Søndag. Dagen derpå. Svolten. Bilen vil ikkje starta. Sur&svolten.
Ei kort oppsummering av historien bak denne heimemekka kebaben. Den blei laga av det som var tilgjengelig i huset.
Du treng
Agurk
Tomat
Rødløk
Tyrkisk yoghurt
Yoghurt naturell
Kvitlauk
Chorizo
Entrecot
Kikerter
-Dressing:Press eit fedd med kvitlauk og bland det i saman med litt tykisk yoghurt. Spe med litt yoghurt naturell for å få den litt tynnare i konsistensen. Ha i salt og pepper og bland godt saman.
-Skjær chorizo, biff, raudlauk og kvitlauk i bitar, og steik i omgonger i ei varm panne.
-Surr kikerter ilag heilt på slutten, og bland alt saman.
-Krydre kjøtblandinga med chilikrydder, spisskumin og paprikapulver. Hell oppi bittelitt vatn og la det koka inn.
Lag tortillalefser:
Heimelaga tortillalefser.
- 250 gram kveitemjøl
- 1/2 TS salt
- 3 SS Maisolje
- 1dl lunka vatn
- bland mjøl, salt og olje godt før du blandar i vatnet og kna deigen i 2-3min.
- del opp i 8 bitar og sett under plastfolie i 30min.
- kjevl ut til tynne lefser ca20-25cm diameter.
- steik på glovarm,tørr panne i ca 1min på kvar side.
- hold dei varm i eit klede før servering så dei mjuknar litt.
Legg hakka agurk , raudlauk og tomat på ei lefse. Ha så over kjøt – og kikertblandinga, og ta ein dæsj med yoghurtdressing på toppen. Voila! You have a kebab!
Me veit at bloggen er ganske stille for tida, men her kan eg og oppsummera kort kvifor: Dårlig tid. Ødelagt kamera. Likar ikkje dårlige bilete på bloggen.Alt for mørkt på kveldane, ergo dårlig lys = enda dårligare bilete.
Til og med Britt reagerer, og true med å ta saken i eigne hender
Men me skal kjøpa nytt kamera, og snart kjem lysare tider!
Ha ein fortsatt fin søndag!