. Tenk deg at dei skal sjå ut som små gummibåtar.
- Legg bollane på eit steikebrett med bakepapir. Set dei så tett at dei nesten vil heva saman, dekk med plastfolie, og set til heving i ein halv time.
- Strekk fordjupningane ein gong til, og fyll med sukker-og smørblandinga. Ca 25 gram i kvar.
- La bollane heva til dobbe størrelse, pensl med sammenvispa egg, og steik dei gyldne ved ca 175 grader i 15-20 min.
- Pass på at dei ikkje blir stekt for lenge, då kan dei lett bli tørre. Brekk dei frå kverandre ved servering.
- NYT!
Biscotti med sjokolade og klementin.
Jule Biscotti (original oppskrifta har eg funne på Trines Matblogg)
· 200 gram mandler, snitta eller grovt hakka
· 3 eggeplommer
· 250 gram sukker
· 3 ss vaniljesukker (alternativt frøa frå ei vaniljestong)
· 3 eggekviter
· 1 klype salt
· skallet av 1-1,5 sitron
· Skallet av 2 små klementiner
· ca 400 gram kveitemjøl
· 1,5 ts bakepulver
· Ein (stor) neve hakka melkesjokoladesjokolade. Så masse du vil!
1. Rist mandlane forsiktig i en steikepanne.
2.Finn frem ein vid bolle og rør saman eggeplommer, sukker og vaniljesukker med ein håndmiksar eller liknande, til den blir litt krema.
3.Visp eggekvitane stive med ei klype salt. Vend forsiktig eggekvitane inn i “eggekremen”, litt om gongen.
4.Tilsett mandlar, hakka sjokolade, revet sitron- og klementinskall, og rør deretter sikta kveitemjøl og bakepulver forsiktig inn. Du skal nå ha ein ganske fast deig.
5.Del deigen i 3 emne som du rullar til tjukke pølser som er nesten like lang som steikebrettet ditt er bredt. Legg pølsene på eit bakepapirkledt steikebrett. Form emna slik at de blir ca 2 cm høye og ca 6 cm brede.
6.Steik biscottipølsene ved ca 175 grader i ca 30-35 minuttar, eller til de er passe stekt.
7. Ta dei umiddelbart på eit skjærebrett og skjær ca 2-3 cm brede skiver, på skrå. La biscottiane avkjøles på en bakerist.
Mammas Brune Pinner!
Ingen jul utan brune pinner! Den ultimate julebaksten med ein fantastisk duft.
- 150 gram mjukt smør
- 200 gram sukker
- 2 eggeplommer
- 1 ss lys sirup
- 1/2 ts kanel
- 1 ts vaniljesukker
- 1 ts natron
- 300 gram kveitemjøl
- 1 egg til pensling
- Perlesukker
- Hakka mandler
- Rør smør og sukker kvitt.
- Tilset dei øvre ingrediensane, og elt saman deigen.
- Del deigen i 4 og rull den ut som pølser
- Deigen er ikkje lett å jobba med, men fortvil ikkje, då er den “riktig”.
- Legg pølsene på ei bakeplate dekka med bakepapir.
- Klem ut pølsene med knytteneven frå midten og ut på sidene.
- Pensl med sammenpiska egg, og strø på hakka mandler og perlesukker.
- Steik på 175 grader midt i ovnen i 10-12 min.
- Skjær stengene på skrå med ein gong dei kjem ut av ovnen.
- Avkjøl på rist.
Me har laga melkesjokoladebiscotti med klementin og sitron. Oppskrift kjem!
Julebrød
Kaloribombe brødet mitt er herved omdøpt til julebrød. Kva er vel jula utan massive kaloribomber? Kanskje ikkje typiske jule ingrediensar, men så har eg heller aldri brydd med med sånne små detaljer. Så lenge smaken er god!
Brød med friske urter, fetaost, oliven, soltørka tomat og cheddar!
til 1 brød:
- 210 gram kveitemjøl
- 2 ts bakepulver
- 1/2 ts salt
- 4 egg, romtempererte
- 0,6 dl olje
- 120 gram matyoghurt
- Fersk timian eller bladpersille, finhakka
- 150 gram fetaost, smuldra
- 50 gram cheddar, revet
- 100 soltørka tomat i olje
- 40 gram oliven utan stein
Framgangsmåte:
- Bland saman kveitemjøl, bakepulver og salt.
- Visp saman egg, olje, matyoghurt, og urter i ein anna bolle
- smuldre opp fetaosten, riv cheddaren, hakk opp soltørka tomat og oliven
Lag ein fordjupning i midten av melet og rør forsiktig inn eggblandinga. Ikkje rør for mykje, men akkurat nok til at ingrediensane blir blanda. Vend inn feta, cheddar, soltørka tomat og oliven i blandinga.
Smør inn ei brødform med olje, og legg bakepapir i bunnen av forma.
Ha i blandinga i brødformen og steik på 180 grader i 50-60 min.
Brødet heldt seg godt visst du pakker det godt inn i plast og oppbevarer det i romtemperatur. Eit perfekt brød til julefrokosten.
Søndag=Skillingsboller!
Superfrokost-American Pancakes!
God morgen(dag)!
Idag fleska me til med ein kjempefeit frokost. Pannekaker med rørte blåbær, sukker, sirup og honning! Og sjølvsagt kaffi.
Da har vert litt dødt på bloggfronten, men universitetet begynte med eit smell i år. Da gjer da kvart år når eg tenker meg om….men bøkene er lest, innlegget er sendt inn ,og er i avisa idag. Løpp og kjøp strilen!Og les mens du et feite amerikanske pannekaker..
Ca 8 stk
- 3 1/2 dl kveitemjøl
- 2 ts bakepulver
- 1/2 ts salt
- 2 ss sukker
- 2 ts vaniljesukker
- Skal av 1 sitron
- 2 ss smør
- 2 1/2 dl mjølk
- 1 egg
- Bland kveitemjøl, bakepulver, salt, sukker, vaniljesukker og sitronskal i ein bolle.
- Smelt smøret, visp saman med mjølk og egg.
- Rør saman det tørre med det våte.
- Steik dei i ei panne med smør til dei er gyldne.
- Server med syltetøy, sukker eller sirup. Eller alt

Søndagskos- Ostekake med Kirsebær!
Eg og Britt(katten) hadde ein særdeles bedagelig kveld foran tven, når sjølvaste Nigella bestemte seg for å poppa fram på skjermen. Så etter å ha sett dama trylle fram ei fantastisk kake fann, eg fram kokeboka hennar og satte igang. Ei kjempeenkel og bedagelig oppskrift.
- 125 gram Digestive kjeks
- 75 gram mjukt smør
- 300 gram kremost
- 60 gram melis
- 1 ts vaniljeekstrakt
- 1/2 ts sitronsaft
- 2 1/2 dl kremfløte
- Kirsebærkompott og friske kirsebær til pynt.
- Kjør kjeksen i matprosessor til den byrjar å smule, tilset smøret og kjør igjen til massen klumpar seg.
- Trykk kjeksmassen ned i ei 20cm springform, og la det bli ein liten kant opopver sidene.
- Visp kremost, melis, vaniljeekstrakt og sitronsaft glatt i ein bolle.
- Pisk fløten halvstiv og fold den inn i ostemassen.
- Fordel fyllet utover kjeksbunnen og glatt den ut med ein slikkepott. Set kaka i kjøleskapet i 3 timer eller over natta.
- Når ostekaka skal serverast, løsner du den frå formen, skyv den over på eit kakefat og pynt med kirsebær!
Vidunderlige Pavlova!
Eg har eit veldig spesielt forhold til Pavlova. Pavlova var faktisk da første me blogga. Da vil sei at me annonserte at me skulle laga kaka. Oppskrifta den lot vente på seg. I over 2 år faktisk… ein liten skandale.
Eg ELSKER pavlova! Kombinasjonen av seig marengs, den deilige vaniljekremen og dei syrlige bæra er i mitt hovudet ein liten sensasjon. Store ord, men eg meinar kvart volumøse ord!
Pavlova kaka er oppkalt etter den russisk ballettdanseren, Anna Pavlova. Opphavet til kaka krangler visstnok Australia og New Zealand om. Det får dei berre gjera, mens me lager Pavlova kake!
Eg har hatt mangen pavlova prosjekt denne sommaren. Men etter at kaka er blitt pynta forsvinn den på mystisk vis før eg får summa meg til å ta bilete. .
Marengsbunn:
- 7 Eggekviter
- Ei klype salt
- 4 dl sukker
- 1 ts maismel
- 1 ts vaniljesukker
- 2 ts kvitvinseddik
- Visp eggekvitene stive med litt salt. Så stive at du kan setja bollen på hovudet.(Eg har så glatt bolle at heile klumpen hadde seilt ut, men de skjønner vel kva eg meinar?

- Visp inn sukker litt etter litt.
- Pisk til du får ein tjukk og smidig marengs. (Da står i oppskrifta at du skal vispa i 20 min, men da har eg aldri gjort. Er jo ein eeeeevighet! Eg visper til den er blank og tjukk, ca 10min.)
- Bland forsiktig i maismel, vaniljesukker og eddik.(Her og bryt eg litt reglar…. Eg visper inn dei siste ingrediensane. Vanskelig å vispa “forsiktig”)
- Tegn opp ein sirkel på ca 25 cm i diameter.
- Fordel marengsen utover sirkelen, og lag eit lite “rede” på toppen. (Eg heldt meg bittelitt ifrå streken, eg er veldig glad i høge kaker)
- For å få ein fin form på marengsen, pleier eg å ta slikkepotten og dra nedenfrå og opp.
- Forvarm ovnen til 250 grader. Skru ovnen ned til 100 grader, og plasser marengsen på nederste rille i ovnen.
- Steik i 60-90 min. Visst ein har ein flat marengs heldt da med ein time, visst du har ein svær klump som eg opererer med, må ein berekna litt lengre steiketid.
- Husk at alle boller og redskaper du bruke er heilt reine
- Marengsen kan du laga nokre dagar i forveien, men etter at du har pynta kaka bør ho fortærast innan samme dag.
- Ikkje skipp eddiken. Eddik er med på å bidra til at du får den litt seige konsistensen i midten.
Så er det tid for topping. Her fann eg ei kjempeenkel og kjempegod oppskrift på eggekrem, og ikkje minst steg for steg oppskrift av korleis du lager pavlova visst du aldri har laga marengs før.
Fyll:
5 dl krem
5 dl vaniljekrem
Masse friske bær
Bland vispa krem saman med vaniljekremen og ha oppå kaka. Pynt med masse friske bær. Me pynta med sjølvplukka blåbær, og ikkje fullt så sjølvplukka rips.
Lykke til og God helg!
Ciao Tortano! Og min første avisartikkel!
No skal eg læra dykk å laga Tortano!
Tortano er eit rundt brød frå Italia. Originalen blir vanligvis fyllt med kokte egg, men her er da fritt fram! Tortano oppdaga eg i ein av Leila Lindholms kokebøker og fallt pladask. Ho hadde 9 forskjellige oppsrifter på Tortano, med alt frå mozzarella, fetaost, oliven, geitost, honning, rista grønnsaker og så vidare. Her har dykk min variant:
Tortanodeig:
- 15 gram fersk gjær
- 3 dl lunka vatn
- 1ss honning
- 2ss olivenolje
- 1 ts salt
- 2 1/2 dl durumkveite
- 4 dl kveitemjøl
- Smuldre gjæren i ei skål ilag med vatn, olje, honning og salt.
- Bland i durumkveiten og tilset så kveitemjøl litt etter litt, til du har ein fast og fin deig.
- Hev deigen i 40min.
- Trykk ut deigen til eit rektangel, cirka 1 cm tjukk.
- Fyll brødet med da du liker best!
- Pensl kanten av deigen med vatn, og rull deigen saman. Form til ein krans.
- Set ovnen på 250 grader.
- Legg kransen på eit steikebrett med bakepapir, og etterhev i ca 30min.
- Ha kransen i midten av ovnen, og senk varmen til 200 grader. Steik brødet i ca 30min, til da er gyldent.
- Ferdig!
Mitt fyll:
Eg smurte først deigen inn med raud tomatpesto. Så brukte eg brie ost, Camembert, mozzarella, pepperoni, soltørka tomat, fersk basilikum og graslauk, for så å avslutta med eit dryss med parmesan. I tillegg dryssa eg over sesamfrø, og gresskarkjerner på toppen av kransen. NAM!
Perfekt festmat!
Tortanoen min gjorde seg på da “beskjedne” grillbordet til Benedikte og Åsmund.
På Laurdag som var, kom min første avisartikkel i Strilen. Da må ein få lov til å vera litt stolt! Sneik meg fram på forsida gjorde eg og.
Strilen ilag med dei flotte blomane eg fekk av svigers![]()
No skal bloggen bli eit enkeltmannsforetak faktisk! Takke vera alle våre fantastiske trufaste lesara. Tusen hjertelig takk![]()
